Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Utdanningsplan
Augesjukdomar
Helse Førde driv den offentlege spesialisthelsetenesta for om lag 110 000 innbyggjarar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Verksemda er fordelt på sjukehus i Førde samt Lærdal og Nordfjordeid. Vi har noko operasjonsaktivitet på Eid, elles er det berre Førde som har augelegekompetanse. Verksemda på Eid involverer ikkje LIS-legane våre.
Augneavdelinga er organisert under Kirurgisk klinikk. Avdelinga har i utgangspunktet 5 faste overlegar og 3 LIS-stillingar. Dei siste 2-3 åra har vi hatt ei endring til 4 OL der den siste stillinga er omgjort til ei 4. LIS-stilling. Dette på grunn av rekrutteringsvanskar på OL-sida. Langsiktig plan er 5 OL og samtidig behalde 4 LIS-stillingar.
Avdelinga er leia av Odd Standal, som også er ein av OL i klinikken.
LIS-legane har ein 4-delt vaktturnus med døgnvakt med 1,5 time tilstadevakt etter vanleg arbeidstid, som er til 15:30. Ved ØH-konsultasjonar blir det ført utrykning. Dei har vanleg arbeidsdag etter vaktdøgn. LIS-legane dekker opp delar av vakansvaktene for manglande LIS, men vi kan ikkje påleggje dette. Tilsvarande har OL ein 4-delt bakvaktturnus der vi ved manglande LIS må ha vakter aleine.
Vi har for tida ikkje full dekning av LIS-stillingane og slit med rekruttering. Augneavdelinga har sengeplassar ved kirurgisk sengepost.
Utdanningsløpet
Vi tilbyr dei fleste læringsmåla til spesialiteten. Vi har fått på plass ein avtale med Helse Bergen der LIS-legen kan få moglegheit til å gjennomføre dei resterande over ein periode på 6 månader. Vi har no LIS-lege nummer 2 i denne rulleringa. Den første skal etter planen søkje om fullført spesialisering no til jul, vår første etter ny ordning.
Sjå eige skriv om kva læringsmål som ikkje er godkjende ved augeavdelinga Helse Førde.
Vi har ikkje nokon formell rotasjonsordning, men prøver på og har planar om ei betre ordning der dei kan rotere mellom dei ulike “seksjonane” som er katarakt, glaukom, pediatri og strabisme, retina og oculoplastikk. OL har sjølv ikkje berre pasientar frå sin eigen seksjon, så det er ikkje like lett å få dette til som ved ei større avdeling.
Våre LIS får ganske tidleg ei innføring i praktiske prosedyrar, inkludert noko kirurgi.
Dei tidlegare obligatoriske kursa i spesialiseringsløpet blir framleis prioritert høgt frå avdelinga si side, og dei får delta om dei får plass.
Eit vanleg utdanningsløp har tidlegare vore 3,5 år ved augeavdelinga Helse Førde og 1,5 år ved gruppe 1-sjukehus. Nye reglar vil nok gi eit meir variert bilete, blant anna er det gitt føringar om at ein kan få godkjent meir teneste ved annan avdeling, så sant alle læringsmål er oppfylte.
Til no har vi ikkje så mykje erfaring med fullført løp etter ny ordning.
Alle nye LIS får tildelt rettleiar ved tilsetjing, med mål om å ha den same rettleiar gjennom heile løpet. Dei begynner i vakt så å seie med ein gong, med tett oppfølging av vakthavande OL. Introduksjon og grunnleggjande opplæring blir gjort i samarbeid med OL og meir erfarne LIS. Vi tilpassar mengda pasientar etter kva den enkelte klarer, men dei får ganske raskt sjølvstendige oppgåver.
Supervisjon og oppfølging av LIS er sentralt i alt arbeid ved avdelinga. På morgonmøtet er alle legane til stades. Det blir brukt mykje tid til å gå gjennom vaktarbeidet, på den måten får vi godt innblikk i korleis LIS-legane handterer dette. Vi har også behandlingsmøte der legane kan melde inn pasientar som ein ønskjer å diskutere i plenum. Dette bruker vi ganske mykje tid på og kan sjåast på som ei kasuistikkundervisning for LIS. To av dagane blir mesteparten av morgonmøtet brukt til internundervisning som rullerer blant OL, LIS-legar og optikar.
Det er sett av 1 time i månaden til individuell rettleiingssamtale med eigen rettleiar. Der kan rettleiar gi faglege råd eller LIS-lege kan ta opp eventuelle problemstillingar. Dei fleste OL har tatt rettleiingskurs i regi av sjukehuset.
Rettleiing
Dette fungerer bra på vår avdeling. Alle OL med unntak av seksjonsoverlegen deler på denne jobben.
Kva gjer vi på rettleiingstimene? Følgje opp utdanningsplan. Progresjon. Praktiske ferdigheiter. Fortløpande godkjenningar i kompetansemodulen. Samtale rundt samarbeid med kollegaer. Balansen arbeid og privatliv. Prøver å tilretteleggje i periodar om behov. Held på same rettleiar, har ikkje trengt å bytte på grunn av dårleg samarbeid. Men veit at dette kan vere aktuelle grep om nødvendig.
Vi har også kome i gang med halvårsvurdering av kvar enkelt LIS i evalueringskollegium. LIS gjer først sjølv ei eigenvurdering, deretter går OL gjennom dei same punkta i fellesskap. Viser til eige evalueringsskjema. LIS er ikkje til stades, men vurderinga skal gjennomgåast saman med rettleiar i ettertid.
LIS har avsett 4 timar til fordjuping kvar veke. Vi har valt å ha 1 heil dag kvar 14. dag. Dersom denne dagen fell bort, vil aktuell LIS få kompensasjon for det, anten overtid eller ny fordjupingsdag seinare. Som oftast blir dei ikkje rørt ved.
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål er primært rettleiar sitt ansvar.
Vi tilstreber å bruke kompetanseportalen slik den er meint. Dokumenterer samtalane ved at LIS skriv referat. Der blir gjennomførte obligatoriske kurs registrert. LIS si eigenvurdering av oppnådde læringsmål. Prosedyrelister.
Vi meiner at vi klarer å gjennomføre kravet om 70 timar undervisning med god margin.
Oppsummering av det som er nemnt tidlegare: 90 min internundervisning per veke minus feriar. 60 min pasientkasuistikkar kvar veke, også feriar. 45 min fellesundervisning på huset annakvar veke. Her må også augeavdelinga ta sin del, og vi gjennomfører fellesundervisninga der ca. 1 gong i året. Ved fleire høve har det vore LIS-legar som har tatt ansvar for denne.
Vi kunne vore betre på å få inn eksterne for undervisning/hatt meir tverrfagleg undervisning. LIS-lege ansvarleg for å planleggje innhaldet. Vi har tradisjon for å leggje opp tema retta mot neste obligatoriske kurs.
Vi lar alle LIS få reise på dei nasjonale obligatoriske kursa dersom dei får plass, uavhengig av kor i løpet dei er eller kor mange som har fått plass. I desse periodane går vi OL primærvakter om nødvendig.
Vi oppmuntrar erfarne LIS til å delta på traumekurs (siste åra i regi av Stavanger augeavdeling). Dette for å føle seg tryggare i vaktsituasjon.
Felles læringsmål som skal oppnåast i alle spesialitetar. Det meste oppnår ein gjennom felles praksis.
I Helse Førde er det lagt opp til eit 2-dagars regionalt basiskurs i FKM. Dette dekkjer LM innan fire av temaa: etikk, kvalitet og pasientsikkerheit, lovverk og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Vidare skal ein ha ansvar for eit forbetringsprosjekt, som også er eit FKM. Vi har enno ikkje kome dit at LIS har hatt dette ved vår avdeling, men har fleire tankar om kva dette kan vere, som vår avdeling kan ha nytte av.
Det er starta opp med gruppevegleiing ved Helse Førde. Dette er grupper med 8-10 LIS frå dei ulike avdelingane. Tema blir henta frå Felles kompetansemodul og blir leia av 2 dedikerte overlegar.
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål
Jamleg vurdering av fagleg progresjon med rettleiar. Læringsmåla blir godkjende av supervisør eller rettleiar, for til sist å bli godkjende ved avd. OL. Dette blir gjort i kompetanseportalen.
Vi har krav om 70 timar internundervisning i året. Dette blir gjort ved å ha 2 undervisningar à 45 min per veke. I tillegg har vi pasientkasuistikkar via behandlingsmøte som er estimerte til 1 time/veke. Vi har ikkje felles undervisning med andre avdelingar, og det blir derfor mykje tid som den enkelte må bruke til førebuing, noko som blir opplevd som litt belastande i lengda. Både LIS og OL ønskjer å gjere endringar her. Førebuinga blir ofte lagt til fordjupingstida. Annakvar fredag er det også 45 min felles undervisning for heile sjukehuset. Denne rullerer mellom dei ulike avdelingane, inkludert oss på auge. I tillegg har vi 2 fagdager årleg med teoretisk og praktisk undervisning.
Ein representant for LIS (Eirik Milde), utdanningsansvarleg overlege (Trine E Haram) samt leiar (Odd Arne Standal). LIS har hos oss hatt ansvar for å lage plan for internundervisning. Vi pleier å ha 2-3 planar i løpet av eit år. I feriane har vi pause. Vi har ikkje fastlagde møter, men har jamleg dialog oss imellom. UAO har hovudansvaret for at planen blir følgt.
Forskning: Vi har ingen forskningsrelatert aktivitet på vår avdeling.
Skal utarbeides av veileder ved tilsetting. Skal være basert på hvor i løpet man er. Godkjennes ved leder.
Vi har eigne tillitsvalde for LIS og OL på avdelinga.
For spørsmål om spesialistutdanninga ved vår avdeling: Ta kontakt med utdanningsansvarleg OL Trine E Haram eller avdelingssjef Odd Arne Standal.