Urinveisinfeksjon
Urinveisinfeksjon inneber bakteriell infeksjon i urinvegane og omfattar både blærekatarr og nyrebekkenbetennelse. Med blærekatarr meiner vi bakteriell infeksjon av urinblæras og urinrørets slimhinner.
Symptom
Dei vanlegaste symptoma på blærekatarr er hyppig og sviande vannlating, samt ubehag i nedste del av magen og eventuelt rygg. Blærekatarr kallast ukomplisert dersom pasienten er ei kvinne, som ellers er frisk og ikkje gravid. Hos menn blir urinveisinfeksjon alltid sett på som komplisert.
I nokre tilfelle kan infeksjonen spre seg til øvre delar av urinvegane og nyrane, dette kallast nyrebekkenbetennelse. Då har ein som regel også feber og i nokre tilfelle kvalme og oppkast.
Ukomplisert blærekatarr kan hos nokon gå over av seg sjølv, men det er vanleg å behandle med antibiotika ved plagsomme symptom. Ukomplisert blærekatarr blir behandla hos fastlege, men i nokre tilfelle vil kompliserte infeksjonar kunne kreve sjukehusinnlegging.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Ved tilbakefall av symptom eller ved feber, ta kontakt med fastlege / legevakt.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde