Forskriftskurs – ambulanseassistent

Ambulansetenesta i Helse Førde gjennomfører årleg kurs for nye vikarar. Vi planlegg oppstart av neste kurs i januar 2024. Søknadsfrist er sett til 1.desember 2023, med opptak og seleksjon  i slutten av 2023. Sjå lenke til annonse i webcruiter.

Helse Førde søkjer personell med helsefagleg autorisasjon, sekundært personar i eit pågåande utdanningsløp mot helseautorisasjon. Studentar som har fullført 2.året i paramedisin- eller sjukepleiestudie (fulltid), samt legar som har fullført tredje studieår, er aktuelle for kurset.​

Forskriftskurs - beskrivelse av kompetanse og øvingsmål (PDF)

Alle søkjarar vil få høve til å delta på Teams-presentasjon fredag 1.desember 2023, kor vi presenterer kurs og jobbmoglegheiter i etterkant av kurset. Dette har erfaringsmessig vore nyttig for å vite meir om omfang av kurs og t.d. kva turnusordningar ein jobbar i ambulansetenesta. 

Kurset er utarbeidd med formål om å rekruttere vikarar til ambulansetenesta for kortare engasjement.

Kompetansekrava i ambulansetenesta er detaljregulert i akuttmedisinforskrifta §11 og må sjåast som minstekrav. Helse Førde har i mange år gjennomført eit velutprøvd kurskonsept som skal sikre at deltakarane får nødvendig helsefagleg kompetanse i tråd med forskriftskravet. Kurset vert årleg justert og tilpassa krav i tenesta.

Utdrag frå akuttmedisinforskrifta

Ambulansebiler som brukes i ambulansetjenester skal være bemannet med minst to personer, hvorav minst én skal ha autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner. Begge personene som bemanner ambulansebilen skal ha førerkort for kjøretøyklassen og minst én av personene skal ha kompetansebevis for førere av utrykningskjøretøy. Der det kun er én ambulansearbeider eller paramedisiner, må den andre personen ha autorisasjon eller lisens som helsepersonell og nødvendig ambulansefaglig kompetanse.

Virksomhetsledelsen kan etter en konkret vurdering gjøre unntak fra kravet i første ledd tredje punktum om autorisasjon eller lisens som helsepersonell, dersom den andre personen som skal bemanne ambulansen er andre års lærling i ambulansefag eller paramedisinerstudent som har fullført og bestått andre studieår av fulltidsstudiet eller tredje år av deltidsstudiet.

Virksomhetsledelsen kan etter en konkret vurdering gjøre unntak fra kravet i første ledd tredje punktum om autorisasjon eller lisens som helsepersonell for personell som skal dekke ekstravakter og korttidsvikariater.​


​Eitt av følgjande krav:

  • ​​​Vere autorisert helsepersonell
  • Vere i utdanningsløp som endar med fagbrev og/eller helseautorisasjon som anten paramedisinar eller sjukepleiar innan 06/2025
  • Legestudent (3.år) som har gjennomført klinisk praksis og kan vise til relevant bakgrunn/erfaring

I tillegg:

  • Førarkort klasse B

  • God fysikk og mental styrke

  • Består fysiske krav ved kursstart.

  • Førarkort klasse C1 ved tiltredelse i tenesta - sommaren 2024.

  • Politiattest i forkant av tiltredelse i tenesta – sommaren 2024.

Kurset går totalt over 11 dagar som inkluderer avsluttande utsjekkdag. Dei fleste av dagane går over 8 timar a 45 minutt. Instruktørane er tilsette i eiga teneste, med erfaring i instruksjon og rettleiing.

Kursdagane er oftast delt mellom teoriførelesingar og praktiske øvingspostar. I tillegg kjem arbeidskrav som e-læring, hospitering og andre arbeidskrav. Pensum er bøkene til Jon Richarden i grunnleggande ambulansemedisin, operative emne. Bøker kan lånast på bibliotek eller frå ambulansetenesta. 

NAKOS-portalen er kursportal, og det er forventa at deltakarar har IKT kunnskapar og kan nytte ulike læringsplattformar. Det er krav til dei ulike undervisningsdagane å ha gjennomført e-læring knytt til dei bolkane som blir gjennomført i NAKOS-portalen. Det er eigen kursportal under «Helse Førde» der all informasjonsdeling og timeplanar kjem ut. E-læringa baserer seg i stor grad på nasjonale kurs, men og nokre eigenproduserte kurs og emne.

Det er arbeidskrav til 5 hospiteringsvakter. Utbytte og aktivitet på vaktene vil avgjere om målsetting er oppnådd eller om hospitering skal utvidast. 

  • 26.-28. januar Samling 1. Introduksjonshelg

  • 17.-18. februar Samling 2. Traumehelg

  • 16.-17. mars Samling 3. Ambulanseoperative emner

  • 13.-14. april Samling 4. Øvingshelg med avsluttande testar.  

Kursdatoar er tentative, med atterhald om endringar. Det er obligatorisk frammøte. 

​​Individuell tilpassa sjukehushospitering, basert på erfaring.

  • ​Hospitering ved ambulansestasjon.
  • Innleveringsoppgåver
  • E-kurs i Nakos (nasjonal akuttmedisinsk kompetansesenter)
  • A-HLR via NRR (norsk resuscitasjonsråd)

Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde med mål om rekruttering av tilsette til eiga teneste. Kurset stettar minstekravet/unntaksregel for å kunne jobbe i ambulansetenesta for ekstravakter og korttids-engasjement for dei utan helsefagleg autorisasjon. Det er ein innfallsport for å kunne jobbe som ambulanseassistent etter å ha fått autorisasjon som helsepersonell og bli autorisert ambulansearbeidar på sikt.

Kurset legg opp til mykje praktisk øving. 

Mellom samlingane skjer mykje av opplæringa som sjølvstudium og nettbasert studie med innleveringsoppgåver og tilgang til undervisningsmateriell. Det er ein føresetnad at ein har kjennskap til bruk av data og internett. Mykje av kommunikasjonen mellom samlingane skjer på e-post og gjennom www.nakos.no.

IKT-opplæring ligg ikkje inne i kurset. 

Ambulanseyrket krev god fysikk og mental styrke. Fysiske krav, er vist til under. Det vil bli gjennomført fysisk test når kurset startar. Berre dei som stettar krava ved første samling får halde fram på kurset.

Helse Førde set krav til at ambulansepersonell er "personleg eigna" for yrket. Som ein del av kurset vert det difor gjennomført samtale med alle kursdeltakarane for å kartlegge målsetjing og forventningar som ligg frå arbeidsgjevar. 

Om kursansvarlege undervegs i kurset finn at ein kandidat ikkje leverer i tråd med forventningar og målsetjing, får ein tilbakemelding på dette. Som kursarrangør er det i vår rett å kunne avslutte opplæringstilbodet for deltakarar som ikkje møter på samling, gjennomfører arbeidskrav til fristar eller ikkje held kompetansenivået som er kravd. Det vert presisert at gjennomført kurs, ikkje gir automatisk jobbtilbod eller vikariat.

Erfaring viser at dei som ønskjer jobb i tenesta, får tilbod om vikarvakter og seinare engasjement. Fast tilsetjing som ambulansearbeidar føreset minimum autorisasjon som ambulansearbeidar. For enkelte vil det vere aktuelt å kunne tilby vaksenlærekontrakt, noko som gir avkorta læretid om ein har anna helsefagleg utdanning i botnen. 


Kurset er fordelt på fire helgar:

  1. Fysiske testar og introduksjonshelg

    • Fredag ettermiddag: Fysiske testar
    • Laurdag: Introduksjon til ambulansetenesta og utstyrskjennskap

    • Søndag: Medisinske problemstillingar, innføring i undersøking og pasienthandtering

  2. Traume, teori og øving i praksis.

  3. Ambulansen sine operative funksjonar.  Kommunikasjon og samarbeid med anna helsepersonell

    • Kurs i bruk av nødnett

  4. Øvingshelg

    • Laurdag: Øving og repetisjon av frå dei ulike kurshelgane

    • Søndag: Øving og avsluttande testar

Mellom samlingane er det obligatorisk innleveringsoppgåver og hospitering ved lokal ambulansestasjon. Her er eigne mål for denne hospiteringa.

Mellom samlingane er det obligatorisk innleveringsoppgåver og hospitering ved lokal ambulansestasjon. Det er eigne mål for hospiteringa. Fristar for innleveringsoppgåver vert fastsett ved kursoppstart.

Alle kurshelger blir arrangert ved Førde Sentralsjukehus, i Farabygget kor både ambulanse, AMK Førde og Luftambulansetenesta er lokalisert. 


Kurset er kostnadsfritt for deltakarar mot å binde seg for minimum 6 veker arbeid om sommaren. Grunnlaget for å gjennomføre kurset er å dekkje eige bemanningsbehov, og ikkje som kurs for den opne marknad.

Deltakarar må vere budde på at tilbodet om vakter vil vere ved fleire av stasjonane våre, fordelt på både større og mindre stasjonar. 

Deltakarar som ferdigstiller kurs uten å fullføre binding om arbeid, vil bli belasta kursavgift på 20.000,-.

Delar av den praktiske undervisninga skjer på ein ambulansestasjon. Alle skal gjennomføre ulike øvingar som er fastsett i kursplanen. Omfanget av hospitering vil variere litt ut frå køyregrunnlag og oppdragsaktivitet. Ein må belage seg på minimum ei veke hospitering under kursperioden.

Ved manglande arbeidserfaring frå sjukehus, vil det blir sett opp individuelle hospiteringskrav in-hospitalt. 

I etterkant av kurset får ein kursvitnemål som stetter minstekrav i akuttmedisinforskrift. Kurs i utrykkingskøyring ligg utanfor dette kurset.

For spørsmål om jobbmoglegheit og bindingstid, vil du undervegs i kurset bli introdusert og sett i kontakt med den områdeleiaren som har ansvaret for drifta i det område som ligg naturleg å ta vakter i. Vi håpar kurset vil gi inspirasjon til å tenkje ei jobbframtid i ambulansetenesta.

  • ​«Puls Ambulansemedisin 1» ISBN 9788211046529 Stephen Johan Mikal Sollid
  • «Puls Ambulansemedisin 2» ISBN 9788211044594 Illguth, Østebø, Vik og Meling
  • «Puls Yrkesliv i ambulansefag» ISBN 9788211045195 Kristiansen, Østebø, Illguth, Barstein, Torgeirsen og Skjerve
  • «Puls Kommunikasjon og samhandling» ISBN 9788211045188 Østebø, Torgeirsen, Kloster, Illguth, Jensen, Halvorsen og Lund
Bøkene må deltakarene skaffe i forkant  av kurset, og kan kjøpast i dei fleste bokhandlarar og på internett. Dette er ny litteratur og vert tilgjengeleg for sal hausten 2023.

Anna fagstoff som kurshefte AHLR/NRR, tilgang til elektronisk fagstoff på Nakos-portalen, samt forbruksmateriell er inkludert i kursprisen. 

Søknad skjer via Helse Førde sine internettside og rekrutteringssystemet Webcruiter. Annonse for påmelding finn ein under «ledige stillingar».

Du melder di interesse for kurset der og handsaming av søkjarar skjer av vår kursleiar Per Erik Eide Hjelle.

Gjer vel å skrive kort om bakgrunn for kurssøknad og eventuelt leggje ved ein kortfatta CV. 

Kunne:

  • Springe 1000 meter (innan maksimalt 5 min).

  • Bære forflyttingsbrett 200 meter med ca. 80 kg tyngde (innan maksimalt 10 min).

  • Bære bærestol opp og ned ein etasje tre (3) gangar med ca. 80 kg tyngde. Kvar kandidat skal minst bære ei runde i kvar ende av bærestol.

  • Utføre samanhengande HLR i 10 minutt. 

Svømmedyktig

  • Kunne dokumentere å vere svømmedyktig.

​​

​Velkomen til ambulanseteneste i Helse Førde!

 Søknadsfristen er 1. desember 2023.

 

Sist oppdatert 17.09.2023