Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vurdering av demens til personar med utviklingshemming

Hos personar med utviklingshemming kan demens bety at ein mistar ferdigheiter ein har hatt før. Det kan vere å klare seg i kvardagen, snakke eller delta i aktivitetar. Nokon blir meir stille, trekte tilbake eller urolege. For mange kan dette komme tidlegare i livet enn hos andre.

Førekomsten av demens aukar med alderen. Ved enkelte syndrom er det høgare førekomst av demens, blant anna hos personar med Downs syndrom.

Ved utgreiing og behandling av demens hos personar med utviklingshemming er det viktig å samanlikne korleis den kognitive og fysiske funksjonen din er nå, med korleis han var før. Dette kan handle om minne, merksemd, språk, praktiske ferdigheiter i kvardagen, og korleis du fungerer sosialt og i aktivitetar.

Symptoma på demens kan forvekslast med sjukdommar som for eksempel depresjon, angst, psykose, forvirringstilstandar, mangel på vitamin, stoffskifteproblematikk, sansetap (syn og høyrsel) og infeksjonar. Dei tidlege teikna på demens kan også forvekslast med dei vanskane du i utgangspunktet har på grunn av utviklingshemminga di.

Tilvising og vurdering

Fastlegen gjennomfører helsesjekk for utviklingshemma i forkant av tilvisinga.

Førebuing til årleg helsekontroll hos fastlegen (aldringoghelse.no)

Det er som regel fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som kan tilvise deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO).

Du blir kalla inn til møte med HAVO på sjukehuset eller HAVO kjem heim til deg. I HAVO blir du tildelt ein koordinator, og i samarbeid med deg blir det sett opp ein plan for utgreiing og behandling.

Vi vurderer nye tilvisingar fortløpande, og du vil få svar på tilvisinga innan vurderingsfristen.

Utgreiing

Utgreiinga vil gjerast av både lege ved sjukehuset og andre behandlarar, som for eksempel psykolog, vernepleiar, ergoterapeut eller fysioterapeut. Delar av utgreiinga blir gjorde på sjukehuset, mens noko kan gjerast heime hos deg.

Vi stiller diagnosen demens ved at vi kartlegg symptoma dine og gjer undersøkingar for å utelukke andre årsaker enn demens. Nokre av undersøkingane gjer vi saman med deg, mens for andre intervju vi dine nærpersonar.

Først innhentar vi opplysningar om tidlegare sjukdommar og beskriving av korleis du har fungert før. Ulike sjekklister og testar kan bli brukte. Dette blir gjort i samarbeid med dine pårørande og andre nærpersonar, for eksempel tilsette i bustaden din. Det kan bli aktuelt å ta blodprøver og bildeundersøkingar (MR eller CT) av hjernen din.

Ved at den nåverande funksjonen din blir samanlikna med korleis du har fungert tidlegare, blir diagnosen sett ut frå den tverrfaglege vurderinga til behandlarane.  

Behandling

Etter at demensdiagnosen er stilt, vil vi gi informasjon, opplæring og rettleiing til deg, dine nærpersonar, bustadpersonell og pårørande. Det kan vere at du får medisinar for å bremse utviklinga av demens, eller for å dempe symptom som åtferdsvanskar, uro og angst.

Viktig fokus ved behandlinga kan vere:

  • Råd om tilrettelegging i bumiljø og busituasjon.

  • Råd om nødvendige hjelpemiddel og bistand.

  • Å behandle plager som angst, uro og depresjon, og samtidig følge opp andre sjukdommar som kan gjere demenssymptoma verre. Behandlinga kan vere både medisinar, psykologbehandling og miljøtiltak i samarbeid med kommunen.

  • Rettleiing til deg eller dine nærpersonar om ernæring og aktivitetar.

  • Støttesamtalar til deg og dine pårørande.

Oppfølging

I oppfølginga kan det vere aktuelt å gjenta ei funksjonskartlegging, rettleie pårørande og kommunalt personal, og å evaluere og tilpasse behandlinga fortløpande.

Ved avslutta utgreiing og behandling ved avdelinga blir det vidare oppfølgingsansvaret overført til andre, som regel fastlegen din eller andre avdelingar ved sjukehuset. Dei faglege ansvarlege for dei tenestene du får i kommunen din vil også kunne få eit ansvar for vidare oppfølging.

Ved avslutta utgreiing og behandling blir overført det vidare oppfølgingsansvaret som regel til fastlegen din. Dei faglege ansvarlege for tenestene du får i kommunen, og minneteamet til kommunen, vil også kunne ha ansvar for vidare oppfølging.

Det kan vere aktuelt at du blir tilvist på nytt dersom symptoma dine endrar seg.

Her finn du meir informasjon om demens som er tilrettelagd for personar med utviklingshemming: https://lettlestdemens.no/

Sist faglig oppdatert 16.01.2025

Kontakt

Psykisk helsevern