Ny ambulansestasjon i Stryn
Helse Førde skal etablere ein ny ambulansestasjon i Stryn og inviterer no utbyggjarar, eigedomsutviklarar og andre aktuelle aktørar til å delta i konkurransen om å levere framtidas ambulansestasjon for området.

Foto: Helse Førde
-Helse Førde har i to omgangar lagt ut anbodskonkurransen på Doffin, utan at dette – av ulike årsaker - har ført fram, fortel avdelingssjef i drift og eigedom, Terje Jan Nes.
- Vi er litt overraska over den låge responsen i Stryn. Det kan vere gode grunnar til det. Men dersom anbodskonkurransen gøymer seg i Doffin, den store kunngjeringsdatabasen for offentlege anskaffingar, må vi ut med meir informasjon. Vi oppmodar dei som kan vere interesserte i å bli med på prosjektet, og gjere seg kjende med konkurransegrunnlaget, seier Nes.
Marknadsdialog
Teknisk drift Helse Førde vil i lag med Sykehusinnkjøp invitere til ein marknadsdialog i Stryn, tysdag 08.09.2026, kl. 11.00. Marknadsdialogen vil gå føre seg i Stryn Kulturhus.
Meir informasjon på denne lenka:
Den nye ambulansestasjonen
Den nye stasjonen skal vere ein moderne 2-bils ambulansestasjon tilpassa døgnkontinuerleg beredskap. Lokala skal gi gode arbeidsforhold for ambulansepersonell som arbeider og oppheld seg på stasjonen gjennom lange vakter. Særleg viktig er løysingar som sikrar god logistikk, funksjonelle arbeidsareal og skjerma kvilerom som gir nødvendig ro og restitusjon mellom oppdrag.
Prosjektet opnar for både nybygg og ombygging av eksisterande bygg. Helse Førde ønskjer løysingar som kombinerer nøktern kvalitet, god funksjonalitet og ei eigna plassering med rask tilgang til hovudvegnettet. Lokalisering, tilkomst og omgjevnader vil vere viktige faktorar for å sikre effektive utrykkingar og gode arbeidsforhold for dei tilsette.
Ein langsiktig avtale
Ei leigeavtale kan strekke seg inntil tretti år. Dette gir ein føreseieleg og langsiktig avtale for den aktøren som får kontrakten.
Ei rekkje krav til den nye ambulansestasjonen
Helse Førde har samtidig stilt tydelege krav til miljø, kvalitet og berekraft gjennom heile prosjektet. Målet er å få på plass ein framtidsretta ambulansestasjon som støttar opp under eit trygt og robust akuttmedisinsk tilbod til innbyggjarane i Stryn og regionen rundt.
Ta del i samfunnsoppdraget
Aktørar med eigna tomter eller lokale, og som ønskjer å bidra til kritisk samfunnsinfrastruktur og beredskap, blir oppmoda til å setje seg inn i konkurransen og levere tilbod.