Diagnose

Muskelknutar på livmora

Livmorknutar (myomer) er vanlegvis ufarlege og gir ofte få symptom. Hos nokon kan dei forårsake smertefulle eller store menstruasjonsblødingar, men plagene blir vanlegvis betre etter overgangsalderen. Det finst effektiv behandling for livmorknutar.

Livmorknutar er vanlegvis ikkje farleg og gir som oftast ingen symptom. Hos enkelte kan dei likevel gi smertefulle eller kraftige menstruasjonsblødingar eller trykksymptom i nedre del av magen.

Livmorknutar er kuler som veks i veggen på livmora. Dei er laga av ein type muskelceller og bindevev. Knutane skaper vanlegvis ikkje problem og er svært vanlege. Om lag åtte av ti kvinner har livmorknutar. Dei kan vere små, omtrent på storleiken med eit nålehovud, men kan òg vekse og bli store, nokon gonger så store som ein ballong.

Vi veit ikkje sikkert kvifor kvinner får livmorknutar, men hormona østrogen og progesteron ser ut til å få dei til å vekse.

I overgangsalderen blir produksjonen av desse to hormona redusert, og livmorknutane begynner å krympe. Det er likevel ikkje slik at dess meir østrogen du har, dess meir veks livmorknutane. For eksempel veks ikkje livmorknutar særleg mykje i svangerskapet, sjølv om nivået av østrogen stig.

Les meir på helsenorge.no

Mindre enn halvparten av alle kvinner med livmorknutar får symptom. Livmorknutar som sit spesielle stadar i livmorveggen eller som blir store, kan forårsake problem. Dette kan vere:

  • Store blødingar eller menstruasjonssmerter
  • Smerter eller trykkfølelse i magen
  • Må ofte på toalettet
  • Smerter under samleie
  • Problem med å bli gravid (sjeldan)
  • Spontanabortar

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen eller din private gynekolog som tilviser deg til utgreiing ved mistanke om muskelknutar på livmora.

Utredning

Det er fleire faktorar som avgjer kor lang tid ein utgreiingsfase vil vere. Om du har store plagar, kan utgreiingsfasen bli kortare då du vil bli prioritert foran andre pasientar med mindre plagar. Om du må gjennom fleire forundersøkingar som eit ledd i di utgreiinga vil dette gjere at utgreiingsfasen blir lengre. Til tider kan det vere mange pasientar som ventar på same behandling, noko som også kan påverke ventetida.

Undersøkingar

Det er vanleg å få innkalling til ein undersøking på sjukehuset før eventuell behandling startar. Du vil då bli undersøkt av ein lege / gynekolog som utfører ei gynekologisk undersøking og tar vaginal ultralyd. Andre undersøkingar kan vere nødvendig i tillegg for å bestemme kva for behandling som vil vere best for deg.

Før du kjem til undersøking:

  • Tenk gjennom kva plagar du har og korleis dei hemmar deg i kvardagen.
  • Om du er plaga med vaginale blødingar er det fint om du kan telle antall bind du bruker til dagleg, og beskrive kor mykje du blør.
  • Om du har smerter, er det nyttig for oss å vite om du tar smertestillande og eventuelt kor mykje.
  • Ta gjerne med ein oversikt over dine faste medisinar og informér om eventuelle allergiar.
     

Følgande undersøkingar kan vere ein del av utgreiinga:

 

Behandling

Medisinar som behandling

Nokon gonger kan livmorknutar bli behandla med medisinar. Det er fornuftig å prøve ut ulike medisinar for å sjå om det kan hjelpe før operasjon blir eit alternativ. Om dine livmorknutar skal behandlast med medisin, er det ikkje nødvendig å vere innlagt på sjukehus. Du vil då bli fulgt opp av legen for å sjå om medisinane har ønska og tilstrekkeleg effekt. Dette er det legen som avgjer.

Operasjon som behandling

Dersom operasjon er den riktige behandlinga for deg, vil du bli kalt inn på nytt til operasjonsførebuingar. Du vil då få snakke med tilsette som er involvert i behandlinga du skal gjennom; det kan vere sjukepleiar, lege, anestesilege eller fysioterapeut. Her vil du skriftleg og munnleg informasjon om inngrepet, og du vil kunne stille spørsmål.

Det finst ulike typar operasjonar som kan hjelpe. Nokre operasjonar blir gjort som dagbehandling, og du kan reise heim same dag som operasjonen. Andre operasjonar krev innlegging og overnatting på sjukehus i 1-3 dagar etter operasjonen.

Ulike typar operasjonar

Ein operasjon der ein kun fjernar muskelknuten på livmora blir kalla ein myomektomi. Då beheld du livmora, og du kan framleis få barn. Ikkje alle livmorknutar (myomer) er eigna for denne operasjonen. Nokre gonger kan muskelknuta ligge slik at det ikkje er mogleg å fjerne berre muskelknuten. Dette kjem an på kor dei sit, kor mange dei er og kor store dei er. Det er legen som avgjer kva slags operasjon som er best for deg.

