Garderobe og bekledning
Garderobe finn du i 7. etasje, rom 7105. I samme korridor vil du finne felles møterom. På sjukehuset brukar du uniform. Privat tøy skal ikkje vere synleg under uniformen, men det er anledning til å ha korterma ull/t-skjorte under uniformen. Ta med eigne sko. Set du igjen sko i garderoben, er det på eige ansvar. Grøne kittlar og fleecejakker er tilgjengelege i garderoben. Kvit bukse hentar ein frå tilvist lager i 0. etasje. Skittentøy plasserer du i riktig skittentøyskorg etter bruk.
Hygiene
Handvask inn og ut av alle pasientrom, etter pasientkontakt, før matservering, og liknande. Bruk handsprit-dispensarar som heng rundt i fellesområda, eventuelt handvask med såpe og vatn. Etter at du eksempelvis har pussa nasen, spritar du deg. Host i albogen, dersom du har behov for det. På sjukehuset brukar du rein uniform. Ikkje bruk parfyme, ringar, klokke, eller andre handsmykker, og fjern neglelakk/kunstige negler. Har du langt hår, samlar du det. Vi hjelper kvarandre å hugse på dette.
ID-kort
ID-kort får du utlevert ved ID-kontoret i 1. etasje. Kortet identifiserer deg og di rolle på sjukehuset, og må takast godt vare på.
Parkering
Parkering er gratis på tilviste parkeringsplassar på sjukehuset sitt område. Ver opp-
merksom på at somme parkeringsplassar er reservert til spesifikke funksjonar.
Tausheitsplikt
Tausheitsplikta inneber at du ikkje kan bringe nokon form for pasientopplysningar ut av sjukehuset. Pasientopplysningar skal ikkje delast med frivillige eller andre. Lister og lappar med namn skal makulerast (eller leggast i blå makuleringsboks) før du forlet sjukehuset. Treff du kjende som er pasientar eller pårørande i sjukehuset, er det viktig å forklare at du har tausheitsplikt i rolla di som frivillig. Ber pasienten deg om å helse heim, må du be vedkomande frigjere deg frå tausheitsplikta.
Kurs og arrangement
Grunnkurs er obligatorisk for nye frivillige, og blir sett opp fleire gongar årleg. I grunnkursert får alle nye frivillige ved Førde sentralsjukehus ei grunnopplæring i sentrale tema som hygiene, smittevern, tausheitsplikt, brannvern, ernæring og kommunikasjon/etikk. Gjennom året blir det tilbod om fagleg påfyll og andre sosiale aktivitetar.