Pasientkurs

Kurs til foreldre - Starthjelp

4 dagers kurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom.

Tid og stad

Når

VÅR 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising. 

Informasjon om kurset

Målgruppe er foreldre/voksne med foreldre ansvar som nylig har fått vite at barnet (0-6 år) har ein sjukdom eller ein form for nedsatt funksjonsevne som medførar at dei vil trenge tett oppfølging ifrå helse- og omsorgstjenesta framover. 

Målet med kurset er å vere ein vegvisar i ein ny kvardag, bidra til meistring av ein ny livssituasjon og legge til rette for erfaringsutveksling mellom foresatte i samme situasjon. Igjennom dialog og erfaringsutveksling med erfarne foreldre, fagpersonar og dei andre foreldra som deltek, gir kurset kunnskap og råd.

Hensikten med starthjelp er å bidra til at deltakarane kan oppleve håp og meistring i den nye livssituasjonen og slik forebygge eller redusere psykiske helseproblem og belasting hos kvar enkelt i familien.

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.

Tema for kursdagane

Fire dagers kurs.

Dag 1:
Møte med systemet.
Habilitering i kommunen.
Kva slags stønadsordninger finst?
Habilitering i spesialisthelsetenesten.
Erfaringsutveksling, oppsummering.

Dag 2:
Korleis har vi hatt det sidan sist.
Korleis kan det opplevast å få eit barn med særskilde behov.
Refleksjonar, erfaringsutveksling.
Krise, ulike reaksjonsmønster og strategiar for handtering
Søsken som pårørende
Erfaringsutveksling, oppsummering.

Dag 3:
Presentasjon av programmet «Hva med oss».
Parforholdet. Vårt behov for tilknytning og kontakt. Kommunikasjon. Teori og øvelser.
Å være nær kvarandre. Omsorg, venskap, intimitet.
Livet med ein spesielt barn. Kjensler, glede, sorg og håp. Utveksle tanker og til slutt vise ein film.
Erfaringsutveksling, oppsummering.

Dag 4:
Oppsummering så langt.
Språktrening, kommunikasjon.
Korleis være ein god foreldre til mitt barn (stryking av foreldrerollen).
Erfaringsutvikling, evaluering.

Med atterhald om endring i temane.

Praktisk informasjon

Foreldre som er i arbeid og har ansvar for eit langvarig sjukt eller funksjonsnedsetta barn kan søkje om opplæringspenger. Opplæringspenger bereknast på samme måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær ifrå arbeid for å vere med på opplæringa. Ein får søknadsskjema hjå avdelinga.

For å ha rett på opplæringspenger må ein oppfylle kravet om å vere fråværende ifrå jobb i 7,5 timar per dag, der reisetida er inkludert.

Dersom ein ikkje oppfylle kravet til opplæringspenger kan ein eventuelt søke om velferdspermisjon hjå sin arbeidsgjevar.

Ein har mulighet å kjøpe lunsj for 80 kr. Kontant betaling eller vipps. Gi beskjed ved spesielle behov/allergier.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa.

Kontakt