Behandling, Kikkhullskirurgi
Laparoskopi
Laparoskopi er ei kikholsundersøking av organ i bukhola. Laparoskopi blir også brukt som operasjonsmetode ved sjukdommar i magen. For eksempel for å fjerne graviditet utanfor livmora, operere eller fjerne mellom anna galleblæra, eggleiarar, eggstokkar, cystar, brokk eller muskelknutar, og i blant også for å fjerne livmora. Teknikken blir også brukt ved blindtarmoperasjonar, galleoperasjonar, fedmeoperasjonar og ei rekke andre typar inngrep i bukhola.
Fordelane med laparoskopisk kirurgi samanlikna med ein vanleg bukoperasjon, er mindre arr på magen, mindre smerter, raskare mobilisering og derav kortare sjukemeldingstid - og ikkje minst mindre risiko for samanveksingar.
Avhengig av kva vi skal behandle varar ein laparoskopioperasjon frå 5 minutt til fleire timar.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som må tilvise deg, og overlege ved aktuell avdeling på sjukehuset som vurderer tilvisinga innan 5 dagar. Nasjonale retningslinjer, saman med legens individuelle vurdering, avgjer eventuell ventetid.
Før
Førebuingar heime
- Ikkje et etter midnatt, eller 12 timar før operasjonen. Dette er på grunn av narkosen.
- Eit lite tips er å ta på / ha med eit behageleg antrekk til bruk etter operasjonen.
- Planlegg heimturen frå sjukehuset. Du skal ikkje køyre heim sjølv.
Under
Inngrepet blir som regel utført i full narkose. Urinblæra blir vanlegvis tømt.
Kikholsundersøking
Vi lagar eit lite snitt i navlen og fyller bukhola med kulldioksyd. Laparoskopet, som er eit ganske tynt røyr eller ein slags «kikkert» med videotilkopling, blir ført inn gjennom snittet i navlen. Via ein TV-skjerm inspiserer vi det vi skal i forhold til kva du har kome til behandling for.
Kikholsoperasjon
Når vi skal operere treng vi som regel fleire hjelpeinstrument. I desse tilfella lagar vi 2-3 små snitt nedanfor og til sida for navlen. Laparoskopet blir ført gjennom eitt av snitta, og hjelpeinstrumenta gjennom dei andre snitta.
Etter
Etter operasjonen vil du ligge på overvakingsavdelinga til narkosen er gått ut. Vanlegvis reiser du heim same dag, men i blant kan det bli nødvendig å ligge på avdelinga 1-2 dagar.
Før heimreise vil du vanlegvis få beskjed om kva som blei funne og gjort under operasjonen. Av omsyn til eventuell seinare kontakt med sjukehuset, er det også greit om du noterer deg namnet på legen som utførte inngrepet.
Det er ønskeleg at du ikkje er aleine det første døgnet etter operasjonen.
Dersom det ved inngrepet er sendt materiale til mikroskopisk undersøking, vil svaret vere klart etter 2-4 veker. Du blir kontakta av sjukehuset direkte dersom prøvesvara tilseier vidare undersøking eller behandling.
Ver merksam
Under eller etter inngrepet kan det i sjeldne tilfelle kome blødingar eller du kan få infeksjonar.
Ta kontakt med sjukehuset om du får:
- Uvanleg bløding frå skjeden
- Tiltakande magesmerter
- Uforklarleg feber
- Andre uforklarlege smerter eller ubehag
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september flyttar vi inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi blir framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, vil bli merka. Her finn du føde, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I begynnelsen av oktober flyttar kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.
Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241
Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde