Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Leddgikt
Leddgikt, eller revmatoid artritt, er ein kronisk leddsjukdom prega av hovne ledd, leddsmerter og stivleik. Det er ein autoimmun sjukdom der immunforsvaret til kroppen går til angrep på eigne celler og lagar betennelse (inflammasjon) i leddhinnene.
Revmatoid artritt (leddgikt) gjør leddene stive, smertefulle og hovne. Behandling kan ikke kurere leddgikten, men kan virke symptomlindrende og beskytte leddene mot skade.
I Noreg har cirka 0,5 prosent av befolkninga leddgikt. Sjukdommen er tre–fire gonger hyppigare hos kvinner. Den kan starte i alle aldrar, men oppstår oftast hos personar over 50 år.
Symptom
Hovudsymptoma ved leddgikt er hevelse, smerte og stivleik i ledd på grunn av leddbetennelse (artritt). Fingerledd blir ofte først ramma. Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøyttleik når leddgikta er aktiv. Sjukdommen kan arte seg ulikt frå person til person og kan variere over tid. Nokon opplever midre symptom, mens andre har meir alvorleg sjukdomsforløp.
Sjukdommen kan føre til leddskade og nedsett funksjon, men det finst effektive medisinar som dempar betennelse og reduserer risikoen for varig leddskade. Påverknad av indre organ er sjeldan, men leddgikt kan gi auka risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose) og hjarte-karsjukdom.
Tilvising og vurdering
Dersom det er mistanke om at du har leddgikt, vil du bli tilvist til revmatolog av fastlegen din. Opplysningane frå fastlegen gir grunnlag for om og kor raskt du vil bli innkalla til vurdering.
Når symptoma er leddsmerter med spørsmål om revmatoid artritt, ber vi om:
Anamnese a) varigheit av leddsmerter b) morgonstivleik, tilstiving i kvile, rørslelindring? c) eventuell effekt av NSAIDS? d) tilkomme utfordringar med daglege funksjonar? e) eventuelt hereditet og andre sjukdommar
Funn ved undersøking a) hevelse i ledd? b) ømheit over ledd (utan å vere tilsvarande øm utanfor ledda)? c) rørsleinnskrenkingar?
Blodprøver a) CRP, Sr b) RF, anti-CCP, ANA
Resultat av eventuelle biletundersøkingar
Utgreiing
Revmatologen vil snakke med deg og undersøke ledda dine. Blodprøver kan vise om betennelsesmarkørane senking og CRP er forhøgd. Blodprøver vil også vise om du har antistoffa revmatoid faktor (RF) og anti-CCP. Om du har leddgikt og desse antistoffa, seier vi at leddgikta er seropositiv.
Dei fleste revmatologar bruker ultralyd i leddundersøkinga. Røntgen og MR kan brukast for å kartlegge omfanget av leddbetennelse og moglege leddskadar.
Omfang og varigheit av leddbetennelse saman med opplysningane du gir og resultat av andre undersøkingar, avgjer om ein stiller diagnosen leddgikt. Av og til kan diagnosen stillast ved første time, mens andre gonger kan det vere nødvendig med fleire undersøkingar før det blir klart om du har leddgikt eller ikkje.
Behandling
Dersom du har leddgikt, vil du starte med behandling når diagnosen er stilt. Når det er betennelse i ledda, er det viktig å komme i gang med behandlinga raskt. Du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.
Medikamentell behandling
Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD). Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (paracetamol) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som naproksen og ibumetin).
DMARD dempar aktiviteten i immunforsvaret og dermed betennelsesprosessen. Dei er viktige for å hindre utvikling av leddskade. Ofte er kortison aktuelt i begynninga for å få rask effekt, enten i tablettform (Prednisolon) eller som injeksjon i ledd. Det mest brukte sjukdomsreduserande legemiddelet er metotreksat.
Andre alternativ er sulfasalazin (Salazopyrin) og leflunomid (Arava). Det tar ofte 3–4 månader før desse medikamenta har full effekt.
Dersom du ikkje får tilstrekkeleg effekt av denne behandlinga, kan det bli aktuelt å kombinere fleire DMARD, oftast ved å legge til biologiske legemiddel.
