Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sosial angst - internettbehandling

Hovudkjenneteiknet ved sosial angst er ei sterk redsle for situasjonar der ein føler seg vurdert eller granska av andre. Redsla kan gjelde éin eller nokre få bestemte situasjonar.

nærbilde av andleta til tre ungdomar på gata

Det dreier seg då ofte om vanskar med å utføre eller prestere noko medan andre ser på. Til dømes sosiale situasjonar som møter, lunsjpausar på jobben, tilstellingar med vener og familie, gå på offentlege kontor, snakke i forsamlingar og liknande. 

Det er heller ikkje uvanleg at ein har problem med å ete eller drikke, eller skrive mens andre ser på. Sosial angst kan bli så sterk at ein unngår slike situasjonar fordi dei gir så mykje ubehag. Dette kan føre til at ein ikkje deltar i familieliv, arbeidsliv, skulegang eller sosiale samanhengar i den grad ein skulle ønskje.

Første modul i behandlingsprogrammet for sosial angst (pdf)

eBehandling for sosial angst bygger på boka «Social fobi- Effektiv hjälp med kognitiv beteendeterapi» av Tomas Furmark, Annelie Holmström, Elisabeth Sparthan, Per Carlbring og Gerhard Andersson.

Slik foregår eBehandlinga for sosial angst - trinn for trinn

 

Sist oppdatert 08.05.2024