Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Tårevegsoperasjon

Tårevegsoperasjon (DCR) er aktuelt ved heilt tett tårekanal eller når tidlegare freista oppstaking/sondering av trong kanal ikkje har løyst problemet. Ved operasjonen blir det laga eit hol gjennom nasebeinet, og slimhinna blir sydd som ei kopling mellom tåresekken og naseslimhinna.

Tilstand og operasjon

Auget må drenerast for den nødvendige fuktgivande tårevæska via to tynne kanalar i kvart lokk som møtest i tåresekken og vidare ned til nedre del av nasehòla. Vanlegaste stad for hinder er etter/nedanfor tåresekken. Den mest eigna staden for ei anna rute for tårene er gjennom den tynne delen av nasebeinet innanfor sekken. Der blir det ved denne operasjonen (DCR) laga ein ny slimhinnetunnel gjennom eit nylaga hol i beinet. Dette skjer oftast via eit arbeidshol i huda.

Dei fleste operasjonar blir utførte i lokalbedøving. Barn blir opererte i narkose.

Andre aktuelle inngrep mot tåreflod kan vere korreksjon av augelokkstillinga (ut-/innvrengt eller slakt). Det kan også vere tronge tårepunkt, tronge kanalar i augelokkdelen eller berre middels tronge kanalar. For desse tilstandane blir nødvendig stillingskorreksjon utført, eller ein trer inn eit dren som skal liggje i den originale tårekanalen for ein periode (3 eller 6 månadar). Etter enda behandlingstid blir så drenet teke ut igjen og kanalen er meir rommeleg.  

Tilvising og vurdering

Ein lege bør undersøkje om tårekanalen er tett. Dei fleste stadar blir dette gjort av augelege. Det er ønskjeleg at augespesialist utanfor sjukehuset utfører denne tårekanalskyljinga, slik at dei som kjem til sjukehuset for denne operasjonen verkeleg har tett kanal.

Dersom utgreiinga er gjord slik og informasjon er gitt om type inngrep, kan pasienten stå i kø for operasjon frå starten, ikkje først i kø for undersøking.

Ved tvil om tett kanal eller om andre inngrep bør utførast, er det naturleg og bra at pasienten blir tilvist til undersøking ved sjukehuset først. Dette vil då forlengje den totale ventetida.

  • Er behandling for problemet tidlegare forsøkt?
  • Har pasienten hatt konjunktivittar?
  • Har pasienten hatt dacryocystitt (infeksjon i tåresekken)?
  • Bruker pasienten antikoagulasjon, kva for ein, på kva indikasjon?
  • Dersom pasienten MÅ bruke kontinuerleg antikoagulasjon (sjå eige punkt under «FØR») så må det ein forundersøkingstime til, på poliklinikken på sjukehuset. Dette for å planleggje dagane like før og etter inngrepet med tanke på antikoagulasjon.
  • Har pasienten bruk for angstdempande premedikasjon? (influerer på oppmøtetidspunkt)

Før

For operasjon i lokalbedøving:

  • Du kan ete og drikke som normalt før operasjonen
  • Du kan ta dei faste medisinane dine som vanleg, med nokre unntak:
    • Blodfortynnande medisinar som Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard skal du ikkje ta dei siste 14 dagane før operasjonen
    • Marevan og Pradaxa skal du ikkje ta siste veka før operasjonen. I staden må det brukast Fragminsprøyter éin gong dagleg veka før operasjonen. Dette blir avtalt med legen når operasjonen blir planlagd. Dersom fastlegen er trygg på dette så kan det gjerast der.
    • Dersom du bruker annan blodfortynnande medisin som ikkje er nemnd her må du informere tilvisande lege om dette.
  • Operasjonsdagen møter du utan sminke, parfyme og smykke

Det trengst 20-30 minutt for at generelt roande Valium (under tunga) skal verke. Eventuelt 60 minutt for Sobril (panikkangstdempande). Gi beskjed til sjukepleiar raskt etter oppmøte dersom det ikkje er avtalt på førehand.

Under

Du får bedøvande dropar i begge auga, og huda rundt auget blir desinfisert. Du får tilbod om ein roande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet. Området rundt auget blir så dekt til med ein steril duk.

Legen set lokal bedøving i nasen (spray og tøystrimmel), ved nasen og ved auget. Dette kan vere ubehageleg og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du lite smerte.

Operasjonen tek kring 1,5 timar, og det er viktig at du ligg roleg under operasjonen. Vi hjelper deg til rette undervegs.

Etter

  • Operasjonsdagen må du ta det med ro. Det er viktig at du ikkje snyter deg, berre dreg slim inn og spyttar, elles kan det komme luft inn under huda. Dette gjeld i 4-5 dagar, deretter kan du snyte deg som vanleg.
  • Du bør helst sitje eller liggje med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt, gjerne med fleire puter under hovudet.
  • Unngå svært varme drikker, kaffi og te, resten av operasjonsdagen, fordi såret kan blø på nytt innvendig når slimhinna blir utvida av varme.
  • Du bør ikkje køyre bil operasjonsdagen.
  • Du bør ikkje bøye deg langt framover første 2-3 dagane etter operasjonen.
  • Unngå å gni på huda og hald såra tørre.
  • Ver varsam ved dusj og hårvask slik at du ikkje får skyljevatnet i såret. Augesminke blir ikkje tilrådd før stinga er fjerna. Unngå hard fysisk aktivitet den første veka etter operasjonen.

Operasjonen gir mellombels misfarging av huda (gul/blå). Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter nokre veker. Somme kan oppleve smerter eller ubehag etter operasjonen. Bruk eventuelt vanleg smertestillande som til dømes  Paracet.

Sting

Stinga blir fjerna etter rundt 7 dagar.  Dette kan anten gjerast hos fastlegen eller eventuelt ved poliklinikken til augeavdelinga. Dette blir avtalt med legen.

Sjukmelding

Du bør ta det roleg i 3-5 dagar. Ofte vil ei sjukmelding i 5-7 dagar vere aktuelt dersom du ikkje har ein fysisk roleg arbeidssituasjon. Ved behov for sjukmelding får du det etter operasjonen.

Ver merksam

Bløding og infeksjon er uvanleg. Ta kontakt med avdelinga som opererte deg, ved bløding eller mistanke om infeksjon.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Augeavdeling

Kontakt Augeavdeling

Oppmøtestad

Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.