To personar som ser på ein mobiltelefon

Pust Deg Bedre for fagpersonar

Auka fagleg tryggheit - Enklare formidling - Meir tilfredse pasientar

Kvifor treng eg Pust Deg Bedre?​

Dersom du behandlar lungesjuke kan Pust Deg Bedre vere verktøyet for deg.

Pust Deg Bedre gjer det mogleg for deg å skreddarsy behandlinga til din pasient. Verktøyet er bygd opp av grunnleggjande pusteteknikkar i lungefysioterapi, godt forankra i kunnskapsbasert praksis. Den vil difor kunne gje deg auka fagleg tryggleik i dette fagfeltet.

Appen skal ikkje erstatte deg som fysioterapeut, men vere eit supplement til behandlinga. Den hjelper deg å strukturere behandlinga, og gjer det lettare å følge opp pasienten.

Pust Deg Bedre visualiserer ulike delar av lungefysioterapien, og bidreg til at di vegleiing blir meir forståeleg og motiverande for den lungesjuke. Du vil gjere din lungesjuke pasient i betre stand til å utføre eigenbehandlinga slik du har anbefalt, utan at du er tilstades. Det vil føre til ei meir effektiv behandling, behov for færre konsultasjonar og meir tilfredse pasientar.

Pust Deg Bedre: Til hjelp for fysioterapeuter, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Ved å oppdatere deg i appen før pasienten kjem, kan den kliniske vurderinga bli lettare for deg. Ta deg tid til å sette deg inn i korleis appen fungerer, slik at du kan hjelpe din pasient på best mogleg måte.

For å kome i gang, følg desse stega:

  1. Last ned appen Pust Deg Bedre
    Gå inn i App Store eller Google Play. Søk etter applikasjonen «Pust Deg Bedre». Trykk Last ned.
  2. Bli kjend med appen
    Opne appen og trykk på spørsmålsteiknet (Informasjon) og les brukarmanualen. Trykk deg tilbake til startsida og trykk på tannhjulet (Innstillingar). Under fagterminologi, sjekk at knappen er ført mot høgre – då får du presentert informasjon om lungefysioterapi på kjend fagspråk!
  3. Ta imot pasienten
    Gjennom samtale og undersøking, gjer ei klinisk vurdering av pasienten, og definer behov, mål og behandlingstiltak. Appen inneheld informasjon som kan støtte deg i ditt kliniske resonnement. Dette finn du under I-ikonet til høgre for dei ulike målsettingane (dempe andenaud, lausne slim, flytte slim og fjerne slim).
  4. Grunnleggjande innstillingar
    Du skal no setje opp ein behandlingsplan på pasienten sin eigen telefon. Start med å gjere klar appen for bruk ved å trykke på tannhjulet (Innstillingar).

    Trykk på klokka (Påminningar) og legg inn varsel på valde tidspunkt (tid og vekedag). Sørg for at lagra varsel er skrudd på/av etter ynske (venstre = av, høgre = på).

    Sørg for at Fagterminologi er skrudd av (knappen skal førast mot venstre) slik at pasienten har pasientvennleg språk i appen.

    Vel anten mann eller kvinne (Modell).
  5. Sett opp behandlingsplan
    Trykk deg tilbake til startsida. Vel stetoskopet.
  6. Vel pusteteknikkar
    Aktiver aktuelle pusteteknikkar ved å trykke på knappen slik at den vert ført mot høgre. Vel rediger for å individtilpasse øvingane med antal sekund for innpust, utpust og repetisjonar. Trykk på disken for å lagra. Når du har lagra ønska innstillingar, vil 3D-modellen puste akkurat slik du anbefaler din pasient å gjere. Slik kan du skreddarsy behandlinga.
  7. Vel metaforar
    For å gje pasienten auka forståing for pusteteknikkane, kan det vere nyttig å nytta metaforar når du forklarar. For at desse skal gje meining for pasienten, er det viktig at dei vert nytta aktivt som ein del av vegleiinga.
  8. Kvalitetssikre behandlingsplanen
    Tilpassingane du har gjort i tidlegare steg skal no vere tilgjengelege for pasienten. Kvalitetssikr at tilpassingane er lagra og tilgjengelege ved å trykke på Start, og sjekk at pasienten får presentert dei øvingane du har anbefalt for vedkommande.
  9. Gje vegleiing
    Bruk Pust Deg Bedre til å heve kvaliteten på vegleiinga. Visualiseringa i appen bidreg til å sikre god forståing av lungefysioterapi som fag og pusteteknikkane som vert nytta. Dette vil derimot ikkje kunne gjerast med appen åleine, men ved at du som fysioterapeut gjev appen den verdien den kan ha for pasienten. Di rolle som vegleiar, motivator og støttespelar er difor framleis avgjerande for å hjelpe pasienten med eigenbehandlinga.

Pust Deg Bedre: Hvordan komme i gang som fysioterapeut, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre inneheld ulike pusteteknikkar som står sentralt i lungefysioterapi. Nokre teknikkar losnar sekret, nokre mobiliserar sekret, nokre fjernar sekret, og nokre treff fleire av målsettingane. Her finn du ei oversikt over kva pusteteknikkar som er visualiserte i appen.

I tillegg til at animasjonane viser korleis øvinga vert utført, er også den fysiologiske responsen i luftvegane visualiserte. Det meste av teksten under vil du også finne att i appen. Dersom dine pasientar kan ha utbytte av nokre av teknikkane, vert det anbefalt at du hjelper pasienten i gong med appen.

Metaforane si hensikt er å gje deg ulike forklaringsmodellar i rettleiinga di, der målet er å gje pasienten djupare innsikt i lungefysioterapi. I metaforane vert fysiologiske prosesser i luftvegane samanlikna med kvardagslege situasjonar som ofte kan gje meining for pasienten. Dette har til hensikt å styrke pasienten til å gjennomføre behandlinga utan deg til stades, noko som kvalitetssikrar arbeidet ditt.

For at metaforane skal ha ein verdi for pasienten, vert det anbefalt at dei implementerast som ein del av rettleiinga. Det inneber at metaforane vert nytta aktivt, og at meininga vert forklart slik at pasienten forstår samanhengen mellom metafor og lungefysioterapi.

Her er forslag til  fire metaforar du kan nytta i dialog med din pasient. Det ligg også ein videoanimasjon i appen for å hjelpe pasientane å handtere andenaud.

  • Huset
    «Huset» samanliknar prosessen å lausne, flytte og fjerne sekret i luftvegane med at sekretet i metaforen vart transportert gjennom eit treetasjes hus frå kjellar til loft.
  • Vegen
    «Vegen» samanliknar det å flytte sekret oppover mot halsen med det å køyre bil på ein veg. Både sekretet og bilen er avhengig av infrastruktur for å komme seg fram.
  • Seglbåten
    «Seglbåten» samanliknar hastigheita på luftstraumen i lungene med vind i segla på ein båt. Prinsippet for flytting og framdrift er likt for både båten og sekretet.
  • Fem om dagen
    «Fem om dagen» er ein kort videoanimasjon som gjev gode råd for korleis pasienten kan handtere andenaud i kvardagslege situasjonar.​

Pust Deg Bedre: Til hjelp for fysioterapeuter, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre: Hvordan komme i gang som fysioterapeut, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre: Pust med åpne luftveier, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre: Hoste og slimfjerning, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre: Hostekontroll, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Denne digitale løysinga er utvikla av spesialfysioterapeut i Helse Førde, Elin Johnsen, i samarbeid med teknologiselskapet Haptiq AS. Pust Deg Bedre er i skjeringspunktet mellom fagspesialisering og moderne teknologi, men har eit grensesnitt som sikrar ei god brukaroppleving.

Pust Deg Bedre kvalitetssikrast og vidareutviklast i nærst samarbeid med fleire partnar. For å sikre brukarperspektivet, har lungesjuke og  kommunale fysioterapeutar i Fjaler, Bremanger og Askvoll kommune bidrege i utviklinga. Det faglege innhaldet er forankra i kunnskapsbasert praksis, og teknikkane i appen er valgt ut isamarbeid med spesialfysioterapeut på Sørlandet sjukehus. Landsforeninga for Hjerte og lungesjuke, og LHL-klinikken Gardermoen er og viktige bidragsytarar, med deira spesialistkompetanse og nære tilknytning til brukarane. 

Økonomiske bidragsytarar for utvikling av applikasjonen er Helse Vest RHF og Stiftelsen Dam. Stiftelsen Dam har også bidrege økonomisk for å utvikle nettsida pustdegbedre.no.

Pust Deg Bedre har vore under utvikling sidan januar 2018, og det blir jamnleg jobba med oppdateringar som skal gje deg endå betre brukaroppleving. For å få det til, ønsker vi gjerne kommentarar frå deg. Du kan sende oss ei tilbakemelding ved å svare på brukarundersøkinga som kjem opp den tredje gongen du opnar appen, eller via e-postadressa pustdegbedre@helse-forde.no. Dette er heilt frivilleg, og vil ikkje påvirke tilbodet ditt om helsehjelp som pasient.

Kontakt

pustdegbedre@helse-forde.no
Helse Førde, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde.

En person med langt hår

Elin Johnsen

Idéskapar og spesialfysioterapeut

Pust Deg Bedre er utvikla og kvalitetssikra i tett samarbeid med fleire dyktige fysioterapeutar som har mange års erfaring med lungefysioterapi. 

Fysioterapeutane har brei kompetanse og deira bidrag til utvikling og kvalitetssikring har vore heilt avgjerande for at Pust Deg Bedre har blitt det fagverktøyet det er i dag. Faglege engasjement og eit felles ønske om å skape ein betre kvardag for lungesjuke har vore til uvurderleg hjelp og støtte. Takk for både kritiske og kunnskapsrike innspel i utviklingsarbeidet, og ikkje minst for inspirasjon og motivasjon undervegs. 

Tusen takk for unike og viktige bidrag!

En kvinne som smiler til kameraet

Anne Kristine Brekka

Fysioterapeut på Sørlandet Sykehus i Arendal.

Anne Kristine har jobbet med lungefysioterapi til ulike pasientgrupper i over 15 år. Hun har også flere års erfaring som kursleder i NFF, hvor hun holder kurs innenfor fagområdet hjerte- og lungefysioterapi.

«Lungefysioterapi er en kunst. Vi lungefysioterapeuter kan lære pasienter hvordan de kan hjelpe seg selv, og Pust Deg Bedre er et godt hjelpemiddel i læringsprosessen.»

En person som har på seg hette

Ulla Pedersen

jobbar på LHL-Sjukehuset Gardermoen. Ho er spesialist i hjerte og lungefysioterapi, og har mastergrad i Helsefagvitenskap fra UiO.

Ulla er kursinstruktør for NFF, har utvikla kurset Fysioterapi for personar med lungesjukdomar (2007), Trening som middel og mål. I tillegg er ho fysioterapirepresentant i komiteen som arrangerar Lungerehabiliteringskonferansen, (sidan 2001) og har delteke på utarbeiding av Aktivitetshandboka, (kapittelet om kols), bidrege på kurs, konferansar og tekstar om fysioterapi for personar med ulike lungesjukdomar.

«Jeg ser at en app om hvordan mestre komplikasjoner med pust og slimproduksjon er svært nyttig. Det vil kunne hjelpe pasienten i både å unngå, men også behandle forverrelser på en skånsom og effektiv måte, og derav også unngå å svekke funksjonsnivå, men heller styrke funksjonsnivået. Vi håper og tror at denne appen vil gjøre det lettere for pasienten å mestre sine lungekomplikasjoner, og få mer overskudd til et sosialt og aktivt liv, og dermed bedre funksjonsnivå og livskvalitet.»

En person som bruker briller

Tiina Andersen

jobbar som postdoktoral forskar og spesialfysioterapeut ved Nasjonalt Kompetansetjeneste for Heimerespiratorbehandling ved Lungeavdelinga og ved Fysioterapiavdelinga, Haukeland Universitetsjukehus, samt som Førsteamanuensis på Institutt for Helse og Funksjon ved Høgskulen i Bergen.

Tiina har 20 års erfaring med lungefysioterapi ved ulike diagnoser, bla.a. kronisk respirasjonssvikt.

«Pust Deg Bedre -appen er et nyttig hjelpemiddel for fysioterapeuter som individualiserer og tilpasser behandling  med tiltak i lungefysioterapi til hjemmebruk.»

En kvinne som smiler til kameraet

Bente Frisk

Førsteamanuensis ved Masterutdanninga i klinisk fysioterapi ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helse og funksjon.

I tillegg har ho ein bistilling i Helse Bergen, Fysioterapiavdelinga, der ho jobbar med forskning og fagutvikling. Frisk har meir enn 20 års klinisk erfaring i rehabilitering av lungepasientar, og leiar i dag fleire forskningsprosjekt innan rehabilitering for ulike pasientgrupper.

PustDegBedre er kompatibel med einingar produsert frå 2016 og nyare. For IOS inneber det Iphone 7 og oppover, medan det for Android er mange fleire modellar og difor vanskelegare å gje ei oversikt over kva modellar som fungerer. Årstal vil vere ein peikepinn på om eininga støttast eller ikkje.

Dersom du har andre problem med nedlasting/innhald i applikasjonen, prøv følgjande:

  • Slå av applikasjonar som står på i bakgrunnen. Desse syg datakraft
  • Slå telefonen heilt av og på att. Det plar rydde i systemet.
  • Oppdater til nyaste operativsystem tilgjengeleg for modellen.
  • Avinstaller appen og installer på nytt
  • Tillat varslar i telefon-innstillingane
  • Viss du framleis vert plaga, kontakt support på pustdegbedre@helse-forde.no
  • Helse Vest IKT er systemforvaltar for Pust Deg bedre, men alle henvendingar går via kontaktpunktet pustdegbedre@helse-forde.no 

Kva er lungefysioterapi?

Pust Deg Bedre byggjer på lungefysioterapi som eit internasjonalt anerkjent fagområde i fysioterapi. Teknikkane rettar seg mot spesifikke symptom, uavhengig av kva lungesjukdom pasienten har. Det er ikkje ein teknikk som er betre enn dei andre, men det er viktig å merke seg at ein oppnår best effekt når behandlinga blir utført etter den enkelte sitt behov. Individuell tilpasning er altså nøkkelen til eit godt resultat.

Lungefysioterapi er ei behandling som skal hjelpedeg som har slimplagar med å fjerne dette. Lungefysioterapi består av ulike pusteteknikkar som losnar slimet, transporterer det mot munnen og fjernar det. I lungefysioterapi gjeld det å få luft bak slimet ved å sikre at lufta fordeler seg godt i heile luna, og aukar luftstraumen på utpusten for å flytte og fjerne slimet. Behovet for å losne, flytte og fjerne slim vil vere skiftande for dei aller fleste, og det er viktig å få god rettleiing av fysioterapeut, slik at du sjølv kan identifisere kva du har behov for. Ei forutsetning for optimal behandling er at fysioterapeut inviditilpassar teknikkane saman med deg.

Kunnskapsbasert praksis

Teorigrunnlaget i appen er forankra i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis inneber at fysioterapeutar brukar ulike kunnskapskjelder i praksisen sin, for å gje best mogleg behandling. Dei faglege avgjerslene bygger på:

  • Forskningsbasert kunnskap
  • Erfaringsbasert kunnskap
  • Pasienten sine ønsker og behov

Metodikk

I appen Pust Deg Bedre finn du avsnitt som skildrar og utdjuper kva som skjer i animasjonane. Avsnitta er korte og inneheld ei begrensa mengd med informasjon. Dette fordi formatet i ein mobilapplikasjon ikkje tillet lange fagtekstar, då det vil gå på bekostning av brukaropplevinga. Vi har difor komprimert og trukket ut essensen i vitenskaplege artiklar, for å gjere det lettare for fysioterapeutar og lungesjuke å tileigne seg kunnskap utan å måtte fordjupe seg i forskninga. Målet er å gje brukarane eit verktøy som aukar moglegheita for etterleving, gje fagleg tryggleik og på den måten manifestere lungefysioterapi som fagområde.

Dersom ein som fysioterapeut ønsker å fordjupe seg i faget, kan ein delta på kurs i lungefysioterapi ved Norsk Fysioterapiforbund, eller ta klinisk master i hjarte og lungefysioterapi. Vedlagte referansar gir også ei djupare innsikt i teorigrunnlaget som Pust Deg Bedre bygger på. 

Under finn du referansane for det vitenskaplege grunnlagete i Pust Deg Bedre

Referansar

  • Blakstad Nilsson, B., & Klætte, T. (2021). Hjelp til selvhjelp – en intervensjonsstudie om lungefysioterapi til pasienter med bronkiektasier. Fysioterapeuten
  • Bott, J., Blumenthal, S., Buxton, M., Ellum, S., Falconer, C., Garrod, R., Harvey, A., Hughes, T., Lincoln, M., Mikelsons, C., Potter, C., Pryor, J., Rimington, L., Sinfield, F., Thompson, C., Vaughn, P., & White, J. (2009). Guidelines for the physiotherapy management of the adult, medical, spontaneously breathing patient. Thorax, 64(Suppl 1), i1.
  • DOI: https://doi.org/10.1136/thx.2008.110726
  • Booth, S., & Johnson, M. J. (2019). Improving the quality of life of people with advanced respiratory disease and severe breathlessness. Breathe, 15(3), 198–215.
  • DOI: https://doi.org/10.1183/20734735.0200-2019
  • Button, B. M., & Button, B. (2013). Structure and Function of the Mucus Clearance System of the Lung. Cold Spring Harbor Perspectives in Medicine, 3(8).
  • DOI: https://doi.org/10.1101/cshperspect.a009720
  • Chamberlain, S., Garrod, R., & Birring, S. S. (2013). Cough suppression therapy: Does it work? Pulmonary Pharmacology & Therapeutics26(5), 524–527.
  • DOI: https://doi.org/10.1016/j.pupt.2013.03.012
  • Donaldson, S. H., Bennett, W. D., Zeman, K. L., Knowles, M. R., Tarran, R., & Boucher, R. C. (2006). Mucus Clearance and Lung Function in Cystic Fibrosis with Hypertonic Saline. New England Journal of Medicine354(3), 241–250.
  • DOI: https://doi.org/10.1056/NEJMoa043891
  • Elkins, M. R., & Bye, P. T. (2011). Mechanisms and applications of hypertonic saline. Journal of the Royal Society of Medicine104(1_suppl), 2–5.
  • DOI: https://doi.org/10.1258/JRSM.2011.S11101
  • Elkins, M. R., Robinson, M., Rose, B. R., Harbour, C., Moriarty, C. P., Marks, G. B., Belousova, E. G., Xuan, W., & Bye, P. T. P. (2009, oktober 8). A Controlled Trial of Long-Term Inhaled Hypertonic Saline in Patients with Cystic Fibrosis (world) [Research-article]. Http://Dx.Doi.Org/10.1056/NEJMoa043900; Massachusetts Medical Society.
  • DOI: https://doi.org/10.1056/NEJMoa043900
  • Elkins, M., Jones, A., & Schans, C. P. van der. (2006). Positive expiratory pressure physiotherapy for airway clearance in people with cystic fibrosis. Cochrane Database of Systematic Reviews2.
  • DOI: https://doi.org/10.1002/14651858.CD003147.pub3
  • Elkins, M. R., Robinson, M., Rose, B. R., Harbour, C., Moriarty, C. P., Marks, G. B., Belousova, E. G., Xuan, W., & Bye, P. T. P. (2006). A Controlled Trial of Long-Term Inhaled Hypertonic Saline in Patients with Cystic Fibrosis. New England Journal of Medicine354(3), 229–240.
  • DOI: https://doi.org/10.1056/NEJMoa043900
  • Fagevik Olsén, M., Lannefors, L., & Westerdahl, E. (2015). Positive expiratory pressure – Common clinical applications and physiological effects. Respiratory Medicine109(3), 297–307.
  • DOI: https://doi.org/10.1016/j.rmed.2014.11.003
  • Fink, J. B. (2007). Forced Expiratory Technique, Directed Cough, and Autogenic Drainage. Respiratory Care52(9), 1210.
  • Giæver, P. (2015). Lungesykdommer (3. utg.). Universitetsforl.
  • https://www.nb.no/search?q=oaiid:»oai:nb.bibsys.no:991405629074702202″&mediatype=bøker
  • Gosselink, Rik. (2003). Controlled Breathing and Dyspnea in Patients with Chronic Obstructive Pulmonary Disease (COPD). Journal of Rehabilitation Research and Development 40(5 Suppl 2):25–33.
  • DOI: 10.1682/jrrd.2003.10.0025.
  • Gursli, S. (2000). Lungefysioterapeuter gjør det med pusten: Fysioterapeuten13.
  • Gursli, S. (2005). Lungefysioterapi: En dynamisk prosess. Unipub.
  • Gursli, S. (2016, november). Spesifikk Hosteteknikk. Hjertesukket.
  • Helsedirektoratet. (2012). Kols. Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging. Helsedirektoratet.
