Undersøking
Måling av syn med autofraktor
Undersøkinga føregår ved hjelp av ei maskin som heiter autorefraktor. Den måler kva du ser på avstand med og utan korreksjon, og om du er langsynt, nærsynt og/eller har skeive hornhinner.
Før
Det krevst ingen førebuingar før denne undersøkinga.
Under
Når du ser inn i autorefraktoren vil du sjå fleire linjer med tal og bokstavar.
Vi startar med å be deg lese fra toppen, først store tal og bokstavar, så blir tala og bokstavane mindre for kvar linje du les. Når størrelsen er så liten at du ikkje klarer å sjå tala og bokstavane lenger, måler autorefraktoren kva for korreksjon auga dine treng. Deretter prøver du å lese tal og bokstavar for eventuell synsgevinst med rett korreksjon.
Undersøkinga er ikkje smertefull, men krev litt konsentrasjon.
Undersøkinga tar ca. 5 minutt.
Etter
Legen informerer deg om resultatet av testen straks du er ferdig.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Kontakt Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde