Kirurgi
Viss celleprøva viser at det er kreft, er behandlinga operasjon. Heile skjoldbruskkjertelen blir som regel fjerna, såkalla tyreoidektomi, og lymfeknutar på halsen blir også fjerna. Viss celleprøva ikkje kan gi svar på om det er kreft eller ikkje, vil den eine halvdelen av skjoldbruskkjertelen der svulsten er, bli send til mikroskopisk undersøking. Dersom det er kreft, vil ein vurdere om det er nødvendig å fjerne resten av skjoldbruskkjertelen.
Alvorlege komplikasjonar etter skjolbruskkjerteloperasjoner er heldigvis sjeldne. Det vi fryktar mest er skade av stemmebandnerven (nervus laryngeus recurrens) som er ein tynn nerve som går kloss i skjoldbruskkjertelkapselen og kan derfor bli skadd ved operasjonen. Denne nerven gir impulsar til små musklar som regulerer stramminga av stemmebandet og ved skade kan pasienten bli svært hås. Vi gjer alt for å unngå denne komplikasjonen som i dag heldigvis er sjeldan.
Ein annan komplikasjon som kan oppstå om ein får fjerna heile kjertelen, er at ein får for lågt kalsium i blodet etter operasjonen fordi biskjoldbruskkjertlane blir skadde eller får nedsett blodtilførsel. Desse kjertlane lagar eit hormon (PTH) som er viktig for reguleringa av kalsiumnivået i blodet. Viss kalsiumnivået blir lågt kan ein få plagsame biverknader m.a. i form av prikninger rundt munnen, i fingrar, tær og nasetipp og ei kjensle av uro i kroppen. Ein må ta kalsiumtablettar og nokon må også ete D‐vitamintablettar for å få eit rett kalsiumnivå. Som oftast er dette forbigåande plager og vi reknar med at mindre enn 2‐3% treng å bruke tablettane for resten av livet pga. permanent nedsett funksjon i biskjoldbruskkjertlane etter operasjonen. Som etter alle operasjonar kan det også oppstå bløding eller infeksjon i operasjonssåra men dette er også svært sjeldan.
Behandling med tyroksin (Levaxin ®)
Etter operasjonen må du ha tilførsel stoffskiftehormonet tyroksin (Levaxin®) resten av livet. Tyroksin erstattar tyreoideahormonene som kroppen ikkje lenger lagar og som er livsnødvendige slik at du ikkje blir hypotyreot. Vidare veit vi at TSH frå hypofysen kan stimulere vekst av eventuelle restar av kreften. Derfor må du få så stor dose tyroksin at produksjonen av TSH i hypofysen blir redusert.
Etter behandling for skjoldbruskkjertelkreft vil dei fleste få slik suppresjonsbehandling med Levaxin® slik at TSH verdien blir låg eller ikkje målbar. Dette vil likevel vere avhengig av klassifiseringa til sjukdommen så at pasientar med lågast risiko for tilbakefall ikkje nødvendigvis treng suppresjonsbehandling.
Behandling med radioaktivt jod (131l)
Alle pasientar treng ikkje behandling med radioaktivt jod. Det blir gjort her ei individuell vurdering, dette vil seie at pasientar med tidleg oppdaga kreft og låg risiko ikkje nødvendigvis treng dette.
Av og til vil det vere nødvendig med fleire behandlingar med radioaktivt jod med ‐6‐9 månaders mellomrom. Radiojodbehandling er også aktuelt ved tilbakefall av sjukdom.
For at radiojodbehandlingen skal vere så effektiv som mogleg, er det viktig at skjolbruskkjertelcellene forbigåande er tilstrekkeleg stimulert av eit høgt TSH‐nivå. Ein tilstrekkeleg TSH‐stimulering blir oppnådd etter 4‐5 veker utan tyroksin. Her er det vanleg at ein bruker kunstig TSH (Thyrogen®) over 2 dagar som eit alternativ til 5 veker utan tyroksin, om det ikkje er slik at behandlinga blir gitt pga. tilbakefall av sjukdommen.
Når ein blir behandla med radioaktivt jod, må nokre pasientar vere innlagde på sjukehus. Av strålevernsutstyr vil pasienten ligge på isolat 1‐3 dagar, og det vil vere avgrensingar i besøk den første tida etter behandlinga. Ved låge dosar radioaktivt jod kan “heimeisolering” vere tilstrekkeleg.