En bygning med et fjell i bakgrunnen

Livabygget

Hausten 2024 flyttar vi inn i nytt, somatisk sjukehusbygg - kanskje det mest moderne sjukehusbygget i landet. Les vidare, så får du vite kva som kjem på innsida, etasje for etasje.

Grovt sett er dette funksjon og innhald i dei ni etasjane i nybygget:

8. etasje: Medisinsk sengepost, 26 senger
7. etasje: Ortopedisk og geriatrisk sengepost, 26 senger
6. etasje: Kreft og kirurgisk sengepost, 26 senger
5. etasje: KK, føde-, barsel- og barneavd. 3 fødestover, 19 senger
4. etasje: Nevrologi og rehabilitering, 26 senger
3. etasje: Teknisk etasje
2. etasje: Operasjonsavdeling, 10 operasjonsstover
1. etasje: Sterilsentral, poliklinikkar, skopi og spesialrom
0. etasje: Garderobe, lager, varemottak, korridor til Dagabygget

 

Om Livabygget

  • Areal ca. 13 000 rutemeter, totalt 123 sengerom, 107 av dei utstyrt med seng for pårørande.
  • Formell overtaking av bygget er 22. august 2024. Første året etter overtaking er prøvedriftsfasen av bygget. Hausten 2024 skal vi ta imot dei første pasientane i sengepostane i Livabygget.
  • Bygget har nesten berre einsengsrom med pårørandeseng, medan det også er familierom ved kvinneklinikken og barneavdelinga som er samla i 5. etasje.
  • Endå betre pasientbehandling og ein betre arbeidskvardag for tilsette er måla våre.  For å lukkast med dette, trengs godt samarbeid på tvers, best mogeleg pasientflyt, fullgod utnytting av teknologi og digitale løysingar.
  • Ti operasjonsstover skal sikre langt betre arbeidsflyt og utnytting av kapasiteten, saman med ein ny, moderne og høgt automatisert sterilsentral i etasjen under.
  • Gjennom etablering av farmasitun skal legemiddelhandteringa bli tryggare og meir effektiv, der sengepostane får ferdig tillaga medisinane i medisintraller.
  • Rørpostsystem mellom sengepostar i Livabygget og lab i Svanabygget forenklar og effektiviserer daglege rutiner.
  • Arbeidsprosessane skal bli enklare ved varsling og oversikt på digitale tavler og smarttelefonar.
  • Det blir ny ventesone for pasientar, og i tilknyting til akuttmottaket blir det etablert observasjonspost for avklaring av pasientar som kjem inn.
  • Pasienthotellet i Svanabygget får utvida kapasitet.
 
Sist oppdatert 23.01.2024