Vi tar ein tar ein blodprøve frå hælen til barnet så snart som mogleg etter det har gått 48 timar etter fødsel. Det krev inga spesielle førebuingar frå deg som har blitt mor, og heller ingen førebuingar for barnet.
Nyføddscreening - blodprøve
Alle nyfødde i Noreg får i dag tilbod om å bli undersøkt for 26 alvorlege medfødde sjukdommar. For å undersøkje om ditt barn har ein medfødd sjukdom som det er viktig å behandle raskast mogleg, blir det tatt ein blodprøve frå hælen til barnet så snart som mogleg etter 48 timar etter fødsel.
Sjølv om eit barn verkar heilt friskt frå fødselen, kan det i sjeldne tilfelle ha ein medfødd sjukdom.
Det kan for eksempel dreie seg om ein feil i stoffskiftet. I fosterlivet er barnet beskytta av mor sitt stoffskifte. Derfor startar dei alvorlege konsekvensane av denne type sjukdommar oftast først etter fødselen. Det kan skje gradvis fordi det hopar seg opp skadelege stoffskifteprodukt i blodet, eller plutseleg i form av livstruande stoffskiftekriser.
Jo lenger tid det går utan behandling, jo større er risikoen for barnets liv eller for at det får varige psykiske eller fysiske skadar. Det er derfor av stor betyding for barnet å få påvist sjukdommen så tidleg som mogleg, slik at nødvendig behandling kan setjast i verk.
Tilvising og vurdering
Nyfødtscreeninga ved Oslo universitetssykehus har nasjonal behandlingsteneste for screening av alle nyfødde for alvorlege medfødde sjukdommar og for oppfølging av pasientar med fenylketonuri (Føllings sjukdom).
Før
Under
Etter
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde