Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Baksiden av en persons kropp

Aksekorreksjon

Aksekorreksjon er når ein skade eller slitasje har ført til skeivstilling i kneet ditt som bør korrigerast kirurgisk. Denne skeivstillinga fører til at ein snakkar om at pasienten har "hjulbeint" eller "kalvbeint" gange.

Kva er aksekor​​reksjon?

Grunna skade eller slitasje har du ein skeivstilling / aksefeil i kneet ditt.  
 
Når ein har ei skeivstilling i kneleddet kan det oppstå ei større belastning på den eine sida av kneet. Ein seier då at ein er «hjulbeint» eller «kalvbeint». Det kan medføra dårlig og slitt menisk og etter kvart slitasje på leddbrusken. Osteotomi er ein operasjon der man vinkelen/aksen i kneet vert retta opp slik at den mekaniske belastningsaksen går mer midt gjennom den friske delen av kneet enn tidlegare.  
 
Denne operasjonen inneber at det blir laga ein «bruddspalte» i leggbeinet som gjer at belastningsaksen vert flytta meir mot midten og den friske delen av kneet. Dette gjer ein for å hindra ytterlegare slitasje i kneet  sli at ein på sikt kan unngå, eller utsetje eit proteseinngrep 10 – 15 år. I hovudsak er inngrepet proteseutsetjande, men mange vil og kjenna på symptomlindring.    
 
Når du er hjulbeint, vert det gjort eit kutt gjennom øverste del av leggbeinet / tibia frå innsida. Ein bruker røntgengjennomlysning for å sjå til at størrelsen på plassering av kuttet og størrelsen på åpninga vert korrekt. Bruddspalta blir stabilisert med plate og skruer, og åpninga skal gradvis fyllast med pasienten sitt eige bein etter 2-3 månader. Dersom du er kalvbeint, vert tilsvarande operasjon gjort på ytterside av leggbeinet, evt lårbeinet.  
 
I løpet av dei neste 6 vekene etter operasjonen skal det dannas beinvev i «bruddspalta». For at det skal gro godt er det viktig å belasta, men det skal ikkje vera meir enn 20-25 kg for å minske risikoen for at skruene skal briste. Svært viktig å avlasta operert bein når du reiser og setjer deg, også i trapp. Det er inga restriksjonar på rørsle.
 

Ved all type kirurgisk behandling kan det oppstå komplikasjonar. I forbindelse med knekirurgi er komplikasjonsraten låg. 

  • Infeksjon
  • Blodpropp
  • Påverknad av nervefunksjon
  • Havari av osteotomien
  • Problem med såret
  • Mobilitet
  • Vedvarande smerte/hevelse

Til deg som skal operere

Dette bør du ta med til innlegginga

  • Krykkjer
    ​​Dersom du ikkje har krykkjer sjølv, vil du få det på avdelinga. Det er som regel ikkje naudsynt med andre hjelpemiddel etter operasjonen. Dersom du skal operere begge knær samtidig kan du vurdera behov for toalettforhøgar.
  • Toalettsaker og undertøy
  • Treningsklede
    Helst bukser med vide bein som kan opnast i sida, eller shorts/skjørt. Det er treningskle du kjem til å bruke mest av.
  • Faste sko som sit godt på foten, gjerne joggesko med sklisikker såle. Det er viktig at skoa er romslege då foten vil hovne opp etter operasjonen. Ta gjerne med eit par sandalar/slippers for småturar.
  • Oppdatert medisinliste over dine faste medisinar. Ta med medisinane i originalemballasje. Ta ikkje med verdisaker som smykker og større pengebeløp.

  • Førebuingar før operasjonen 
    Du får ein samtale med legen som skal operera deg i forkant av operasjonen. Du får og møte fysioterapeut, som vil gi deg naudsynt informasjon om forløpet etter operasjonen.
  • Vask med Hibiscrub
    Kvelden før operasjonsdagen og om morgonen før operasjonen er det viktig at du vaskar deg med Hibiscrub, ei antibakteriell såpe. Denne får du på avdelinga. 

    Hibiscrub inneheld klorhexidin, dersom du er allergisk mot dette stoffet, eller har eksem eller annen form for kronisk hudsjukdom skal du bruke såpe som du nyttar til vanleg. Ta på rene klede etter dusjen. 
  • Faste
    Frå kl. 24.00 kvelden før operasjonen skal du faste. Dette betyr at du ikkje skal eta, drikke, røyke, snuse eller tygge tyggegummi. Dersom det er avtalt kan du eventuelt få litt klar væske morgonen på operasjonsdagen.

Ved innlegging hjå Lærdal sjukehus:

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem. Resepsjonen er stengt på kveld og natt. Da melder du deg direkte på vaktrommet  på Ortopedisk avdeling  i 3. etasje. Du kan ta direkte kontakt med avdelinga på telefon 57640180. Vi tek i mot deg, visar deg rundt og gir deg nødvendig informasjon.   

 

Du vert førebudd til operasjon på sengeposten. Du skal dusje med hibiscrub og få reine klede. Det vil og bli skifta sengeklede. Du vil få smertestillande medikament før vi køyrer deg til operasjonsstova. 
 
Under operasjonen kan du velje om du vil sove eller vere vaken. Når operasjonen er avslutta vil du bli overvåka på oppvakningsavdeling. Etter operasjonen er du nokre timar på oppvåkningsavdelinga. Her vil sjukepleiaren observere deg og passa på at du har det bra.  
 
Når du har fått følelse og full kontroll over beina, skal du gjere sirkulasjonsfremmande øvingar. 
  • ​​Beveg anklane aktivt opp og ned
  • Strekk kneleddet aktivt ved å presse knehasen ned i madrassen. Hald nokre sekundar og slapp av. Hald spenninga i 5 sekund og slapp av.  
På oppvåkningsavdelinga får du hjelp til å reise deg og gå med preikestol. Du kan belaste operert bein fullt. Alle er oppe med hjelp av pleiepersonalet, og står ved senga med prekestol om kvelden på operasjonsdagen. Du får også mat og drikke.  
 
Seinare kjem du tilbake på rommet ditt. Du skal opp fleire turar i løpet av ettermiddagen /kvelden på operasjonsdagen. Du vil få hjelp av sjukepleiarane og pleiepersonal til å komma deg inn og ut av seng den første tida dersom du har behov for det. Aktivitetsnivået aukast i samarbeid med fysioterapeutane. Du brukar dine eigne klede.

Smertestillande behandling 

Området rundt kneet er særskilt rikt på nervevev. Kneprotesekirurgi vil difor vera forbunde med smerte dersom ein ikkje gir tilstrekkeleg smertestillande behandling.  
 
Vi har eit omfattande smertebehandlingsprogram som gir den nødvendige smertelindringa. Opplegget byggjer på ein basisbehandling som består av smerteplaster, smertelindrande og betennelsesdempande medikament. Nokre vil ha behov for ytterligare smertebehandling.    
 
For å måla effekten av den smertebehandlinga du får, brukar vi ein såkalla analog smerteskala (VAS-skala). Denne går fra 0 til 10 og gir oss et mål på ditt behov for evt. ekstra smertemedisinerig.   
 
Behovet for smertestillende medikament er størst dei første dagane etter operasjonen. Det er viktig at du gir beskjed dersom smertene går ut over søvn, avspenning og trening, slik at du kan få meir smertestillande.

Biverknadar

​Sterke smertelindrande medikament kan ha biverknadar i form av kvalme, forstoppelse og svimmelheit. Slike biverknadar vil du få behandling for. På grunn av moglege biverknadar kan det være riktig å akseptere ein viss grad av smerte, så lenge dette er akseptabelt og ikkje hindrar deg i opptreninga og aktivitet.​

Store ortopediske inngrep vil vera forbunde med smerte dersom ein ikkje gir tilstrekkeleg smertestillande behandling.

Vi har eit omfattande smertebehandlingsprogram som gir den nødvendige smertelindringa.

Opplegget byggjer på ein basisbehandling som består av smertelindrande og betennelsesdempande medikament. Nokre vil ha behov for ytterligare smertebehandling. Medisinane vil ikkje ta vekk all smerte, men er meint til å halde det på eit nivå der du har et bra (blå/grøn sone på skalaen under). Det er ikkje farleg å ha sårsmerter og det betyr ikkje at noko er gale.

For å få best mogleg smertebehandling, er det viktig at du er åpen og ærleg om evt tidlegare forbruk av smertelindrande medikament. Det oppgir du ved samtale med lege på poliklinikken, eller når du kjem til avdelinga. Då er det lettare for oss å tilpasse behandlinga optimalt.

Det er og viktig å tenkje på at sosiale forhold (samlivsbrot, tap av arbeid, kven bur pasienten med, pågåande belastningar relatert til anna enn ortopediske problem, kulturell bakgrunn), psykiske forhold (angst/depresjon, tap i nær relasjon, alvorlig sjukdom i nær relasjon, motivasjon, opplevelse av tap av kontroll, smertefokusering), og fysiske forhold (som fysisk aktiviet, sjukehistorie), kan ha noko å seie for både det postoperative forløpet og smertebehandlinga.

For å måla effekten av den smertebehandlinga du får, brukar vi ein analog smerteskala (sjå bilete under). Denne går fra 0 til 10 og gir oss et mål på ditt behov for smertestillande medikament. Her står det og litt forklaring på tala, slik at du kan lettare setje tall på smerten du opplever. Når vi spør deg om kor sterke smerter du har på ein skala frå null til ti så er det denne skalaen vi meiner.

Bord
Smerteskala: Vurdering av smerter.

Behovet for smertestillende medikament er størst dei første dagane etter operasjonen. Det er viktig at du gir beskjed dersom smertene går ut over søvn, avspenning og trening, slik at du kan få meir smertestillande.

Denne videoen er laget av Nasjonal Kompetansetjeneste for Albuekirurgi i samarbeid med Hellevik Studio.

 

​På operasjonsdagen vert du mobilisert opp med preikestol av pleiepersonalet. Ein fysioterapeut vil trene med deg hver dag f.o.m 1. dag etter operasjon, gjennomgang av øvingar, gangtrening med preikestol og krykkjer, kontrollerar korrekt avlastning på badevekt og trappetrening.    
 
1. - 2. dagen etter operasjon: Du skal ligge med knet mest mogleg utstrekt. Beveg begge anklane aktivt opp og ned, og strekk aktivt ut i kneet. Forsøk å løfte beinet strakt opp.  
 
3. dagen, fram til avreise: Den polstra bandasjen tas vekk 3. dagen og du får på støttestrømpe og kuldebandasje. Fysioterapeuten kjem for å trene med deg. Du skal gå fleire turar på eigahand på avdelinga.  

Tidspunktet for heimreise vert bestemt i fellesskap av lege, fysioterapeut og sjukepleiar. Ved heimreise forventar me at: 
  • Du er godt smertelindra. 
  • Operasjonssåret er tørt. 
  • Du skal ha stødig gange med to krykkjer i trapp. 
  • Du har tilstrekkjeleg funksjon i kneet.  

​Sjukemelding 

Dei fleste blir sjukemeldt i ca. 3 mnd. Dersom du har ein jobb som er belastande for kneet, eller dersom du har særskilte problem etter operasjonen, kan det bli behov for ei  lengre sjukemelding. Du får med deg sjukemelding for dei 2 fyrste mnd. Eventuelt kan du få ein gradert sjukemelding slik at du kan vera delvis i jobb.  Deretter avtalar du vidare sjukemelding med fastlegen din. 

Tr​ansport 

​Transport heim nå du ordne sjølv. Det er ein fordel for deg å bli henta, ellers er det offentleg transport som må brukast. Drosje vert kun brukt i særskilte tilfelle. Ein vanleg kneoperasjon er ikkje grunn nok til å få innvilga drosje. Pasientreiser kan vera behjelpelege med å organisere transporten.

Stinga/agraffane fjernast etter 3 veker på legekontoret. Etter dette er det viktig å sjå etter at operasjonssåret gror godt 
 
Det er fleire ting du skal vera oppmerksam på etter operasjonen: 
  • Sivning/tømning i såret  
  • Aukande hevelse, raudme og varme ( Det er normalt å være hoven i leggen en god stund etter inngrepet. Bruk støttestrømper så lenge det er hovent – ved usikkerhet, ta kontakt med fysioterapeut på Lærdal sjukehus 57640000) 
  • Aukande store smerter og funksjonssvikt  
  • Uforklarleg nedsett almentilstand med feber 
Dersom du merkar noko av dette må du umiddelbart ta kontakt med din pasientbehandlande lege. Telefonnummer finn du på slutten av epikrisen. 
 
