Før operasjonen blir du informert av kirurgen om sjølve inngrepet, gongen i behandlinga og forventa resultat.
Du må fjerne all sminke før operasjonen.
Indikasjon til operasjonen kan vere hudforandringar (føflekker, arr, vorter eller andre utvekstar) der vi er usikre på diagnosen eller kosmetisk skjemmande forandringar som hindrar augelokkfunksjonen.
Før operasjonen blir du informert av kirurgen om sjølve inngrepet, gongen i behandlinga og forventa resultat.
Du må fjerne all sminke før operasjonen.
Dei fleste inngrep skjer i lokalbedøving.
Ved forandringar på sjølve augelokkskanten, fjernar vi ofte ein bit av sjølve augelokket for å få best mogleg resultat.
Etter fjerning av små forandringar, kan vi velje å la såret gro av seg sjølv. Litt større sår syr vi gjerne saman på ein måte som gir best kosmetisk eller funksjonelt resultat.
For å unngå hevelse og bløding kan du kjøle ned det opererte området med til dømes isbitar i klut når du kjem heim.
Du skal unngå fysisk aktivitet der du pressar deg.
Du kan sjølv fjerne bandasjen etter eit par dagar. Kontakt fastlegekontoret for å få fjerna stinga (suturane) etter éi veke, om ikkje kirurgen har sagt noko anna.
Dersom det er sendt inn prøve til mikroskopisk undersøking (histologi), vil både tilvisande lege og du få svaret tilsendt etter nokre veker.
Du må ikkje køyre bil sjølv på operasjonsdagen!

Svanehaugvegen 2
6812 Førde