Pasientkurs

Diabetes type 2, kurs i Førde våren-24

3 dagars gruppeopplæring for deg med diabetes type 2 og dine pårørande.

Passert
27.
februar
2024
3 dagar
  1. 27. feb. 2024, 09:30 - 14:15
  2. 05. mars 2024, 09:30 - 14:30
  3. 12. mars 2024, 09:30 - 14:30

Tid og stad

Når

  1. 27. feb. 2024, 09:30 - 14:15
  2. 05. mars 2024, 09:30 - 14:30
  3. 12. mars 2024, 09:30 - 14:30

Arrangør

Kvar

Førde Sentralsjukehus, Angabygget, 0 etg

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med din fastlege som kan sende tilvising. 

Tilvisnga sendast til medisinsk poliklinikk:
- Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Seksjon: Læring og meistring
- Lokalisering: Førde medisinsk poliklinikk

Merk gjerne tilvisinga med "diabeteskurs"

Ønsker du å ha med pårørande ta direkte kontakt for påmelding, sjå kontakt informasjon. 

Opplæring for deg som har fått diabetes 2. Opplæringa vert arrangert av medisinsk poliklinikk ved Førde Sentralsjukehus og Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde. Opplæringa går over 3 dagar, fordelt over tre veker. 

Pårørande oppfordrast til å delta. 

Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få: 

- Høyre historia til ein erfaren brukar som har levd med diabetes 2 over tid.

- Informasjon om sjukdomen og behandling.

- Høve til å treffe andre i same situasjon.

- Inspirasjon til meistring og sjølvhjelp. 

PROGRAM: 

Tysdag 28 februar

09.30-10.15   Velkomen. Opning av kurset.

10.15-10.45  Å leve med diabetes v/brukarrepresentant

10.45-11.00   Pause

11.00-12.00   Om diabetes v/lege

12.00-12.45   Lunsj

12.45-13.45   Om diabetes v/lege

13.45-14.15  Spørsmål/oppsummering

Tysdag 7 mars

09.30-09.45  Velkomen tilbake. Tankar etter 1.dag         

09.45-10.30  Diabetes og mat v/klinisk ernæringsfysiolog

10.30-10.45   Pause         

11.00-11.45   forts. klinisk ernæringsfysiolog

11.45-12.30  Lunsj

12.30-13.15   Tannpleie v/tannpleiar

13.15- 13.30  Pause

13.30-14.15   Blodsukkermåling v/kursleiarar

14.15-14.30   Spørsmål/oppsummering

Tysdag 14 mars

09.30-09.45  Velkomen tilbake

09.45-10.30  Tankar rundt det å få ein kronisk sjukdom v/psykolog

10.30- 10.45  Pause

10.45-11.30   Fotpleie v/fotterapeut

11.30-12.15  Lunsj

12.15-13.45  Fysisk aktivitet v/fysioterapeut

13.45-14.00   Pause

14.00-14.30  Oppsummering/evaluering 

Med atterhald om endringar

Praktisk informasjon

Eigenandel 375 kr (ingen ved frikort). Pårørande er gratis.
Om du ikkje kjem til kurset du er påmeld utan å seie frå innan 24 timar før kursstart kan du bli belasta med eit gebyr på opptil 1125 kr sjølv om du har frikort. 
 
Det vert servert kaffi og te på kurset. Om du ønsker kan du kjøpe lunsj til 80 kr (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi eller særskilde behov på tlf 578 39 870 (Lærings- og meistringssenteret). 
 
Utgifter til reise, kost osb. dekkast etter faste takstar. Ved behov for tilrettelegging av reisa, ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no

Nyttige lenkjer

Meir informasjon om kurs i Helse Førde eller informasjon om andre kurs vi tilbyr finn du på kurs og opplæringssida vår

Meir informasjon om diabetes finn du på Diabetesforbundet si nettside

Kontakt

Medisinsk poliklinikk
57839328