Før inngrepet får du informasjon om sjølve behandlinga du skal gjennom, forventa resultat og dei vanlegaste komplikasjonane.
Overflødig hud på augnelokk (dermatochalase eller blefarochalase) betyr at du har for mykje laus hud på øvre augnelokk som heng over augnevippene og eventuelt innskrenkar synsfeltet ditt.
Du blir tilvist frå fastlege, eventuelt optikar. På offentlege sjukehus utfører vi ikkje denne operasjonen av kosmetiske grunnar, berre av medisinske grunnar. Du må ha store plager med tunge augnelokk for å bli operert ved eit offentleg sjukehus.
Før inngrepet får du informasjon om sjølve behandlinga du skal gjennom, forventa resultat og dei vanlegaste komplikasjonane.
Du må ikkje bruke ansiktssminke operasjonsdagen.
Vi markerer med tusj, huda på augnelokka som skal fjernast, og legg snittføringa langs ei naturleg fóre i huda slik at arret blir minst mogleg synleg. Du får lokalbedøving i huda over auget. Dette kan svi og presse i huda, men varer berre i eit par minutt.
Vi syr igjen snittet med eitt langt sting som går i sik-sak langs operasjonssåra. Over stinget legg vi små, hudfarga plasterlappar.
Operasjonen varer i cirka 60 minutt.
Etter operasjonen kan du reise heim.

Svanehaugvegen 2
6812 Førde