Du må ta blodprøver før tappinga. Dersom du står på blodtynnande medisin, vurderer tilvisande lege om du skal stoppe med desse mellombels.
Førebuingar på sjukehuset
Vanlegvis tar vi røntgenbilete av lungene før behandlinga.
Tappe væske frå lungene
Lungene ligg i kvar sin pose i brysthòla. Desse lungeposane blir kalla pleura. Nokre pasientar kan få væske i pleura og det kan da vere behov for å tappe væska. Det blir gjort enten for å kartlegge årsaka til væskedanninga (diagnostisk tapping) eller for å lindre plagene som væska gir (terapeutisk tapping).
Du må ta blodprøver før tappinga. Dersom du står på blodtynnande medisin, vurderer tilvisande lege om du skal stoppe med desse mellombels.
Vanlegvis tar vi røntgenbilete av lungene før behandlinga.
Mens du ligg eller sit i den stillinga som kjennest best, utfører legen ei ultralydundersøking for å sjå kor mykje væske det er og kor det er best tilgang til væska. Vi merkar innstikkstaden på huda di, og vaskar området rundt. Legen set lokalbedøving i huda og i heile stikkanalen heilt inn til pleurahòla.
Nåla må førast inn mellom to ribbein. Når bedøvinga er sett, stikk legen ein tynn plastslange inn i pleurahòla. Slangen blir kopla til ei sugesprøyte og ein pose, slik at væska enten kan sugast opp aktivt med sprøyten, eller berre renne ned i posen. Når all væska er tømt, blir slangen trekt ut og stikkopninga plastra. Av og til blir slangen liggande over lengre tid, avhengig av behov.
Varigheita av inngrepet er avhengig av kor mykje væske som skal tappast ut, og om den blir sogen ut aktivt eller berre renn ned i posen. Heile prosedyren tar ofte rundt 30 minutt.
Lokalbedøving blir gitt med ei sprøyte. Når bedøvinga er sett, er det vanlegvis ikkje vondt å få sett inn slangen i pleurahòla. På slutten av tappinga kjenner nokre pasientar eit sug i brystet, mens andre begynner å hoste eller opplever at dei ikkje får puste ordentleg. Dersom dette skjer, stoppar vi tappinga, sjølv om det skulle vere noko igjen. Plagene gir seg som oftast raskt. Mange pasientar kjenner det er godt å bli tappa.
Resultatet av tappinga merkar du som regel med ein gong ved at det blir lettare å puste, men av og til tar det litt tid før pusten kjennest betre. Du kan ete og drikke rett etter inngrepet.
Av og til tar vi prøver av væska for å finne ut kva slags væske det er. Prøvene blir sende til laboratoriet og patologen. Svaret blir sendt til avdelinga (om du er innlagd) eller til tilvisande lege etter to til tre dagar.