Behandling, eBehandling

Sosial angst - veileda internettbehandling

Sosial angst er den vanlegaste angstlidinga i Noreg, og er kjenneteikna av ei vedvarande frykt for at andre skal tenke negativt om oss. Redselen kan gjelde i éin eller nokre få bestemte typar situasjon eller på tvers av ulike situasjonar. Symptoma er meir omfattande enn det å være sjenert eller å ha prestasjonsangst. Angsten skapar vansker med å fungere i det daglege og kan føre til at ein ikkje deltek i familieliv, arbeidsliv, skulegang eller sosiale samanhengar i den grad ein skulle ønskje.

eBehandling

eBehandling behandlar sosial angst med kognitiv åtferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og nå, og har som mål at den som er i terapi skal lære kva som skapar angst og korleis ein kan meistre den. I behandlinga jobbar ein konkret med bestemte situasjonar som gjev ubehag, og korleis ein kan tenke og handle annleis i desse. Ved å utfordre fastlåste tanke- og åtferdsmønster kan vi erfare at følelsane våre og reaksjonane i kroppen ikkje er overveldande og at vi meistrar angsten.

Les meir om sosial angst og kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no.

Behandling via internett

Behandlinga i eBehandling skjer via internett. I staden for å møte opp for å motta terapi ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider når og kvar det passar. Alle som mottar behandling i eBehandling får oppfølging av en terapeut kvar veke. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.

Behandling for sosial angst i eBehandling varer i 12 veker, og består av 8 kapittel. Kvart kapittel inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.

  • Lesestoffet fortel korleis sosial angst oppstår, kvifor angsten ikkje forsvinn av seg sjølv, og kva ein kan gjere for å meistre angsten.
  • Øvingane hjelper den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gjev opplæring i teknikkar som ein trener på gjennom behandlinga.
  • Spørjeskjemaa måler symptom på sosial angst, og vert brukte for å sikre at behandlinga fungerer.

Behandlinga i eBehandling har same innhaldet som kognitiv åtferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden eBehandling nyttar, kallest “rettleidd internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering der den samla forskinga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.

Terapeutveiledet internettbehandling ved psykiske lidelser – en fullstendig metodevurdering (fhi.no)

Tilvising og vurdering

Det er fleire måtar å søke om behandling i eBehandling:

  • Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøfter tilvisning til eBehandling med din behandlar og søker i samarbeid med han eller ho.
  • Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ynskjer eBehandling i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til

For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:

Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no kor du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.

Svar på henvisning

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til din telefon. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjort, kva som skjer vidare og om dine rettar. Dersom vi vurderar at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.  

Tilvisinga må innehalde følgande opplysningar:

  • Pasientdata
    Navn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer.
  • Vurdering av rett til helsehjelp
    Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
  • Tilhøyrande DPS
    Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eBehandling treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
  • Tilvisingsdiagnose
    Hoveddiagnose og evt. bidiagnose. Dersom eBehandling skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem være sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller lett til moderat depresjon.

  • Bakgrunn
    Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan.
    Sjekk spesielt ut om pasienten kan forstå norsk på eit god nivå, og om h*n har tilgang til internett.
  • Psykiatrisk sjukehistorie
    Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
  • Aktuelt
    Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysningar omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko. Angi pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
  • Relevant somatisk problematikk
    Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander?
    Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
  • Medikamentbruk
    Preparatnamn, formulering, styrke, dosering.
    Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering (same dose dei siste 4 vekene) med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med
  • Vurdering med grunngjeving for tilvising
    Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.
    Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.

eBehandling eignar seg ikkje for personar med:

  • Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
  • Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov kan ein motta behandling i eBehandling for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
  • Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
  • Jevnleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Kontakt eBehandling dersom du ynskjer å diskutere unntak.
  • Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
  • Alvorleg depresjon (MADRS ≥ 35)
  • Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
  • Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
  • Bustad utanfor Norge.
  • Forventa lengre fråvær enn 2 veker i løpet av behandlingstida.
  • Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.

eBehandling er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eBehandling.

Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må utgreiast lokalt og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon, før tilvisinga sendast til eBehandling.

Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.

Adresse:

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
eBehandling
Postboks 1400
5021 Bergen

Ring oss gjerne på telefon 56 34 32 50 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eBehandling

  • eBehandling vurderar om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
  • Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eBehandling innan 2-3 veker. eBehandling held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
  • eBehandling har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eBehandling er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eBehandling må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eBehandling ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.

Før

Dersom vi vurderer at du kan ha nytte av eit behandlingstilbud hjå eBehandling, vil du bli innkalt til ein vurderingstime. Som standard vert denne timen gjennomført ansikt til ansikt, men det er også mogleg å gjennomføre timen som videokonsultasjon. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.

Målet med vurderingstimen er å gjennomføre ei utgreiing av vanskane dine, og å gje informasjon om behandlinga. Utgreiing er ein del av all behandling i spesialisthelsetenesta og inneber ei kartlegging av symptoma dine, viktige livshendingar og livssituasjonen din i dag. Utgreiinga vert gjort for å sikre at dei personane som ønsker hjelp, får ei behandling som passar.

Før vurderingstimen

Før du møter til vurderingstime anbefaler vi at du besøker nettsidene til sjukehuset  for å lære meir om eBehandling. Det første kapittelet i eBehandling er tilgjengeleg for alle, og vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi anbefalar deg å lese dette før vurderingstimen.

Fleire av sjukehusa som tilbyr eBehandling nyttar også ei «pre-kartlegging» via internett før du møter til vurderingstimen. Om dette er aktuelt for deg vil du motta informasjon om denne og ein SMS med link til kartlegginga cirka éi veke før vurderingstimen.

I vurderingstimen

I vurderingstimen vil du bli møtt av ein behandlar i eBehandling. Behandlaren vil stille deg spørsmål om vanskane dine og livet ditt for best mogleg å forstå korleis vanskane dine artar seg. Du kan stille spørsmål om behandlinga og de vil saman vurdere kva som er den beste løysinga for deg.

Under

Behandlingsprogram på nett

Dersom vi vurderer at tilbodet eignar seg for deg, får du tilsendt innloggingsinformasjon til vår behandlingsplattform på nett, slik at du kan starte behandling i eBehandling. Du loggar deg på behandlinga med BankId.

Arbeidet i eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren din når det passar for deg, og saman arbeidar de om å finne dei beste tiltaka for deg.

Skriftleg tilbakemelding

I eBehandling arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og rettleier deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandleren skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelige situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon. Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter kvardagen din. Dette kan innebere at du får konstruktive tilbakemeldinger om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få endå meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga.

Den terapeutiske alliansen

Den terapeutiske alliansen er avgjerande for ein god effekt av behandlinga. I dette omgrepet ligg opplevinga av at du og din behandlar er einig om målet med behandlinga, korleis de skal nå dette målet, og at du føler deg sett, respektert, forstått og støtta. Forsking har gjentatte gongar vist at dess sterkare den terapeutiske alliansen er, dess betre er utfallet av behandlinga. I eBehandling er vi opptatt av å skape ein god og sterk allianse, sjølv om den ikkje foregår i det tradisjonelle terapirommet. Vi verner om å skape gode, forutsigbare og validerande rammer, som kan vere medverkande til at du tek ei aktiv rolle i behandlingsprogrammet og kan føle deg trygg på å sette ord på det som er vanskelig, det du har lyst å unngå og be om hjelp til det du trenge støtte til. Dess meir åpen og deltakande du er, dess større sjanse for at din terapeut kan sjå og forstå og imøtekome dine behov innan dei rammene behandlinga set.

 

Inkluder dine næraste

Vår erfaring viser at dei som inkluderer sine næraste i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane, særleg dersom ein opplever motløyse eller dalande motivasjon. Det kan difor være ei god hjelp å fortelje og å vise kva du arbeider med i behandlinga til dine pårørande eller ein nær ven.

Øving og trening

Den viktigaste delen av behandlinga er øvingane og treninga på desse. Dette arbeidet skjer ikkje inne på nettsidene til eBehandling, men i kvardagen din. Øvingane kan verte tilpassa dine vanskar og har som mål at du lærer nye måtar å møte vanskelege situasjonar på. For å få mest mogleg ut av behandlinga er det jevn trening på øvingane som gjeld. Vi anbefaler at du brukar øvingane og teknikkane du lærer, minst éin time kvar dag.

Behandlinga for sosial angst inneheld desse delane:

  • informasjon om sosial fobi
  • ein modell for sosial fobi og eksponering for kroppslege reaksjonar.
  • eksponering for sosiale situasjonar.
  • korleis gjere eksponeringa mest mogleg effektiv.
  • meir om eksponering.
  • å handtere vanskar som kan oppstå ved eksponering, og aksept.
  • håndtering av tilbakesteg.
  • å vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida.

Etter

Når behandlinga er fullført vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Oppfølginga i programmet vert avslutta, men du vil ha tilgang til alt innhaldet i behandlinga i 6 måneder. Du kan laste ned og skrive ut innhaldet om du ynskjer det.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Psykiatrisk klinikk

Kontakt Psykiatrisk klinikk
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.