Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

To spennande dagar med teknologi, forsking og nye perspektiv

Kva kan teknologi og forsking bety for livet vårt i framtida? Neste veke får du høve til å utforske begge delar når Meistringsteknologi for alle og Forskarsnakk LIVE inviterer til inspirerande møteplassar for alle som er interesserte i helse, innovasjon og ny kunnskap.

Publisert 11.09.2026
ein gut med VR-briller

Foto: iStock

Korleis kan teknologi bidra til meir sjølvstende i kvardagen? Kva forskar vi på i Førde, og kvifor er det viktig for deg og samfunnet rundt oss? Neste veke får du høve til å utforske begge delar når Meistringsteknologi for alle går av stabelen i Førdehuset 16. september, og Forskarsnakk LIVE inviterer til ein inspirerande kveld på Larris scene 17. september.

Oppdag teknologi som kan gjere kvardagen enklare

På Meistringsteknologi for alle kan du sjå, prøve og lære meir om teknologi som kan bidra til auka meistring, deltaking og livskvalitet. Messa er open for alle og samlar utstillarar, fagpersonar og brukarar som viser fram løysingar for kvardagsmeistring og betre helse.

Enten du er nysgjerrig på korleis teknologi kan støtte deg sjølv, ein pårørande eller nokon du arbeider med, er dette ein god anledning til å få inspirasjon og praktiske råd.

Møt forskarane bak kunnskapen

Dagen etter er det klart for Forskarsnakk LIVE, ein kveld der forskarar frå regionen deler innsikt i aktuelle og spennande forskingsprosjekt. Arrangementet bygger vidare på suksessen frå tidlegare år, der publikum har fått møte engasjerte forskarar som formidlar store spørsmål på ein jordnær og forståeleg måte. Erfaringane frå tidlegare arrangement viser at publikum set pris på å kome tettare på både forskinga og menneska bak.

Forskingsdagane skal gjere forsking meir forståeleg og relevant for folk flest. Bak arrangementet står blant anna Helse Førde saman med fleire regionale samarbeidspartnarar.

Begge arrangementa er opne for alle, og vi håpar mange tek turen. Dette er ei unik moglegheit til å oppleve korleis ny teknologi, forsking og innovasjon er med på å forme framtidas helse- og omsorgstenester.

Velkommen til to dagar med ny kunnskap, gode opplevingar og spennande møter mellom fagfolk, forskarar og folk flest.