"Blåmerke" i huda på det opererte beinet er normalt. Desse kjem av at blodansamling i beinet etter operasjonen blir tatt opp av kroppens lymfesystem og transportert ut i huda.  

Plasterskifte 

Ved heimreise er operasjonssåret dekka med eit vanntett plaster. Dersom plasteret ikkje lenger er tett, skal det skiftast. Når metallklipsa er fjerna, 18 dagar etter operasjonen, treng du vanlegvis ikkje plaster.  

Medikament 

Du skal dagleg ta blodproppførebyggande medikament, til alt er brukt opp. Det er viktig at ikkje smerter hindrar vidare trening og betring av funksjon. Du bør bruke smertestillande medikament til du er komen godt i gang med fysioterapi i heimkommuna. Du kan evt. drøfte bruk av smertestillande med fysioterapeuten. 

Stressbelastning 

Ein aksekorreksjon innebærer stressbelastning for kroppen. Du har fått sterke medikamenter og mista blod.  
 
Det er difor naturlig at du kan føla deg uopplagt, trøtt og sliten den første tida etter operasjonen. Du skal difor ete sunn og proteinrik kost, og få i deg nok drikke.  

​6 veker etter operasjon

Klinisk kontroll hjå fysioterapeut, med røntgen for å sjå at det har grodd godt. Du får deretter klarsignal for å evt byrje å belaste beinet meir, og det er da viktig med oppstart hjå fysioterapeut. Ny kontroll 3 månadar etter operasjon, eventuelt også 6 månadar etter operasjon.

Vanlegvis er det ikkje trong for fysioterapi i perioden fram til fyrste kontroll 6 veker etter operasjon. Ved denne kontrollen tas det røntgen for å se om det har blitt danna nytt beinvev i «bruddspalta». Du får deretter klarsignal til å gradvis byrje å belaste beinet meir, og det er da viktig å starte opp med fysioterapi.   
 
Det er svært viktig at du får strekt godt ut i kneet og får god kontroll over muskulaturen på framsida av låret. Du kan kun løfte leggen si vekt. Dvs. at du ikkje skal gjere øvingar der ein legg motstand på leggen. Du blir instruert av fysioterapeut på avdelinga i øvingar som skal utførast 10x3, minst 5 gonger dagleg dei fyrste 6 vekene.

Bøy og strekk i fotbl​adet

  1. ​Stramme lårmuskulaturen 
    Sit med strake bein langs underlaget. Press knehasa ned mot underlag, stram kneskjellet, hold 1 - 2- 3 og slepp. Se til at du strammar framsida av låret. Stram og slipp raskt.
    Illustrasjon av ein person som sit med strake bein
  2. Strake beinløft
    Ligg på ryggen, eller sitt halvveis opp og støtt deg med armene. Strekk kneet helt ut, trekk fotbladet til deg, og løft strakt bein opp frå underlaget.
    Illustrasjon av ein person som ligg på golvet og løftar eitt bein
  3. Etter kvart: Sittande knefleksjon og knestrekk
    Sit på ein høg stol/benk. Trekk leggen roleg inn under deg, deretter strekk beinet ut.
    Illustrasjon av ei kvinne som sit på ein stol og bøyer kneet.Illustrasjon av ei kvinne som sit på ein stol og løftar eitt bein

Gangtr​ening 

Selv om du skal avlaste beinet, er det viktig at du jobber med å ha normal fotavvikling når du går. Dette blant annet for å unngå tilstivning av ankelen, samt for å bevare best mogleg gangfunksjon. ​

Når kan eg køyre bil?

Bilkøyring bør unngås fram til du kan fullbelaste beinet.

Vær oppmerksam på at sterke smertestillande tablettar er merka med ein rød trekant på pakningen. Slike medikament har innvirkning på din evne til å køyra bil.  

Kan eg bade, sole meg og gå i badstu?

Bading i sjø eller badekar bør venta endå ein veke på grunn av faren for oppmjuking av arrvevet. 

Nydanna arrvev manglar naturlig feitt og er derfor ømfintlig overfor mekanisk belastning og sol. Dekk derfor til arret med et plaster e.l. når du solar deg. Dei første vekene etter operasjonen er kneet fortsatt irritabelt. I denne fasen er det best å kjøle med is.  Seinare, etter 6-8 uker vil varme, også i form av badstu, kunne ha en gunstig virkning.  

Sist oppdatert 10.04.2024