Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Røntgen av en persons ben

Artrose

Artrose kan gjere ledda stive og smertefulle. Hverdagslege gjeremål, som å reise seg frå stolen eller knyte skolissene, kan verte vanskelege. Sjølv om vi ikkje har nokon kur for artrose, fins det behandling som kan lette artroseplagane og gjere det lettare å bevege seg.

Kva er artrose (slitasjegikt)?

Glideflatene i kneet (leddflatene) består av leddbrusk. Leddbrusken er svært glatt og elastisk og dekkjer overflatene på beinet som dannar leddet. 
 
Kneleddet består av nedre del av lårbeinet, øvre del av skinnebeinet og kneskåla. 
 
Som ung er leddbrusken i kneet opptil 8 mm tjukk. Etter kvart som du blir eldre, vert leddbrusken slitt. Det er viktig å vite at leddbrusken ikkje er i stand til å reparere seg sjølv. Når brusken er slitt kan det ikkje danna seg ny brusk i leddet. "Tennene skal vare heile livet", seiast det. Dette gjeld på same måte for leddbrusken. 
 
Når brusken er nedslitt snakkar vi om slitasjegikt eller artrose. 
 
Dei nedslitte leddflatene skaper kraftig irritasjon i leddet. Dette fører til smerte og hevelse. Hevelsen skuldast at det irriterte kneleddet danner meir leddvæske enn normalt.  Etter kvart som artrosen auker, kan sjølve leddet forandra seg. Det dannar seg beinpåleiringar og forkalkningar, ein kan bli hjulbeint eller kalvbeint. Slitasjen må ikkje nødvendigvis omfatta heile kneet. Ofte vil berre delar av leddet utvikla slike forandringar.
Et nærbilde av baksiden av en kvinnes kropp
Hjulbeintheit ved slitasje kun på kneet si innside
En tegning av en persons torso
Slitasje i heile kneet

Kan artrose ​​gå over?

​Artrose, eller slitasjegikt er ei kronisk liding. Slitasjen vil auke over tid. Typisk for slitasjegikt kan vera at gode og dårlige perioder avløyser kvarandre. Symptoma let seg ogs påverke av værskifte, temperatur og aktivitetsnivå. Frå de første symptoma oppstår til behovet for kirurgisk behandling er til stades, kan det gå kort tid, evt. berre få månader. Meir typisk er ei utvikling over lang tid, opptil fleire tiår. ​

Kva er år​​saka til artrosen?

​​Artrosen kan ha fleire årsaker.  
 
Brusken si samansetning er ikkje lik hjå alle. Hjå nokon av oss er leddbrusken mindre belastbar og dermed mindre slitesterk. Denne eigenskapen er ofte arveleg betinga. Vanlegvis vil ikkje bruk og belastning medføre auka slitasje. Dette er noko kneet er konstruert for å tåle.  
 
Ein del aktivitetar utgjer alikevel ei påkjenning for kneet. Vi snakkar her om særlig tungt arbeid, arbeid i kneståande, aktivitetar som inneber slag og støtbelastning mot leddflatene.  
 
Dei fleste typar skade som rammar kneet vil kunne medføre slitasje. Dette gjeld beinbrudd som omfattar leddflatene, men og skader på leddband og meniskar. Kroniske betennelsestilstandar i kneet (revmatisk sjukdom) bryt ned leddbrusken og fører til slitasjegikt. 

​​Beh​​andlingar

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 10.04.2024