Det krevst ingen førebuingar i forkant av undersøkingar og utgreiing. Bruker du blodfortynnande medisin skal nokre av desse ikkje brukast før operasjon. Dette vil du få nærare informasjon om når du kjem til undersøking.
Dersom du bruker medisin mot høgt blodtrykk er det viktig at blodtrykket er under kontroll.
Før operasjon får du time til undersøking ved augepoliklinikk. Ein sjukepleiar eller lege vil måle avstandssyn og augetrykk på begge auga dine. Begge målingane er heilt smertefrie.
Etter forundersøkingane blir du undersøkt av augelege.
