Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker som står i et rom med vinflasker

Vernissasje med elevkunst

Elevane ved Førde VGS sitt kunstoppdrag for Helse Førde vart avslutta med ein fin-fin vernissasje. Under markeringa vart det delt ut gode ord og vakre blomar som takk for innsats og flott resultatet. Kunsten er på plass og har sett sitt preg på treningsrommet.

Publisert 21.06.2024
Sist oppdatert 08.10.2024

Elevar, lærarar, foreldre og Helse Førde var samla for å feire at utsmykkingsprosjektet i treningsrommet til fysikalsk medisin er ferdig.  

Det er elevane ved VG2 Kunst, Design og Arkitektur ved Førde VGS som i fjor fekk i oppdrag å lage eit lydabsorberande kunstverk basert på temaet natur.  

Ei gruppe menneske samla i eit rom

Klinikkdirektør Børge Tvedt ønska velkommen og takka elevar og lærarar for godt utført arbeid.  

I talen sa Tvedt mellom anna at;   
- Dette er vi Helse Førde stolte over, at vi utfordra dykk – elevar ved Førde vidaregåande til å løyse denne utsmykkingsoppgåva.  

- Det er eit medvite val frå vår si side. Som offentleg institusjon har vi eit spesielt samfunnsansvar med å bringe studentar og elevar inn i verksemda vår, og gje dei innsikt, kunnskap og erfaringar som dei kan ta med seg vidare i yrkeskarrieren sin. 

Ei gruppe mennesker som står i eit rom med bord med mat og drikke

Elevane fortalde sjølve om korleis dei hadde jobba med oppgåva og korleis dei hadde nærma seg det endelege resultatet. På bildet er Iman Amirovna Saydulaeva, Johanne Selvik og Engel Eikås Tansøy. 

I bakgrunnen ser vi Mona Fossdal og Karoline Vie frå Førde VGS.

Prosjektet har pågått heile skuleåret, der store delar av timane vart brukt til dette oppdraget. Siste innspurt med bestilling av materiale og oppstart på det endelege produktet starta våren 2024.   

Elevane har imponert med stor arbeidsinnsats. Ikkje berre vart dei ferdige med alt, men dei vart ferdig ei veke før planlagd ferdigstilling.   

En gruppe mennesker som står foran et bord med drinker

Avdelingsleiar Stig Igland rosa arbeidet og resultatet. - Utsmykkinga skulle vere lydabsorberande, det skulle passe for alle i alle aldrar, det skulle verke oppkvikkande og motiverande, men på same tid vere roleg slik at pasientar og tilsette ikkje skulle bli stressa. Vi i fysikalsk medisin tykkjer at elevane har innfridd dette på ein svært god måte. 

Saskia Burleson deler ut blomar til elevane.

En gruppe mennesker som står rundt et bord med vinflasker

I Helse Førde har prosjektet vore følgt opp av rådgjevar Gitta Sas, kunstfagleg konsulent Saskia Burleson og Liv Steinbakk Krognes frå brukarutvalet. Her blir Burleson takka for god elevoppfølging av Mona Fossdal, avdelingsleiar ved Førde VGS. 

En kvinne i blå kjole og en kvinne i blå kjole

Mona Fossdal hadde også ein blome til faglærar Karoline Vie.

Denne gjengen har stått på enormt mykje med oppdraget, og har teke det seriøst. Dei delte seg inn i fleire grupper og jobba med forskjellege delar av prosessen. Elevane viste svært god samarbeidsevne og god arbeidsdriv. Dei har rett og slett gjort oss stolte over å ha dei som elevar.
Faglærar Karoline Vie
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Stolte og glade elevar. 

Elevane ved VG2 Kunst, Design og Arkitektur 2023/2024 ved Førde VGS.

Alle elevane, men ikkje i rekkefølgje: Maria Alesandra Amoro Aarseth, Melina Larsen Evebø, Tomine Linnea Eltvik, Angelica Jean Emnacin Gumatay, Adrosis Paulsen, Lilja Brendehaug Berge, Ida Stusdal Sagen, Johanne Selvik, Vilde Nena Aarseth, Iman Amirovna Saydulaeva, June Olin Frøholm, Engel Eikås Tansøy.  
Lærarane Karoline Vie og Svein Myklebust. 
 

Meir om kunstoppdraget.Elevar laga kunst til treningsrom - Helse Førde HF (helse-forde.no)