ein mann og ei kvinne

Samhandlingslegeordninga (tidlegare PKO)

Ordninga er ei samarbeidsordning mellom spesialisthelsetenesta og fastlegane. Samhandlingslegane er eit nasjonalt nettverk av allmennpraktiserande legar som skal medvirke til å styrke samarbeidet mellom avdelingane ved sjukehuset og allmennlegane.

 

Meir informasjon

Samhandlingslegeordninga er eit nasjonalt nettverk av allmennpraktiserande legar som skal medverke til å legge tilrette for auka samhandling og koordinering mellom fastlegane og spesialisthelsetenesta. Ordninga er viktig for å styrke samhandlinga og skal primært ha fokus på samspelet mellom mellom fastlegane og sjukehusa.                                                 
Ordninga vart starta opp nasjonalt gradvis det første 10 året etter år 2000 og i Helse Førde i 2007.  Fram tom 2023 har den vore kalla "Praksiskonsulentordninga".  Det er vedteken ein ny "Rammeavtale mellom de regionale helseforetakene og Den norske legeforening om samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og fastleger" gjeldande frå 01.01.24.  Her blir tittelen på praksiskonsulentar endra til samhandlingslege.  I Helse Førde har vi valgt å kalle ordninga for "Samhandlingslegeordninga".  Samhandlingslegane har sine hovudstillingar i allmennpraksis og blir famleis konsulentar for Helseforetaket i saker som angår samhandling og samspel mellom allmennlegetenesta og fastlegane.  

Samhandlingslegane skal bidra til å forbetre heilskapet i pasientløpet ved å drive fram samhandlingsprosjekt som gir verdi for pasientane, fastlegane og helseforetaka.  
Viktige oppgåver kan bl.a. vere: 

  • Vurdere og vidareutvikle henvisningspraksis, innleggingspraksis og utskrivingspraksis og bidra i arbeidet med å utarbeide retningslinjer for dette.  
  • Bidra til å utvikle møteplasser mellom fastlegar og behandlarar i spesialisthelsetenesta.
  • Betre informasjonsflyten og kontakten i samhandlinga mellom fastlegane og helseforetaket.  

Det er etablert to samhandlingslegestillingar i Helse Førde -  ei 20% stilling og ei 30%.  Denne inneheld også leiaroppgåver for samhandlingslegane.  Samhandlingslegane med ansvarsområder er presentert på denne sida.

Du er no inne på samhandlingslegane i Helse Førde si aktive nettside. Vi sender regelmessig ut eposter til allmennlegane i Fylket med kopi til Helse Førde med påminning om nye og viktige saker som er aktuelle på nettsida - "Nytt frå samhandlingslegane".  Her finn du elles  samhandlingskalenderen som omhandlar kurs og konferansar spesielt aktulle for allmennlegar frå Fylket.  Andre nyttige lenker ligg også på sida.  

Det er ynskjeleg at både sjukehusavdelingane og allmennlegane i kommunane kjem med innspel til samhandlingslegane.  Samhandling har mange utfordringar, og med avgrensa tid til rådvelde er det viktig med innspel om kva ein bør prioritere.

 

Samhandlingslegane er i 20% stilling og har arbeidsdag i hovudsak på torsdager.
 

profiblide anita sårheim

Anita Sørheim

Samhandlingslege

anita.sorheim@helse-forde.no 98878522

Kommunelege/fastlege i Gloppen 
Samhandlingslegekontakt for kommunane i Nordfjord og Nordfjord sjukehus.

​ 

profiblide anita sårheim

Kommunelege/fastlege i Florø/leiar for samhandlingslegane i Helse Førde i 30% stilling
Samhandlingslegekontakt for kommunane i Sunnfjord, midtre og ytre Sogn.

 

Pakkeforløpskoordinatorar for kreft i Helse Førde

Oversikt forløpskoordinator Helse Førde_pr 01.12.23.pdf


Eit viktig tiltak er forløpskoordinatorar ved føretaket som utgreier og behandlar kreft. Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.

Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid for pasientar og pårørande er mandag til fredag fra kl 0900 -1300. Ved fråvær av forløpskooordinator bør ein ta kontakt med behandlande avdeling.

Pakkeforløp for kreft i Helse Førde

Meir informasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)

 

Pakkeforløp for psykisk helse og rus i Helse Førde

I tillegg finns det tilråding for ivaretaking av somatisk helse og levevanar ved psykiske lidingar og rusmiddelproblem.

Pakkeforløp for psykisk helse og rus i Helse Førde

Meir informasjon om pakkeforløp for psykisk helse og rus (helsedirektoratet.no)

Pakkeforløpskoordinatorar psykisk helse og rus i Helse Førde
  • Svetlana Håland
    Telefon: 57 83 94 69
  • June Terjedotter Sunde
    Telefon: 57 83 95 48

Forløpskoordinatorane er tilsette i deltidsstillingar og er tilgjengelege på telefon mellom 08.30 og 15.00 måndag til torsdag.

Dersom ikkje svar, legg att beskjed eller send sms.

 

 

 

Sist oppdatert 08.03.2024