Kva behandling som blir gitt, avheng av tilstanden til kvar enkelt pasient og diagnose. Nokre pasientar har sjukdom som er lite aktiv. Då kan det vere aktuelt at vi observerer deg utan at du får behandling. Målet for behandlinga kan vere å redusere symptom, bremse fall i lungefunksjon og betre livskvaliteten. Behandling med medikament blir brukt for å bremse vidare utvikling av fibrose i lungene. Medikament kan også brukast for å redusere betennelse.
Unngå sjukdomsframkallande årsaker
Dersom du får påvist ei årsak til lungefibrose, bør du unngå å utsetje deg for denne. Dette kan til dømes gjerast ved tiltak i bustad, arbeidsplass, bruk av andedragsvern eller byte ut medikament som kan vere skadelege for lungene. Dersom du røykjer tilrår vi at du sluttar. Har du sure oppstøyt blir du tilrådd behandling for dette.
Medikament
Det kan vere aktuelt med immundempande medikament, fibrosehemmande medikament eller medikament for å behandle plagsame symptom.
Immundempande medikament blir brukte når det er nødvendig å behandle betennelse. Kor stor nytte du vil ha av slike medikament, avheng ofte av kva type lungefibrose som er påvist. Ved nokre typar lungefibrose er slik behandling utan effekt, og kan vere skadeleg.
Fibrosehemmande medikament kan brukast ved mild til moderat idiopatisk pulmonal fibrose (IPF). Desse medikamenta kan bremse fall i lungefunksjon. Dei viktigaste biverknadene er kvalme og diaré. Ettersom medikamenta kan gi leverbetennelse, må du ta blodprøver undervegs i behandlinga. Biverknadene er vanlegast dei første månadane og er vanlegvis milde til moderate. Dei fleste pasientar greier å halde fram med medikamenta trass i biverknadar, men i periodar kan det vere nødvendig med medikament mot kvalme og diaré. Somme kan også ha fordel av dosejustering eller å leggje om kosthaldet for å handtere slike biverknader.
Behandling med medikament kan også vere aktuelt ved plagsame symptom som hoste og når pasienten har tungt for å puste.
Anna behandling
Ved alvorleg lungefibrose kan det vere behov for oksygentilskot. Eit fåtal pasientar yngre enn 65 år med svært alvorleg lungefibrose kan vere aktuelle for lungetransplantasjon. Dette er ei behandling som blir tilboden for å forlengje levetida.
Vi tilrår at du tek influensavaksine.