Behandling
Sterilisering av kvinner
Sterilisering er ein liten operasjon som hindrar evna til å få barn. Det skjer ved at eggleiarane blir fjerna, slik at egget ikkje kan bli befrukta ved samleie. Hormonbalansen og sexlysta er upåverka av operasjonen og du har framleis eggløysing og menstruasjon. Inngrepet kan ikkje gjerast om. Har du den minste tvil, bør du derfor velgje ei anna form for prevensjon. Sterilisering hindrar graviditet, men vernar deg ikkje mot seksuelt overførbare sjukdommar. Bruk kondom om du er sterilisert og har fleire partnarar.
Inngrepet er ei alvorleg avgjerd og du kan ikkje bli gravid på vanleg måte i etterkant. Det eignar seg for kvinner som er hundre prosent sikre på at dei ikkje ønskjer seg fleire barn, og som har problem med andre former for prevensjon.
Inngrepet er sikkert og har ingen biverknader utover dei som kan eksistere ved einkvar kikholsoperasjon. Inngrepet er rekna som hundre prosent sikkert, men også ved denne metoden kan det i sjeldne tilfelle skje svikt.
Sterilisering kan utførast hos ikkje-gravide, eller i samband andre gynekologiske operasjonar (til dømes keisarsnitt). Operasjonen blir utført på gynekologisk eller kirurgisk avdeling på sjukehus.
Pasientbetaling for sterilisering er i dag kr 6079 for kvinner.
Samtykkje
Du må vurdere grundig, fritt og uavhengig om sterilisering er den beste måten for deg å hindre uønska svangerskap på. Bestemmer du deg for å bli sterilisert, må du underteikne skjemaet "Begjæring om sterilisering", der du også stadfestar å ha fått informasjon om inngrepet. Legen skriv deretter ei tilvising til det sjukehuset eller til den privatpraktiserande spesialisten som skal utføre steriliseringa, og sender skjemaet med underskrifta di dit.
Legen som utfører operasjonen, skal på førehand forvisse seg om at du har fått informasjon om inngrepet, eventuelt gje den sjølv. Ventetida for å bli sterilisert varierer fra sjukehus til sjukehus.
Sjølv om du har underskrive begjæringa om å bli sterilisert, kan du når som helst ombestemme deg før operasjonen. Hugs i så fall å avbestille timen for inngrepet.
Tilvising og vurdering
Ønskjer du å bli sterilisert, kan du kontakte legen din eller ein klinikk som driv med prevensjonsrettleiing. I nokre tilfelle kan også legen ta opp spørsmålet med deg. Legen skal opplyse deg om korleis operasjonen blir utført og om kva det inneber å late seg sterilisere. Legen vil også fortelje deg om andre prevensjonsmetodar som kan vere aktuelle.
Ved spesielle medisinske tilstandar kan inngrepet bli dekka av sjukehuset.
Før
Før inngrepet kan bli gjort, må du skrive under på eit krav om sterilisering. Dette kan bli gjort hos fastlegen, eller ved oppmøte for for journalopptak. Som regel får du time til journalopptak og undersøking nokre veker før inngrepet, og deretter får du tid til sjølve operasjonen.
Du møter fastande om morgonen, blir operert, og så reiser du heim om ettermiddagen eller kvelden same dag.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Operasjonen blir gjort i narkose som kikholsoperasjon.
Eggleiarane vert fjerna, slik at egget ikkje kan komme frå eggstokken gjennom eggleiaren til livmora. Egget vil då komme ut i bukhola, løyse seg opp og forsvinne. På denne måten kan sædcellene ikkje nå egget, og befruktninga blir hindra.
Etter
Du kan reise heim same dag som du er operert.
Dei fleste har litt smerte i nokre dagar etter operasjonen. Dette er som regel skuldersmerter og smerter i mellomgolvet, forårsaka av CO2-gass som blir brukt under operasjonen. Nokre kan få forbigåande temperaturstigning første kvelden og natta.
Alvorlege komplikasjonar (skade på indre organ som blodkar, tarm og urinblære) er svært sjeldne. Nokre får sårinfeksjon i hud.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september flyttar vi inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi blir framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, vil bli merka. Her finn du føde, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I begynnelsen av oktober flyttar kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.
Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241
Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde