Schimers test
Måling av tåreproduksjon
Måling av tåreproduksjonen (Schirmers test) hos pasientar som er under utgreiing for revmatisk sjukdom.
Før
Du skal ikkje ha brukt augedropar eller kontaktlinser den dagen du skal til undersøking.
Under
Ved Schirmers test, testar vi augene sin tåreproduksjon ved at ein spesiell papirstrimmel blir festa på innsida av nedre augelokk. Du sit med papirstrimmelen i 5 minutter. Vi måler kor mykje av papirstrimmelen som blir fukta. Enkelte pasientar kan oppleve eit visst ubehag på augene undervegs i undersøkinga.
Etter
I etterkant av undersøkinga vil enkelte kunne oppleve at auget kjennes irritert. Dette går normalt over etter kort tid.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Kontakt Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde