Sarkoidose
Sarkoidose er ein sjeldan sjukdom der det oppstår betennelsar i ulike organ i kroppen. Lungene er det organet som oftast blir ramma. Hos dei fleste går sjukdommen over, men for nokon kan den vara livet ut.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som viser til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Dersom legen som vurderer tilvisinga finn at du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, vil du få innkalling til time.
Utredning
Sarkoidose påviser vi oftast som følge av funn på røntgenbilde av lungene, med etterfølgande bronkoskopi der det vanlegvis blir tatt skyljeprøver, celleprøver og/eller vevsprøver. Lungefunksjonsprøver og av og til blodprøver kan vere med å styrke mistanke om sarkoidose.
Ved sarkoidose i andre organ enn lungene blir det som regel tatt vevsprøve frå det aktuelle organet.
Behandling
Behandling av sarkoidose vil avhenge blant anna av plagene dine og kva organ som er ramma.
Betennelsane som oppstår i lungene ved sarkoidose kan danne arrvev i lungene som øydelegg normalt lungevev. Dette kan føre til permanent nedsetting av lungefunksjonen. Vi tilbyr regelmessige kontrollar for å følge med på utviklinga av sjukdommen, slik at vi kan sette i verk behandling som førebygger utviklinga når det blir nødvendig.
For dei fleste vil kontrollane bestå av blodprøver, pusteprøver og røntgen av lungene. Dersom kontrollane viser at det er nødvendig å starte med behandling, er det i dei fleste tilfelle kortisonbehandling i tablettform som er mest aktuelt.
Oppfølging
Over 90 prosent av dei som får sarkoidose blir heilt friske, enten ved at sjukdommen går over av seg sjølv eller ved hjelp av behandling.
For somme blir sjukdommen kronisk. Dei fleste med kronisk sarkoidose har lange gode fasar med få eller ingen symptom, men opplever gjentakande episodar livet ut der sjukdommen blir meir aktiv igjen. Oppfølginga frå helsevesenet vil avhenge av plagene dine.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde