Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samla den akuttmedisinske kjeda

Helse Førde starta det nye året med å arrangere akuttmedisinsk seminar. Tema var prehospitale tenester i framtida.

Publisert 15.01.2018
Sist oppdatert 02.01.2024

Blant dei som stilte opp var representantar frå fylkesmannen, kommunar, legevaktar, Helsedirektoratet, Helse Vest, Brukarutvalet og ambulansetenesta i Sogn og Fjordane.

Age​ndaen

Dagen starta med nokre ord frå arrangøren, levert av konstituert administrerande direktør Børge Tvedt og klinikkdirektør og prosjektleiar Trine Vingsnes, før seminaret ga seg i kast med oppsette tema:

  • Framtidas legevakt
    Samhandling mellom kommunehelsetenesta  og ambulansetenesta m.a. i lys av akuttmedisinforskrifta
    • Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, prof. dr. med. Steinar Hunskår
  • NOU «Når det hastar»
    Hovudtrekk i utfordringar og utviklingstrendar i  akuttmedisinsk kjede
    • Sekr. leiar og seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, Jan Magne Linnsund
  • Helsevaktpilot
    Kva tenkjer ein om framtidig legevakt og kommunale akuttmedisinske tenester
    • Prosjektleiar i Helsedirektoratet, Torunn Lauritzen
  • Akuttkjeden sine utfordringar i Sogn og Fjordane
    • Ass. fylkeslege, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Linda Svori
  • Er ambulanseteneste noko meir enn sjukebil?
    • Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Steinar Olsen
  • Kva føringar ligg frå Helse Vest for prehospital verksemd?
    • Seniorrådgjevar i Helse Vest, Ingvill Skogseth
  • Prehospitale tenester i Helse Førde – Kvar står vi?
    • Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov
  • Samhandling prehospitalt
    Akuttkjeden sett med legevakten sine briller
    • Kommunelege i Flora kommune, Ronny Cassells
  • Arbeidet med ny prehospital plan i Helse Førde
    Kva treng du å vite? Korleis skal  slike prosjekt drivast i 2018?
    • Konsulent frå PWC, Eystein Hauge
    • Klinikkdirektør i Helse Førde, Trine Vingsnes

 

Paneldebatt med fem deltakarar i panelet  som sit ved eit bord
 

Seminaret vart avrunda i paneldebatt med heile salen som deltakarar. Tidlegare NRK-medarbeidar Eldgrim Fossheim var debattleiar og sørgja for at panelet vart høveleg grilla.

Frå v. til h.: Klinikkdirektør HFD Trine Vingsnes, Kommunelege i Flora Ronny Cassells, Ambulansesjef HFD Stian Sægrov, Avdelingsdirektør Helsedirektoratet Steinar Olsen og prof. dr. med. UiB Steinar Hunskår.

Presentasjonane vist fram på seminaret kan du sjå her:  

Samla presentasjon akuttmedisinsk seminar 09.01.2018 (PDF)

Lege​​vakt må styrkast

  • Legevakt på dagtid er i stor grad eit forsømt ansvar. Legevakta verkar vere nedprioritert av kommunane, og altfor mange slike legevakter er basert på overtidsarbeid frå frivillige legar. På grunn av dette oppfattar dei fleste legar legevakta som belastande, som igjen gjer det enda vanskelegare å rekruttere. Dette seier kommunelege Ronny Cassells frå Flora kommune i sitt foredrag på seminaret.

Han legg til at dei ikkje ønskjer meir sentralisering enn det dei har i dag, men at lokale einingar blir styrka der dei er.

Representantane frå både Fylkesmannen, Helsedirektoratet og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin deler desse vurderingane, og fremma alle i sine innlegg at legevakt-tenesta generelt må styrkast kraftig for å møte framtida.

M​eir samarbeid

Det var og brei semd om at det er naudsynt med enda meir tverrfagleg samhandling og tettare samarbeid mellom primær- og spesialisthelseteneste.

  • Samhandling mellom helseføretak, ambulanseteneste, kommunar og andre ledd i den akuttmedisinske kjeda er heilt kritisk for å sikre kvalitet og forsvarleg arbeid, seier lege og rådgjevar i PWC, Eystein Hauge.

Om​​​ prosjektet

Helse Førde har starta eit prosjekt som skal utgreie det prehospitale tilbodet i Sogn og Fjordane. I tillegg til fagfolk, tillitsvalde og verneteneste frå Helse Førde har prosjektgruppa medlemer frå primærhelsetenesta, kommunane og brukarutvalet.

Hovudmålet til prosjektet er «Å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester og legge til rette for godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda.»

Meir informasjon om prosjektet kan du finne her: https://helse-forde.no/om-oss/prehospital-plan-helse-forde