(tidlegare Raskare tilbake)

Helse og arbeid

Er du sjukemeld eller står du i fare for å bli det? Helse og arbeid er ei vidareføring av arbeidsretta behandlingstilbod etter at ordninga "Raskere tilbake" blei lagd om frå 2018. Tilbodet er i hovudsak for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel-/skjelettlidingar.

Dette er eit tilbod til sjukemelde arbeidstakarar som skal gjere det mogeleg for dei som blir tilvist, å kome lettare tilbake i arbeid. Det er også eit tilbod til arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukemelde, med ei målsetting om å unngå sjukemelding.

Ordninga gjeld no innanfor somatikk, psykisk helsevern og rehabilitering og habilitering.

Kor kan eg få hj​​elp?

Det finst arbeidsretta tiltak i alle vestlandsfylka, men innhaldet i tiltaka kan variere i dei ulike helseføretaka.​ I Helse Førde har vi følgande tilbod:

Fysikalsk medisin og rehabilitering, Førde.

Tilbod:
Poliklinisk for pasientar med muskel-/skjelett-/ryggplager. Vi har også tilbod til deg som treng meistringsråd og hjelpemiddel. Den tverrfaglege gruppa består av fysikalsk medisinar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosionom. 

Tilvisning sendast til fys.med. avd.

Gruppebasert individretta rehabiliteringstilbod
(til pasientar med langvarige muskelsmerter/ muskelsmertetilstandar):
Poliklinikken vår i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Florø har starta opp med eit gruppebasert rehabiliteringstilbod til pasientar med langvarig muskelsmerteproblematikk. Opplegget vil vere ein dag kvar veke i til saman sju veker.

Meir informasjon om opplegget kan ein få ved å kontakte FMR poliklinikk, eller LMS Florø. Informasjonsbrosjyrer vert også sende til fastlegane i fylket.

«Livsstyrketrening - å meistre livet og jobben».

Eit mestringskurs med rettleiing i grupper for deg som har behov for, eller ønskjer å meistre og styrkje livet, utifrå den aktuelle livssituasjonen. Dette kan vere muskel- og skjelettplager og/eller lette psykiske lidingar. Via merksemdtrening og ulike kreative læremetodar blir det arbeidd med bevisstgjering av: tankar, kjensler og kropp, ressursar, vanar og mønster i kvardagen - og i arbeidslivet. Kursa vert kunngjort i lokalmedia og på nettstaden til Helse Førde.

Tilvising sendast til medisinsk avd. merka med «Livsstyrketreningskurs».

Les meir om fysikalsk medisin og rehabilitering

Helse Vest har avtale med fleire private rehabiliteringsinstitusjonar. I Sogn og Fjordane er det Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter som har avtale med Helse Vest.
Private avtalar i Helse Vest finn du her

Ved spørsmål og Helse og arbeid (tidlegare Raskare tilbake):
Koordinator Monica Sæle:

e-post: Monica Sæle

 

Korleis gå​r eg fram?

Det er fastlegen din som kan tilvise til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Her vert det gjort ei vurdering om du kan komme raskare tilbake i jobb ved behanding i spesialisthelsetenesta.

Vil du vi​​te meir?

Informasjonskontoret Fritt sjukehusval har sjukepleiarutdanna personell som kan svare på ulike spørsmål. Dei har oversikt over alle tilbod i regionen og kan gi råd om kva som kan vere rett for deg som pasient.

Du kan ringe Fritt sjukehusval gratis på telefonnummer 800 41 004​

Les meir om Helse og arbeid på Helse Vest sine sider

 

 

 

Sist oppdatert 18.12.2023