Det finst ulike operasjonsmetodar for å fjerne muskelknutar på livmora. Det er legen som avgjer kva slags operasjon som er best for deg:

  • Kikholskirurgi (laparoskopi)
  • Open kirurgi (laparotomi)
  • Reduksjon av livmorslimhinna (endometrieseksjon)
  • Embolisering


Det er viktig å vite at uansett kva type operasjon ein vel for å fjerne muskelknutar på livmora, så kan muskelknutane komme tilbake. 

Samval

Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.


  • Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.

  • Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.

  • Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.

  • Fjern eventuell naglelakk, smykke, ringar og piercingar.

  • Ta med deg eventuelle faste medisinar. Legen vurderer om det er nokon av dei faste medisinane som du skal ta på operasjonsdagen. 
  • Du må faste før operasjon. 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som klargjer deg til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å liggje i medan du ventar på å bli kjørt til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjort riktig. Du vil bli kjørt i seng til operasjonsavdelinga. Avhengig av kva slags operasjon du skal gjennom vil du få narkose eller ryggbedøving (spinal anestesi) før operasjonen begynner.

Kikholsoperasjon (laparoskopi)

Ein fordel med kikholsoperasjon er at du vil komme deg mykje fortare etter operasjonen, enn om det blir gjort med open kirurgi. Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumentar på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Kirurgen opererer muskelknuten/-ane laus frå livmora og gjennom ei av dei små opninga i huda. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1-2 timar. Det er vanleg å reise heim same dag, eller dagen etter operasjonen.

Open kirurgi (laparostomi)

Ved open kirurgi blir det enten laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Kirurgen som opererer deg løyser muskelknuten/-ane frå livmora, og fjernar han gjennom snittet på magen. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1-2 timar. Det er vanleg å bli på sjukehuset i om lag 3 dagar etter operasjonen.

Reduksjon av livmorslimhinna (endometriereseksjon)

Inngrepet blir utført via eit instrument som førast inn i livmora via skjeden, og så blir muskelknuten/-ane fjerna eller brent bort. Om ein berre fjernar ein muskelknute, vil du fortsatt ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Om heile livmorslimhinna blir fjerna, er moglegheita for å bli gravid sterkt redusert. Operasjonen blir enten utført i full narkose eller med ryggbedøving, og inngrepet tar 5-15 minutt. Reduksjon av livmorslimhinna blir oftast utført som dagkirurgi. Det vil seie at du kan reise heim same dag som operasjonen.

Embolisering

Dette er eit inngrep som blir utført på Radiologisk avdeling. Små partiklar blir injisert i blodkar som forsyner muskelknuten/-ane i livmora, og lagar ein kunstig blodpropp. Knutane får ikkje blodtilførsel og vil krympe. Inngrepet blir utført med bedøving og smertestillande. Smertane kan variere i styrke i etterkant av inngrepet.

Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka og narkosen eller ryggbedøvinga har gått ut, blir du enten flytta over til sengepost eller kan reise heim avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov.

Det er viktig å komme seg raskt på beina igjen etter ein operasjon. Du bør ha følge første gang du skal opp av senga etter operasjonen. Dette kan sjukepleiarane hjelpe deg med.

Etter kikholsoperasjon og open kirurgi vil det bli lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etter.

Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men det kan skje:

  • Bløding under eller etter inngrepet
  • Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
  • Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
  • Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
  • Blodpropp (sjeldan)
  • Problem med bedøving (svært sjeldan)

Oppfølging

Kva for behandling du mottar, vil avgjere ditt behov for oppfølging. Ofte er det tilstrekkeleg å bli fulgt opp av fastlegen eller din private gynekolog. Andre gonger vil du få ei innkalling til time på sjukehuset for å bli sett på av ein spesialist. Legen som behandlar deg vil bestemme korleis du skal følgast opp etter avslutta behandling på sjukehuset.

I tida etter operasjonen er det viktig at du tilpassar aktivitet etter korleis kroppen fungerer. Her får du ei oversikt over atterhald og omsyn ein må ta etter dei ulike operasjonane.

  • Du kan forvente smerter etter operasjonen. Kor sterke smerter er avhengig av kva slags operasjon du har hatt. Du vil få smertestillande jamnleg heile døgnet når du er på sjukehuset, og ein resept på smertestillande du kan bruke når du kjem heim.

  • Ved dagkirurgi, det vil seie du reiser heim same dag som operasjonen, er det vanlegvis lite smerter. Du må likevel ha smertestillande (Paracetamol, Naproxen eller Ibuprofen) i heimen, slik at du har smertestillande tilgjengeleg ved behov. Dette får du kjøpt reseptfritt på apoteket.

  • Ved open kirurgi blir det nokon gonger lagt inn eit epiduralkateter i ryggen som smertelindring etter operasjonen. Dette blir som regel fjerna dagen etter eller to dagar etter operasjonen.

