Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nienke de Glas er årets unge forskar i Helse Vest

Overlege i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet, Nienke de Glas, er kåra til årets unge forskar i Helse Vest. Ho får prisen for forskinga si på korleis eldre med kreft kan få behandling som er betre tilpassa den enkelte.

Publisert 27.11.2026
Tre personer som held diplomer

Foto: Helena Heimstad, Helse Bergen

Prisvinnarane samla. Frå venstre Nina Langeland, årets forskar, Nienke de Glas, årets unge forskar og Magne Rekdal, årets innovasjonspris.

Prisen blei delt ut under forskingskonferansen i Helse Vest i Bergen torsdag 26. november. Nienke de Glas fekk prisen for framifrå forsking på persontilpassa kreftbehandling for eldre pasientar.

– Denne prisen betyr mykje. Det kjennest som ei anerkjenning av at eg har klart å bygge opp ny forsking her i Noreg, og prisen stadfestar at eg er akkurat der eg ønsker å vere, seier Nienke de Glas.

Foto: Helena Heimstad, Helse Bergen

Nienke de Glas i Bergen etter å ha mottatt Ung forskar-prisen.

Skal gi eldre betre tilpassa kreftbehandling

Nienke de Glas er overlege ved kreftavdelinga i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Ho forskar særleg på behandling av eldre med kreft. Denne pasientgruppa har i liten grad vore inkludert i kliniske kreftstudiar. Det betyr at vi veit mindre om korleis moderne kreftbehandling verkar hos eldre enn hos yngre pasientar.

Forskinga til de Glas skal bidra til å endre på dette.

Ho og forskarkollegaene hennar undersøker mellom anna korleis alder, helse og funksjonsnivå påverkar effekten av kreftbehandling, risikoen for biverknader og livskvaliteten til pasientane. Målet er å finne ut korleis både behandling og oppfølging kan tilpassast betre til den enkelte eldre pasienten.

I grunngjevinga legg priskomiteen vekt på at forskinga gir viktig ny kunnskap om moderne kreftbehandling. Kunnskapen kan få stor betydning for betre persontilpassa behandling, både for eldre med kreft og andre sårbare pasientgrupper.

IMPACT-studien skal gi kunnskap som kan endre behandlinga

Eit viktig prosjekt i forskinga hennar er IMPACT-studien. Her undersøker forskarane om ei enkel vurdering med Clinical Frailty Scale (CFS), kombinert med ei breiare geriatrisk kartlegging, kan gi betre grunnlag for å tilpasse kreftbehandlinga til kvar enkelt eldre pasient.

Vurderingane gir helsepersonell betre kunnskap om den samla helsetilstanden og funksjonsnivået til pasienten. Dette kan gi eit betre grunnlag for å velge behandling, samtidig som ein tek omsyn til risikoen for biverknader og korleis behandlinga kan påverke kvardagen og livskvaliteten.

Allereie etter eitt år ser forskarane endringar i behandlingspraksisen i Førde.

Forskinga kan dermed gi kunnskap som får direkte betydning for møtet mellom pasienten og behandlaren. Målet er ikkje berre å behandle kreftsjukdommen, men å finne den behandlinga som passar best for den enkelte.

Har bygd opp forskingsmiljø i Førde

Då Nienke de Glas flytta frå Nederland til Noreg i 2023, trudde ho at draumen om å leie ei stor forskingsgruppe var over. I staden fann ho eit sterkt forskingsmiljø i Helse Førde og ved Høgskulen på Vestlandet.

På kort tid har ho bygd opp ei lokal forskingsgruppe i Førde, etablert eit godt regionalt og nasjonalt forskingsnettverk og sett i gang nye studiar. Priskomiteen trekk fram evna hennar til å bygge forskingsmiljø og utvikle ny kunnskap på eit fagfelt som blir stadig viktigare.

Forskinga hennar har gitt ny kunnskap om korleis aldring og helse kan påverke effekten av behandling, risikoen for biverknader og livskvaliteten til eldre med kreft. Kunnskapen kan også få betydning for andre sårbare pasientgrupper.

Prisen er dermed ikkje berre ei anerkjenning av forskinga Nienke de Glas allereie har gjort, men også av forskingsmiljøet ho er med på å bygge opp i Førde.