Diagnose
Psykose, pakkeforløp
Nasjonale pasientforløp for psykose skal bidra til at dei som treng det, skal få ei rask avklaring om det er ein psykose som treng behandling. Behandlinga skal bli gitt på ein heilskapleg og effektiv måte. Vi legg til rette for medbestemming og for at resultatet av behandlinga skal bli vurdert undervegs.
Pasientforløpet startar ved tilvising, som regel frå den kommunale helsetenesta / fastlege eller som vidare utgreiing/behandling etter akuttinnleggingar. Dersom du har teikn til psykose, kan du bli tilvist til pasientforløp for psykose.
Utgreiing
Behandling
I oppstarten av behandlinga er det viktig at du og behandlaren blir einige om behandlingsmål og framgangsmåte. Behandling for psykose består vanlegvis av samtaler, medikamentell behandling og eit strukturert familiesamarbeid. Bildeterapi, musikkterapi og fysisk trening er andre tilbod som mange har god nytte av.
Oppfølging
Planlagt avslutning av pasientforløp for psykose skjer etter avtale mellom deg og behandlaren din. Helsehjelpa skal bli evaluert, og ei samla evaluering av behandlinga bør bli gjennomgått når de avsluttar forløpet.