  • Helsedirektoratet. (2019). Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgenNasjonal faglig retningslinje. Oslo.
  • Henrotech. (2010). FLUTTER VRP1. Respiratory device for vibratory therapy of the lungs. User instructions.
  • Hough, A. (2001). Physiotherapy in Respiratory Care 3E: An Evidence-Based Approach to Respiratory and Cardiac Management 3rd Edition (3rd edition). Nelson Thornes Ltd.
  • International Physiotherapy Group for Cystic Fibrosis. (2019). Physiotherapy for People with Cystic Fibrosis: From Infant to Adult (7th edition). International Physiotherapy Group for Cystic Fibrosis.
  • Khan, S. Y., & O’Driscoll, B. R. (2004). Is nebulized saline a placebo in COPD? BMC Pulmonary Medicine4(1), 9.
  • DOI: https://doi.org/10.1186/1471-2466-4-9
  • Klætte, T., & Struksnæs Fjone, K. (u.å.). Hvordan håndtere Covid-19 pasienter.
  • https://www.fysi.no/hvordan-handtere-covid-19-pasienter-tonje-klaette-kristina-struksnaes-fjone/
  • McIlwaine, M., Bradley, J., Elborn, J. S., & Moran, F. (2017). Personalising airway clearance in chronic lung disease. European Respiratory Review26(143).
  • DOI: https://doi.org/10.1183/16000617.0086-2016
  • Nicolson, C. H. H., Stirling, R. G., Borg, B. M., Button, B. M., Wilson, J. W., & Holland, A. E. (2012). The long term effect of inhaled hypertonic saline 6% in non-cystic fibrosis bronchiectasis. Respiratory Medicine106(5), 661–667.
  • DOI: https://doi.org/10.1016/j.rmed.2011.12.021
  • Olsén, M. F., Lannefors, L., & Westerdahl, E. (2015). Positive expiratory pressure – Common clinical applications and physiological effects. Respiratory Medicine109(3), 297–307.
  • DOI: https://doi.org/10.1016/j.rmed.2014.11.003
  • Oslo Universitetssykehus. (2020). Fysioterapi til COVID – 19 pasienter på Oslo universitetssykehus (Versjon 2.0). Oslo Universitetssykehus.
  • Parisien-La Salle, S., Abel Rivest, E., Boucher, V. G., Lalande-Gauthier, M., Morisset, J., Manganas, H., Poirier, C., Comtois, A.-S., & Dubé, B.-P. (2019). Effects of Pursed Lip Breathing on Exercise Capacity and Dyspnea in Patients With Interstitial Lung Disease: A RANDOMIZED, CROSSOVER STUDY. Journal of Cardiopulmonary Rehabilitation and Prevention39(2).
  • https://journals.lww.com/jcrjournal/Fulltext/2019/03000/Effects_of_Pursed_Lip_Breathing_on_Exercise.7.aspx
  • Pryor, J. (1999). Physiotherapy for airway clearance in adults. European Respiratory Journal14(6), 1418.
  • Pryor, J. A., & Prasad, A. S. (2008). Physiotherapy for Respiratory and Cardiac Problems: Adults and Paediatrics. Elsevier Health Sciences.
  • Pryor, J. A., & Webber, B. A. (1998). Physiotherapy for respiratory and cardiac problems (2nd edition). Churchill Livingstone.
  • Sutton, P. P., Gemmell, H. G., Innes, N., Davidson, J., Smith, F. W., Legge, J. S., & Friend, J. A. (1988). Use of nebulised saline and nebulised terbutaline as an adjunct to chest physiotherapy. Thorax43(1), 57–60.
  • Terry, P. B., & Traystman, R. J. (2016). The Clinical Significance of Collateral Ventilation. Annals of the American Thoracic Society13(12), 2251–2257.
  • DOI: https://doi.org/10.1513/AnnalsATS.201606-448FR
  • The Bronchiectasis Toolbox. (u.å.).
  • https://bronchiectasis.com.au/
  • Volsko, T. A. (2013). Airway Clearance Therapy: Finding the Evidence. Respiratory Care58(10), 1669.
  • DOI: https://doi.org/10.4187/respcare.02590
  • Williams, R., Rankin, N., Smith, T., Galler, D., & Seakins, P. (1996). Relationship between the humidity and temperature of inspired gas and the function of the airway mucosa. Critical Care Medicine24(11).
  • https://journals.lww.com/ccmjournal/Fulltext/1996/11000/Relationship_between_the_humidity_and_temperature.25.aspx

 

Sist oppdatert 07.02.2024