Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde
05. Bemanning og kompetanse
Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Ei av hovudsatsingane våre er difor å rekruttere, utvikle og behalde dyktige medarbeidarar. Helse Førde har om lag 3000 medarbeidarar, og er ein av dei største og mest mangfaldige arbeidsplassane i regionen.
Det er risiko for manglande tilgang til helsepersonell framover. Helse Førde sine sjukehus er også avhengig av mange andre yrkesgrupper for å halde drifta i gang, til dømes innan tekniske-/ingeniørfag, administrasjon, matforsyning og reinhald.
Vidareutvikling og intern kompetansestyrking er like viktig som å rekruttere nytilsette. I tillegg vil det vere behov for å kartlegge kva kompetanse spesialisthelsetenesta vil ha behov for framover, ettersom helsetenestene stadig er i utvikling.
Utfordringar og moglegheiter
Det er svært viktig at vi jobbar systematisk for å utdanne, rekruttere, behalde og vidareutvikle medarbeidarar. Helsepersonellkommisjonen sin utredning Tid for handling, NOU 2023: 4, har foreslått tiltak for å møte utfordringane både på kort og lang sikt.
I vårt område ser vi det som særs viktig med eit nært samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og vidaregåande skular om å utdanne helsepersonell, legar og fagutdanna/lærlingar. Vestlandslegen er eitt tiltak som kan gjere oss betre rusta til å rekruttere legespesialistar til Helse Førde. Det er under planlegging ein ny, desentralisert studiemodell der medisinstudentar får dei siste åra av si utdanning i Helse Førde. Dette vil gje nye moglegheiter for å rekruttere legar til distriktet. Samarbeid med kommunane om å rekruttere og behalde helsepersonell er også viktig for å gjere begge partar rusta for framtida.Mål
-
Helse Førde har riktig kompetanse og tilstrekkeleg medarbeider-kapasitet til å dekke dei behova vi ser i åra framover.
-
I planperioden: Tiltaka i rekrutteringsstrategien til Helse Førde er iverksett og bidreg til redusert ekstern turnover.
-
Helse Førde skal styrke utdanningstilbodet for helsepersonell gjennom praksisstudier og læreplassar.
Tiltak for å nå målet
-
Gjennomføre tiltaka i Helse Førde sin rekrutteringsstrategi etter plan, herunder
-
samarbeide med kommunane om rekruttering og kompetansestyrking
-
profilere regionen som ein attraktiv plass å bu og arbeide
-
utarbeide strategi for lærlingar i Helse Førde
-
-
Utarbeide lokal kompetansestrategi og følgje opp regionale tiltak, mellom anna sikre tilstrekkeleg tal intensivsjukepleiarar, jordmødre, legespesialistar.
-
Samarbeide med utdanningssektoren om nok/breitt tilbod av medisiner- og helsefagutdanningar, herunder samarbeide om å vidareutvikle Campus Vie (kompetanse, infrastruktur og areal).
-
Vurdere oppgåvegliding mellom yrkesgrupper for betre bruk av samla kapasitet/kompetanse.
-
Legge til rette for master og phD-utdanning ved stipend/ i klinikk, og for at kompetansen vert nytta etter endt utdanning.
-
Auke tal tilsette med 100 % stilling.
-
Vidareutvikle innføringsprogramma og leiarutviklingsprogrammet.
-
Nye medarbeidarar som tek utdanning i kvalitet/forbetringsmetodikk kvart år.
-
Auke kompetansen på brukarmedverknad på individ- og systemnivå.
-
Følgje opp forbetringsundersøkinga og jobbe for at medarbeidarane skal ha eit forsvarleg arbeidsmiljø.
-
Legge til rette for hospitering og kompetansenettverk internt og eksternt.
-
Vere medviten om seniorpolitikk og inkluderande arbeidsliv.
-
Jobbe aktivt med kompetansestyrking og HMS-arbeid for å hindre vald og truslar.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
-
Tiltak frå rekrutteringsstrategien er gjennomført.
-
Etablert grunnlag for å vurdere kva kompetansebehov vi har fram mot 2040.
-
Tatt i bruk nasjonale framskrivingar og bemanningsmodellar.
-
Definert prioriterte område for kompetanseutvikling i ein lokal kompetansestrategi. Kompetansestrategi for Helse Førde vart vedtatt februar 2024.
-
Fått til samarbeid med utdanningssektoren om tilpassing av utdanningskapasitet til lokalt behov.
-
Etablert strategi for rekruttering av lærlingar i Helse Førde.
-
Tal kombinerte stillingar med undervisningssektoren har auka.
-
Redusert ekstern turnover.