Vanlegvis krev undersøkingane inga førebuing.
Dersom du tidlegare er operert for skjegling kan det vere nyttig å tenkje gjennom desse spørsmåla før du kjem til undersøking:
- Kvar blei du behandla, og eventuelt kva slags operasjon blei gjord?
- Hugsar du eller foreldre dine om eitt eller begge auga blei opererte?
- Blei det eventuelt gjort fleire operasjonar?
- Blei skjeglinga betre etter operasjonen?
- Har du alltid skjelt?
- Har skjeglinga endra seg?
- Har du pleidd å vri på hovudet?
Det kan vere nyttig å sjå på bilete frå barndommen. Dersom du har gamle operasjonsnotat, ta dei med. Dei kan vere svært verdifulle.
