- Dersom du bruker medisin mot svimmelheit, må du ikkje ta desse den same dagen som du skal til undersøking.
- Dersom du bruker medisinar, ta med ei oppdatert medisinliste.
Undersøking av augerørsler
Undersøking av augerørsler kan brukast til å avdekkje enkelte sjukdommar i veslehjernen og hjernestammen. Undersøkinga går ut på at du skal følgje eit objekt i rørsle, medan augerørslene dine blir målte.
Undersøkelsen går ut på at du skal følge et objekt i bevegelse, mens øyebevegelsene dine måles.
Før
Under
Under testen skal du følgje eit objekt framfor deg med blikket utan å bevege på hovudet.
Du kan få videobriller på deg før undersøkinga startar. Vanlegvis sit du i ein stol.
Undersøkinga er delt inn i to deltestar
- Følgjetest går ut på at du skal følgje eit objekt som bevegar seg jamt frå side til side.
- Sakkadetest går ut på at du følgjer eit objekt som flyttar seg raskt frå stad til stad.
Det er viktig at du konsentrerer deg og fokuserer på objektet. Augerørslene dine blir målte av ei maskin.
Det er vanleg at denne undersøkinga blir utført som eit ledd i utgreiinga saman med andre testar av til dømes høyrsels- og balanseorgan.
Etter
Legen vil tolke resultata. Du kan vere i aktivitet som vanleg etter undersøkinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde