Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lungesjukdommar hos barn og unge
Vi gjennomfører éin eller fleire testar for å finne ut kva type lungesjukdom/-plage du har. Slik kan vi bestemme kva behandling vil eigne seg best.
Utgreiing
Alle gjennomfører spirometri, røntgen av lungene og blodprøver. Basert på sjukehistorie og andre testresultat kan det vere aktuelt å supplere med fleire testar. Ein del av dei vanlegaste testane er skisserte under:
Avhengig av kva for sjukdom som blir påvist vil vi lage eit behandlingsopplegg som er tilpassa diagnose/problematikk og alder. Målet med all behandling er at barnet skal oppleve minst mogleg symptom dag og natt, færrast moglege forverringar og best mogleg funksjon i dagleglivet – på ein lågast mogleg dose medisin.
Astma er den vanlegaste kroniske lungesjukdommen hos barn og unge. Astma blir behandla med både førebyggande medisin og anfallsmedisin.
Førebyggande medisin blir som regel tatt som inhalasjon (pustemedisin) kvar morgon og kveld over ein lengre periode. Desse inneheld alltid kortison, eventuelt også langtidsvirkande medisin som opnar tronge luftvegar (kombinasjonspreparat). Det finst fleire ulike typar førebyggande inhalasjonsmedisin. Førebyggande medisin kan også vere i tablett-/pulverform éin gong dagleg, vanlegast er Montelukast. Det kan ta fleire veker før barnet merkar om sistnemnde medisin har effekt.
Anfallsmedisin er inhalasjonsmedisin som blir gitt etter behov ved anfall med pustevanskar eller mykje hoste eller som førebyggande før planlagd anstrenging. Barnet kan ta denne medisinen når som helst på døgnet og ein kan rekne med effekt i løpet av nokre minutt. Om nødvendig kan medisinen takast fleire gonger dagleg. Doseringa blir bestemt av legen. Kontakt lege dersom medisinen ikkje har effekt eller berre har kortvarig effekt.
Kor mykje medisin ein treng kan variere i løpet av året og med alderen. Målet er god kontroll på symptoma. Alle barn og unge skal ha ein skriftleg, individuell og oppdatert behandlingsplan for behandling av astma og astmaforverring utarbeidd av legen sin. Rett inhalator med tilleggsutstyr som masker og kolbar i forhold til alder og rett bruk og teknikk av utstyr er viktig. For meir informasjon, sjå for eksempel www.naaf.no/astma/.
Fleire avdelingar tilbyr lærings- og meistringskurs om astma til foreldre. God informasjon og opplæring av pasient og pårørande er viktig for å oppnå god meistring av sjukdommen og lite plager i kvardagen.
Det finst fleire andre lungesjukdommar og behandlinga vert tilpassa diagnose/tilstand. Aktuell behandling kan vere inhalasjonar, slimmobilisering, fysioterapi, trening, antibiotika osv.
Oppfølging
Når diagnosen er stilt hos større barn kan som oftast fastlegen følge opp dette med vurdering av symptom, lungefunksjon og medisinering. Vi anbefaler minst årleg kontroll hos barn og unge som står på faste medisinar. Behandlingsskjema og type inhalator må revurderast regelmessig og tilpassast symptombilde og alder. Det er også viktig å justere medisindosen ettersom barnet veks.
Det er behov for hyppigare oppfølging ved dårleg symptomkontroll og/eller høgdosert behandling . Dette kan eventuelt gjerast hos spesialist. Hos små barn vil det ofte bli lagt opp til kontroll hos spesialist for avklaring av effekt med medisinar og behov for vidare medisinering. Avhengig av symptom og alder vil det ofte bli avtalt kontroll kvar 3.–6. månad. Opplegget for oppfølging kan eventuelt bli delt mellom spesialist og fastlege.
Nokre kroniske og alvorlege tilstandar blir følgde opp hos spesialist regelmessig over mange år, mens andre tilstandar kan avklarast og følgast opp hos fastlege. Dette er avhengig av situasjonen til kvar enkelt.
Sist faglig oppdatert 16.02.2026
Kontakt
Førde sentralsjukehusBarn og unge, avdeling sengepost og poliklinikk
Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.
Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande. Sjukehusapoteket er altså open for alle.
På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.
Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.
Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00. I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.
Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.
Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.
Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.
Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.
Ordinær parkering for pasientar og pårørande: Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil.
I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.
Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.
Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.
Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.
Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.
Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.
Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.
Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Les nøye gjennom vilkåra.
Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Akuttmedisin: Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
Barneavdeling: Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
Kirurgisk: Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
Kreft: Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
Kvinneklinikken: Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
Medisinsk: Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
Nevrologisk: Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.