Behandling
Sosial angst - veileda internettbehandling
Sosial angst er den vanlegaste angstlidinga i Noreg, og er kjenneteikna av ei vedvarande frykt for at andre skal tenke negativt om oss. Redselen kan gjelde i éin eller nokre få bestemte typar situasjon eller på tvers av ulike situasjonar. Symptoma er meir omfattande enn det å være sjenert eller å ha prestasjonsangst. Angsten skapar vansker med å fungere i det daglege og kan føre til at ein ikkje deltek i familieliv, arbeidsliv, skulegang eller sosiale samanhengar i den grad ein skulle ønskje.Introduksjon
eMeistring behandlar sosial angst med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og nå, og har som mål at den som er i terapi skal lære kva som skapar angst og korleis ein kan meistre den. I behandlinga jobbar ein konkret med bestemte situasjonar som gjev ubehag, og korleis ein kan tenke og handle annleis i desse. Ved å utfordre fastlåste tanke- og atferdsmønster kan vi erfare at følelsane våre og kroppen sine reaksjonar ikkje er overveldande og at vi meistrar angsten.
Les meir om sosial angst og kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no.
Behandlinga i eMeistring føregår via internett. I staden for å møte opp for å motta terapi ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider når og kvar det passar. Alle som mottar behandling i eMeistring får oppfølging av en terapeut vekentleg. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.
Behandling for sosial angst i eMeistring varer i 14 veker, og består av 9 delar. Kvar del inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.
Lesestoffet fortel korleis sosial angst oppstår, kvifor angsten ikkje forsvinn av seg sjølv, og kva ein kan gjere for å meistre angsten.
Øvingane hjelp den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gjev opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.
Spørjeskjemaene måler symptom på sosial angst, og vert brukt for å sikre at behandlinga fungerar.
Behandlinga i eMeistring har same innhold som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden eMeistring nyttar kallast “veileda internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering kor den samla forskninga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.
Tilvising og vurdering
Det er fleire måtar å søke om behandling i eMeistring:- Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøfter tilvisning til eMeistring med din behandlar og søker i samarbeid med han eller ho.
- Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ynskjer eMeistring i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eMeistring.
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Svar på henvisning
Før
Dersom vi vurderar at du kan ha nytte av eit behandlingstilbud hjå eMeistring, vil du bli innkalt til ein vurderingstime. Som standard vert denne timen gjennomført ansikt til ansikt, men det er også mogleg å gjennomføre timen som videokonsultasjon. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.
Målet med vurderingstimen er å gjennomføre ei utgreiing av vanskane dine, og å gje informasjon om behandlinga. Utgreiing er ein del av all behandling i spesialisthelsetenesta og innebærer ei kartlegging av symptoma dine, viktige livshendingar og livssituasjonen din i dag. Utgreiinga vert gjort for å sikre at dei menneska som ønsker hjelp får ei behandling som passar.
Før vurderingstime
Før du møter til vurderingstime anbefalar vi at du besøker sjukehuset sine nettsider for å lære meir om eMeistring. Den første delen av behandlinga eMeistring tilbyr er tilgjengeleg for alle, og vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi anbefalar deg å lese denne før vurderingssamtalen.
Fleire av sjukehusa som tilbyr eMeistring nyttar også ei «pre-kartlegging» via internett før du møter til vurderingstimen. Om dette er aktuelt for deg vil du motta informasjon om denne og ein SMS med link til kartlegginga ca éi veke før vurderingstimen.
I vurderingstimen
I vurderingstimen vil du bli møtt av ein behandlar i eMeistring. Behandlaren vil stille deg spørsmål om vanskane dine og livet ditt for å best mogleg forstå korleis vanskane dine artar seg. Du kan stille spørsmål om behandlinga og de vil saman vurdere kva som er den beste løysinga for deg.
Under
Dersom vi vurderer at tilbodet eignar seg for deg, får du tilsendt innloggingsinformasjon til vår behandlingsplattform på nett, slik at du kan starte behandling i eMeistring. Du loggar deg på behandlinga med BankId.
Arbeidet i eMeistring er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren din når det passar for deg, og saman arbeidar de om å finne dei beste tiltaka for deg.
I eMeistring arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og veiledar deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandler skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelige situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon. Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter hverdagen din. Dette kan innebære at du får konstruktive tilbakemeldinger om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få enda meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga.
Den terapeutiske alliansen er avgjerande for ein god effekt av behandlinga. I dette omgrepet ligg opplevinga av at du og din behandlar er einig om målet med behandlinga, korleis de skal nå dette målet, og at du føler deg sett, respektert, forstått og støtta. Forsking har gjentatte gongar vist at dess sterkare den terapeutiske alliansen er, dess betre er utfallet av behandlinga. I eMeistring er vi opptatt av å skape ein god og sterk allianse, sjølv om den ikkje foregår i det tradisjonelle terapirommet. Vi verner om å skape gode, forutsigbare og validerande rammer, som kan vere medverkande til at du tek ei aktiv rolle i behandlingsprogrammet og kan føle deg trygg på å sette ord på det som er vanskelig, det du har lyst å unngå og be om hjelp til det du trenge støtte til. Dess meir åpen og deltakande du er, dess større sjanse for at din terapeut kan sjå og forstå og imøtekome dine behov innan dei rammene behandlinga set.
Vår erfaring viser at dei som inkluderar sine næraste i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane, særleg dersom ein opplever motløyse eller dalande motivasjon. Det kan difor være ei god hjelp å fortelje og å vise kva du arbeider med i behandlinga til dine pårørande eller ein nær ven.
Den viktigaste delen av behandlinga er øvingane og treninga på desse. Dette arbeidet skjer ikkje inne på nettsidene til eMeistring, men i kvardagen din. Øvingane kan verte tilpassa dine vanskar og har som mål at du lærer nye måtar å møte vanskelege situasjonar på. For å få mest mogleg ut av behandlinga er det jevn trening på øvingane som gjeld. Vi anbefalar at du brukar øvingane og teknikkane du lærer minst éin time kvar dag.
Behandlinga for sosial angst inneheld desse delane:
- Lære om sosial angst og behandlinga
- Å bli bevisst eigne tankar og atferd
- Å bryte den onde sirkelen
- Å utfordre redselen
- Eksponering og fokusskifte
- Å eksponere seg for usikkerhet
- Å håndtere problem ved eksponering
- Å kommunisere med andre
- Forebygging av tilbakefall
Etter
Når behandlinga er fullført vil du få tilbod om ein samtale med din behandlar. Oppfølginga i programmet vert avslutta, men du vil ha tilgang til alt innholdet i behandlinga i 6 måneder. Du kan laste ned og skrive ut innholdet om du ynskjer.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Psykiatrisk klinikk

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde