God Start - Nordfjord sjukehus

Vi tilbyr barselopphald for mor og barn som ikkje har trong for medisinsk oppfølging.

 

Jordmorsenter

Jordmorsenter er eit tilbod til gravide, ammande, barselkvinner og nyfødte som bur i Nordfjord. Jordmorsenteret held til ved God Start eininga på Nordfjord sjukehus, og vert drifta av jordmødre som jobbar ved eininga.

Gravide treng ikkje tilvising for å få time på Jordmorsenter, og ein kan få time hos jordmor frå svangerskapsveke 8. 

For å bestille time kan ein ringe 57 86 42 00, måndag til fredag kl. 08.00-15.00. 

Opningstid jordmorsenteret

Måndag til fredag kl. 08.00-20.00

Tilbod ved jordmorsenteret

  • Svangerskapskontroll frå veke 8
  • Oppfølging i svangerskapet av primærjordmor
  • Ultralyd (ikkje tidlig ultralyd)
  • Seleksjonkontroll veke 36
  • Etterkontroll 6 veker etter fødsel
  • Kontroll av nyfødte ved tidlig heimreise
  • Kontroll av bilirubin for nyfødte
  • Ammepoliklinikk
  • Fødselførebuande kurs for gravide par i svangerskapet
  • Ammekurs for gravide par i svangerskapet
  • Vi tek blodprøver knytt til svangerskap og barsel ved laberatoriet på Nordfjord Sjukehus. 

Jordmorsenteret har samarbeid med følgjande helsestasjonar i Nordfjord: Stad helsestasjon, Stryn helsestasjon, Bremanger helsestasjon, Kinn helsestasjon, Gloppen helsestasjon. 

God start

Barseleininga har 4 familierom der vi tilbyr opphald til friske barselkvinner som har født i Førde og Volda. Den nye familien får ein god start og tett oppfølgjing for ein mjuk overgang til å reise heim, i rolege omgjevnadar. 

Det er jordmor og pleiar tilstades for å hjelpe til på familieromma med barselpleie og amming, på dag og kveld. På natta er det passiv jordmor i avdelinga som er behjelpelig og tilgjengeleg ved behov. 

Under opphaldet på barseleininga er det nokre rutineundersøkingar som skal gjennomførast, samt litt informasjon som skal formidlast.

  • Nyfødtscreening av nyfødte
  • Hørselstest av nyfødte
  • Utreisesamtale av mor
  • Vektkontroll av barn
  • Desse undersøkingane får ein tildelt time til ved ankomst til barseleininga.

Partnar er hjarteleg velkomen til å overnatte på familierom saman med mor og barn for ein kostpris. Barselkvinna kan ligge aleine dersom situasjonen tilseie det, men det mest ønskjelege er at partner er med. Søsken av barnet er velkomen til å komme på besøk.

VELKOMEN TIL GOD START!

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En person som sitter på en benk foran en bygning

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid