Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Frivillige i Helse Førde

Berit finn meining i å vere frivillig: – Eg heldt han i handa og viste at eg var der for han

Berit Grue har vore lærar i 40 år, men fann raskt ein ny kvardag då ho vart pensjonist. No møter ho pasientar og pårørande som frivillig ved Førde sentralsjukehus, og opplever at sjølv små handlingar kan bety mykje for dei som treng det mest.

Publisert 16.12.2025
Portrettbilde av frivillige Berit Grue

Frå klasserom til sjukehus

Berit Grue vart pensjonist i haust, etter mange år som lærar ved Førde ungdomsskule. For ho var det heilt naturleg å bruke engasjementet sitt til å bidra med noko positivt, også i den nye kvardagen utanfor klasserommet.

– Eg hadde bestemt meg for å bli frivillig før eg slutta å jobbe. Etter å ha lese om tilbodet i Firda, og snakka med ei venninne som allereie var med, var valet enkelt, seier ho.

Berit trivst ute i naturen, og tek gjerne med seg den firbeinte turkameraten sin på tur i skogen eller på fjellet. Friluftslivet har alltid vore viktig for henne, og ute koplar ho av og finn ro.

– Det er ein heilt ny kvardag å vere pensjonist. Eg har mykje tid til å vere ute og gjere mine ting, men det er likevel kjekt å ha noko fast å gå til. Difor har eg allereie meldt meg på fleire ekstravakter som frivillig, fortel ho med eit smil.

Det kjennes meiningsfullt

Arbeidet som frivillig er annleis enn læraryrket på mange områder, men ho kjenner igjen gleda ved å hjelpe andre, særleg dei som står i sårbare situasjonar.

Berit opplever at pasientar og pårørande set stor pris på dei frivillige sin innsats. Å kome til sjukehuset kan vere både stressande og forvirrande, spesielt når ein i tillegg må finne fram til rett etasje, poliklinikk og korridor.

– Vi kan bidra til å redusere dette stresset, slik at pasientane kan senke skuldrane og fokusere på behandlinga si, seier ho.

Ho hugsar godt ein pasient som hadde grua seg til sjukehusbesøket.

– Då eg møtte ho i vestibylen, tok ho i armen og følgde ho til poliklinikken, såg eg korleis skuldrane senka seg og roen kom tilbake. På veg ut stoppa ho og takka oss varmt for at vi var der – det betydde mykje for ho å få hjelp akkurat då.

Berit har også opplevd situasjonar der språket har vore ei utfordring. Ho fortel om ein pasient som kom til sjukehuset og berre snakka russisk.

– Eg prøvde meg på både engelsk og tysk, men forstod raskt at han ikkje skjønte kva eg sa. Då sette eg meg ned saman med han, heldt han i handa og viste at eg var der for han. Sjølv om vi ikkje kunne snakke saman, såg eg at det hjelpte å ha nokon attmed seg som såg han. Det handlar mykje om å vere eit medmenneske, om å bli sett og møtt med varme og tid. 

Lærer nye ting kvar dag

Berit legg ikkje skjul på at det framleis er mykje nytt for henne også.

– Eg lærer noko nytt kvar dag, og av og til må eg fram på skilttavla eller spørje kollegaer for å finne fram sjølv, ler ho.

Ho håpar at fleire avdelingar vil bruke dei frivillige endå meir framover, og oppmodar fleire til å bli med.

– Eg anbefaler alle som har lyst til å bidra, om å melde seg som frivillig! Det er både kjekt og meiningsfullt, avsluttar Berit, som gjerne reklamerer for frivilligkorpset til andre pensjonistar og bekjente.