Anna behandling
Trening og øvingar kan gjere at du blir mindre stiv, får betre funksjon og kan halde rørsle ved like, i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Mange med leddgikt får rettleiing frå fysioterapeut om dette i starten av diagnosen, i periodar kan det også vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gi råd og rettleiing, særleg ved funksjonstap i hendene.
Svangerskap
Ein kan trygt få barn sjølv om ein har leddgikt, men det er ønskeleg at svangerskapa er planlagde til ein periode der leddgikta er lite aktiv.
For kvinner er det viktig å ta opp ønske om barn på kontrollar fordi det kan vere behov for å endre behandlinga. For eksempel må metotreksat avsluttast 1 månad før du prøver å bli gravid. I mange tilfelle vil vi erstatte metotreksat med annan medisin før svangerskap, så det er lurt å ha ein kontrolltime 3-6 månader før du planlegg svangerskap.
Det er trygt for menn som planlegg svangerskap å bruke leddgiktmedisinar, men metotreksat og salazopyrin kan gi forbigåande lågare sædtal, så det kan vere aktuelt å ta pause i behandlinga om du har vanskar med å gjere partnar gravid.
Norsk kvalitetsregister for artrittsjukdommar - NorArtritt
NorArtritt jobbar for å auke kunnskapen om kroniske artrittsjukdommar og behandlinga av desse i Noreg. Vi ønsker å betre pasientbehandlinga, auke legemiddelsikkerheita, og gjennom forsking å sikre rett behandling av framtidas pasientar.
Oppfølginga av leddgikt vil vere eit samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling.
Det vil vere tette kontrollar når du får diagnosen og i periodar med aktivitet i sjukdommen. Mange sjukehus har laga pasientforløp der du får kontrollar hos sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i tillegg til lege det første året. Når sjukdommen er fredeleg kan du ha færre kontrollar og ein del sjukehus har da behovsstyrt oppfølging der du sjølv tar kontakt når du treng kontroll på sjukehuset.
Du må sjølv avtale kontrollar hos fastlegen
Du bør ha ein kontrolltime i året hos fastlege. Risiko din for hjarte- og karsjukdom og beinskjørheit blir vurdert regelmessig.
Om du bruker DMARD må du avtale regelmessig blodprøvetaking, vanlegvis 4 gonger i året for å sjekke at behandlinga ikkje gir biverknader.
Om du bruker DMARD og/eller er >65 år bør du vaksinere deg mot influensa- og koronavirus om hausten. Du bør også ta pneumokokkvaksine. Ved nokon DMARD er det anbefalt vaksine mot herpes zoster (Shingrix) i tillegg.
DMARD dempar immunforsvaret noko. Dersom du bruker biologisk DMARD og får infeksjon som gjer at du treng antibiotika eller må leggast inn på sjukehus, bør du ta pause frå biologisk behandling til infeksjonen er under kontroll. Dersom du skal opererast er det viktig at du seier frå på førehand dersom du bruker biologisk behandling, det vil ofte bli anbefalt å ta pause frå biologisk behandling i forkant og dei første 2 vekene etter ein operasjon.
Å leve godt med kronisk leddsjukdom
Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.
God kunnskap om sjukdommen er viktig. Det gir deg grunnlag for å meistre din situasjon, og å ta gode val for deg og helsa di. Mange erfarer at det er nyttig å møte andre som har liknande helseutfordringar. Mange sjukehus arrangerer lærings- og meistringskurs med tanke på dette.
Livsstilen ein har kan påverke sjukdomsforløpet ved leddsjukdom. Det blir anbefalt å ha eit sunt kosthald og å trene regelmessig, både styrke og kondisjonstrening. Oppfordringane for fysisk aktivitet og kosthald for menneske med leddsjukdom er i prinsippet lik oppfordringane for heile befolkninga.
Tobakk blir frårådd fordi det aukar risikoen for høg sjukdomsaktivitet (i tillegg til andre uheldige effektar).
Dersom du har utfordringar med fysisk aktivitet eller utføring av aktivitetar i kvardagen kan vurdering hos fysioterapeut og ergoterapeut vere nyttig. Dette kan du snakke med behandlaren din om.