Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pårørande

Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men også dei kan ha behov for støtte og hjelp til å meistre eigen livssituasjon.

​Sjølv om helsepersonell har teieplikt, er det mange tilfelle der pårørande også har rett på informasjon. Alle pårørande har rett til generell rettleiing, og det er ikkje brot på teieplikta å lytte.

I tillegg har pårørande rett til informasjon når:

  • opplysningane allereie er kjent
  • pasienten eller brukaren samtykker til det
  • forholda tilseier informasjonsdeling, for eksempel i ein nødsituasjon eller om pasienten er ute av stand til å gi samtykke
  • pasienten ikkje er i stand til å ivareta sine interessar

Foreldre har også rett til informasjon om sine barn inntil dei fyller 16 år, og inntil dei fyller 18 år om opplysningane er nødvendige for å ivareta foreldreansvaret.

Det er næraste pårørande som har rett til informasjon. Pasienten eller brukaren har rett til å peike ut sin næraste pårørande. Om han / ho ikkje er i stand til å peike ut næraste pårørande, skal det vere den som i størst utstrekking har varig og løpande kontakt med pasienten.

Sist oppdatert 25.06.2025