Ansvaret for utgreiing og behandling av lungekreft er eit samarbeid mellom fleire klinikkar og avdelingar. I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje, og eventuelt kva type kreft du har.
Som regel tar vi først ein CT-røntgen av lunger, lever og binyrer. Ved mistanke om kreft gjer vi ofte ein bronkoskopi, ei undersøking der dei sentrale luftvegane (luftrøyret og bronkiar) blir undersøkte ved hjelp av ein bevegeleg slange med kamera festa i tuppen. Under ein bronkoskopi kan vi også ta ei vevsprøve av eventuelle svulstar. Andre undersøkingar kan også vere aktuelle på dette tidspunktet.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne stille ein diagnose og avklare om du har kreft eller ikkje. Om du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
Andre undersøkingar
Dersom det skulle vise seg at du har lungekreft, jobbar vi vidare med å:
- finne ut kva type lungekreft du har
- avklare kor utbreidd kreftsjukdommen er og om den har spreidd seg til andre stader i kroppen
- avklare den generelle helsetilstanden din
- gi ei tilråding om behandling
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.