  • Ved kikholsoperasjon kan det oppstå smerter i skulder og mellomgolvet grunna CO2-gassen som blir brukt til å «blåse» opp magen under operasjonen. Å vere i bevegelse hjelper mot luftsmerter.

  • Det er viktig at du gir beskjed om du får smerter som ikkje lar seg lindre av dei smertestillande du får. Det er individuelt kor sterke smerter ein har etter operasjon, og ein vil derfor ha individuelle behov for smertestillande.

     

Ved open kirurgi vil operasjonssåret enten bli sydd igjen med tråd som løyser seg opp av seg sjølv, eller såret vil bli stifta igjen.

  • Vi legg bandasje over såret som berre skal skiftast om det kjem blod gjennom. Dei fleste bandasjane som blir brukt, toler vatn og du kan dusje utan å måtte skifte bandasje etterpå. Bandasjen og eventeulle stiftar skal fjernast etter 10-12 dagar. Om det er brukt stiftar under operasjonen, skal du bestille time hos fastlegen din for å få fjerna desse.

  • Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter operasjonen, er det viktig å halde handflata eller ei pute mot såret. Dette skåner såret fordi sårflatene blir pressa saman.

  • Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4-6 veker etter operasjonen. Unngå å løfte tunge bæreposar, golvvask, snømåking, støvsuging og lignande. Det du klarer å løfte med strak arm, er greit.

  • Har du små barn og er avhengig av å løfte dei, tenk over kva musklar du bruker. Det går greit å løfte barnet opp på fanget i sittande stilling med armmusklane. Bruk lårmusklane når du skal plukke opp noko frå golvet.

Ved kikholskirurgi vil operasjonen late etter seg fire små arr som er ca. 1-2 cm lange, der det eine er i navlen.

  • I navlen og i midtlinja over skambeinet blir det sett eit sting med tråd som løyser seg opp av seg sjølv. Dei minste sårflatene blir som oftast trekt saman med «strips», og det blir lagt ein beskyttande bandasje over.

  • Bandasjen skal ikkje skiftast, og om han ikkje har løyst seg etter ei veke kan du sjølv fjerne han. Bandasjane skal kun skiftast om det kjem blod gjennom eller dei har blitt våte etter dusjing eller lignande.

  • Du kan få bløding frå skjeden dei første dagane. Dette er heilt normalt. Du skal då bruke bind og ikkje tampong.

  • Ved reduksjon av livmorslimhinna (endometrieseksjon) avtar blødinga i stor grad dei første døgna. Det er vanleg med utflod som kan vare i 4-6 veker. Utfloda er brunleg på farge og kan lukte litt. Unngå samleie og bruk av tampong i 4-6 veker etter inngrepet eller til utfloda er normal.

     

  • Du kan dusje etter eit døgn. Karbad og basseng bør du unngå til såra har grodd.
     

  • Dersom du røyker eller snuser, må du vere merksam på at det kan gjere deg uvel etter operasjonen på grunn av narkosen. Du bør derfor vente med å røyke eller snuse til du har komme heim.
     

  • Det som blir fjerna under inngrepet blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret er vanlegvis klart etter nokre veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. Fastlegen og gynekologen ved lokalsjukehuset ditt får kopi av svaret og brev om inngrepet.
     

  • Som oftast er det ikkje nødvendig med kontroll etter du har fjerna livmora. Om det er nødvendig vil legen informere deg om dette før du reiser heim.

  • Hugs at du som er nyoperert treng ro og kvile. Trening som aerobic og lignande bør du vente med i minst 6 veker, 8-12 veker ved open kirurgi.
  • Det er smerteterskelen som styrer kor fysisk aktiv du klarer å vere i tida etter operasjonen. Du skal ikkje gjere noko som gjer vondt.
  • Unngå samleie 8 veker etter kikholsoperasjon og open kirurgi, 4-6 veker etter reduksjon av livmorslimhinna.
  • Lengde på sjukmelding er avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Ved reduksjon av livmorslimhinna er det vanleg med 3-7 dagar sjukmelding; ved kikholsoperasjon 14 dagar etter operasjon; ved open kirurgi er det vanleg med rundt 4 veker sjukmelding avhengig av kor fysisk krevande arbeid du har. 

Ver merksam

Ved kikholsoperasjon eller open kirurgi, ta direkte kontakt med sjukehuset på avdelinga som opererte deg dersom:

  • Du har feber over 38 gradar
  • Operasjonssåret ser raudt og hovent ut.
  • Du har smerter som ikkje lar seg lindre av smertestillande medisin.
  • Du får smerter / hevelse i beina eller svært tung pust.
  • Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger om dagen.
     

Ved reduksjon av livmorslimhinna, ta kontakt med lege dersom:

  • Du får utflod kombinert med sterke smerter og feber over 38 grader.

 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.