Behandling

Tvungen psykisk helsehjelp

Har du ei psykisk liding, skal både undersøking og behandling i utgangspunktet skje frivillig. Tvangsinnlegging eller andre former for tvang er berre tillate når det er heilt nødvendig, og lova stiller strenger krav til når tvang kan brukast.
Psykisk helsevern er undersøking og behandling av psykiske lidingar som skjer i spesialisthelsetenesta, det vil seia på sjukehus eller distriktspsykiatrisk senter (DPS). Treng du hjelp eller behandling i psykisk helsevern, skal det som hovudregel vera frivillig.

Viss det er heilt nødvendig, opnar likevel psykisk helsevernslova for at du som pasient kan bli underlagd tvang – under føresetnad av at ei rekkje strenge vilkår er oppfylt. Dette er kalla tvungent psykisk helsevern.


Kontakt

Nordfjord psykiatrisenter Psykisk helsevern

Kontakt Psykisk helsevern

Oppmøtestad

Nordfjord psykiatrisenter - telefon 57 86 43 30

 

En bygning med en fontene i fronten

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid

Transport

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.