Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, Kikkhullskirurgi

Laparoskopi

Laparoskopi er ei kikhòlsundersøking av organ i bukhola. Teknikken blir også brukt som operasjonsmetode ved sjukdommar i magen. Til dømes kan vi bruke laparoskopi for å fjerne graviditet utanfor livmora, operere eller fjerne galleblæra, eggleiarar, eggstokkar, cystar, brokk, muskelknutar eller livmora.

Laparoskopisk teknikk blir også brukt i blindtarmsoperasjonar, galleoperasjonar, fedmeoperasjonar og mange av andre typar inngrep i bukhòla.

Fordelane med laparoskopisk kirurgi, samanlikna med ein vanleg operasjon i buken, er:

  • mindre arr på magen
  • mindre smerter
  • du rehabiliterer raskare, noko som fører til kortare tid med sjukmelding.
  • mindre risiko for at arrvev klistrar seg mellom organ og dannar stramme band i bukhòla (samanvoksingar).

Ein laparoskopi-operasjon kan vare alt frå femten minutt til fleire timar. Det kjem an på kva som blir operert.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som må tilvise deg, og overlege ved aktuell avdeling på sjukehuset som vurderer tilvisinga innan 5 dagar. Nasjonale retningslinjer, saman med legens individuelle vurdering, avgjer eventuell ventetid.

Før

Ta gjerne på deg eller med deg mjuke/lause klede som du kan bruke etter operasjonen.

Hugs at du må planleggje heimturen frå sjukehuset sidan du ikkje kan køyre bil heim sjølv.

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. 

Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

Under

Du får som regel full narkose under inngrepet. Urinblæra blir vanlegvis tømd. Dette hjelper vi deg med.

Kikhòlsundersøking

Vi lagar eit lite (10 mm) snitt i navlen og fyller bukhola med gass. Laparoskopet, som er eit tynt røyr eller ein slags «kikkert» med videotilkopling, blir ført inn gjennom snittet i navlen. Via ein TV-skjerm undersøkjer vi organa i bukhola.

Kikhòlsoperasjon

Når vi skal operere, treng vi som regel fleire hjelpeinstrument. Då lagar vi to–tre små snitt (5 mm) nedanfor og til sida for navlen. Vi fører laparoskopet inn gjennom det navlesnittet og hjelpeinstrumenta gjennom dei andre snitta.

Dersom det oppstår vanskar med å gjennomføre operasjonen laparoskopisk, må vi gjennomføre open operasjon (snitt i buken).

Etter

Etter operasjonen blir du liggjande på overvakingsavdelinga til narkosen er gått ut. Mange får reise heim same dag, men for somme er det nødvendig å bli på avdelinga éin til to dagar til.

Eigenmelding på inntil tre dagar er som regel nok. Ved behov får du sjukmelding på éin til to veker.

Før du reiser heim, får du beskjed om resultatet av operasjonen. Vi tilrår at du noterer deg namnet på legen som utførte inngrepet, dersom det er behov for vidare kontakt med sjukehuset etter operasjonen.

Du bør ikkje vere åleine det første døgnet etter operasjonen.

Etter operasjonen kan du som regel drikke og ete forsiktig, så lenge du ikkje kjenner deg kvalm. Du bør unngå alkohol.

Du kan ikkje køyre bil det første døgnet.

Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåsen i magen og eventuelt ha vondt i skuldrene. Dette kjem av irritasjon frå gassen i bukhola og kan oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande tablettar.

Sjølv om du kan ha auka behov for kvile i tida etter ein laparoskopi, bør du komme i gang med dei vanlege daglege aktivitetane dine så snart som mogleg. Avhengig av type inngrep vil det vere nødvendig å avgrense tung fysisk aktivitet som belastar bukveggen og bekkenbotnen ei stund. Snakk med legen din om dette.

Samleie kan du ta opp att to til sju dagar etter inngrepet. Har du fjerna heile livmora, skal du unngå samleie dei første 12 vekene etter inngrepet.  

Eigenmelding på inntil 3 dagar er som oftast nok. Ved behov, vil du ved heimreise få sjukemelding (meir enn 7-10 dagar er sjeldan nødvendig).

Såra på magen er sydde med tråd som løyser seg opp sjølv. Stinga er dekte med hudplaster. Du kan dusje, men det er viktig at du held plasteret tørt. Når såra er tørre, kan du fjerne plasteret heilt, vanlegvis etter to til fem dagar. Ein eventuelt synleg knutetråd som klør kan du klippe bort. Om såra væskar, må du reinse med vatn eller vanleg reinsevæske.

Dersom det blir sendt materiale til mikroskopisk undersøking, får du svar på funna der etter tre til fire veker. Du blir kontakta direkte frå sjukehuset dersom det er behov for vidare undersøking eller behandling.

Ver merksam

Under eller etter inngrepet kan det i sjeldne tilfelle oppstå blødingar eller infeksjonar.

Ta kontakt med sjukehuset om du får:

  • uvanleg bløding frå skjeden
  • tiltakande magesmerter
  • uforklarleg feber
  • andre uforklarlege smerter eller ubehag

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september begynte vi innflyttinga i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, vil bli merka. Her finn du føde, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I begynnelsen av oktober flyttar kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.

Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje.

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.