Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Autisme hos barn

Autisme er ei alvorleg og omfattande funksjonshemming som vanlegvis opptrer før barnet er tre år. Variasjonen innanfor autismespektertilstandar er stor og symptoma kan opptre ulikt.

Symptom

Dersom barnet ditt har barneautisme vil du antakeleg sjå teikn til diagnosen i alderen 18 månader til 2 år, eller enda tidlegare. Du kan kanskje legge merke til at barnet ditt:

  • Ikkje reagerer når du roper på han/henne sjølv om han/ho ser ut til å høyre lydar
  • Verkar å vere «i si eiga verd»
  • Ikkje møter blikket ditt, ikkje smiler til deg eller ikkje legg merke til at du forlèt eller kjem inn i rommet
  • Føretrekker å leike aleine og kan leike med gjenstandar på ein uvanleg og kanskje repeterande måte
  • Kan ha raserianfall oftare enn andre
  • Har ei forseinka språkutvikling, eller stoppar og eventuelt går tilbake i språkutviklinga
  • Er meir sensitiv for endringar rundt seg enn andre barn

Hos barn med lettare autismespektertilstandar kan vanskane bli tydelegare etter kvart som krava til samspel og kommunikasjon aukar med alderen.

Om behandlinga

Autisme er ein livslang tilstand som har betre prognose jo tidlegare barnet får diagnosen og følgande tilrettelagt oppfølging.

Autismediagnose skal stillast i spesialisthelsetenesta. Diagnostiseringa følger ein fast prosedyre som er utvikla og kvalitetssikra til formålet. Dette inneber systematiske observasjonar og utviklingshistorikk. Det finst ikkje blodprøver eller andre medisinske testar som kan påvise autisme. Det er legar og/eller psykologar med tilstrekkeleg kompetanse på fagfeltet som kan stille diagnosen.

Det finst ikkje nokon legemiddel som hjelper mot autisme. Tidleg tilrettelegging og kunnskap om autisme hos dei som skal vere saman med barnet er viktig. Det er også utvikla fleire intensive behandlingsmetodar som kan styrke den sosiale og språklege funksjonen til barn og unge med autisme.

Det blir forska på andre typar behandlingar som for eksempel spesielle diettar. Det finst ingen dokumentert effekt av desse så langt.

Tilvising og vurdering

Fastlegen til barnet er den som kan tilvise til diagnostisering og oppfølging i spesialisthelsetenesta.

Utgreiing

Barnet bør førebuast på kva som vil skje når det gjeld sjukehuset for utgreiing. Informasjonen må vere tilpassa alderen og funksjonsnivået til barnet.

Vanlegvis blir føresette innkalla til samtale utan barnet den første dagen av utgreiinga. Ved behov kan føresette drøfte korleis barnet best kan førebuast på det som møter barnet når det gjeld utgreiing dei følgande dagane.

Behandling

Utgreiing og diagnostisering av autisme skjer oftast poliklinisk. Føresette vil få eit program med tidspunkt dei skal møte med og utan barnet på poliklinikken. Delar av utgreiinga skjer ofte i det vante miljøet til barnet, for eksempel i barnehagen. Dette vil det eventuelt informerast om i forkant.

Dersom det ikkje er gjort ei barnepsykiatrisk undersøking tidlegare vil barnet få det hos oss på poliklinikken. Denne legeundersøkinga krev ingen førebuingar. Det blir ikkje tatt blodprøver eller andre ting som kan vere ubehagelege eller smertefulle. Om det trengst blodprøver eller liknande vil det bli sendt rekvisisjon på det i etterkant.

Observasjonar, samhandling og samtalar med barnet skjer i eit eige rom på poliklinikken som er utforma til nettopp dette. Barnet vil få oppgåver som vanlegvis ikkje blir oppfatta som vanskelege, og kan minne om både leik og skoleoppgåver. Føresette er alltid med inn i utgreiingsrommet saman med dei minste barna. Denne delen av undersøkinga tar vanlegvis éin time.

Behandling og oppfølging varierer ut frå behovet til barnet. Spesialisthelsetenesta kan gi direkte behandling og rettleiing til barn og føresette. Spesialisthelsetenesta skal også hjelpe dei lokale hjelpetenestene rundt barnet med rettleiing og opplæring slik at dei blir kompetente til å gi den hjelp og støtte barnet har behov for.

Førskolebarn med diagnosen barneautisme blir følgt opp frå spesialisthelsetenesta i heile barnehagetida og i tida rundt skolestart om det er behov for det. Spesialistar på sitt felt rettleier for eksempel barnehage, PPT og andre som skal hjelpe barnet lokalt.

Behovet for oppfølging frå spesialisthelsetenesta varierer mykje. I nokre situasjonar har barnet/familien og hjelparane rundt barnet behov for nokre få rettleiingstimar for å få hjelp til konkrete problemstillingar knytte til autismetilstanden. I andre tilfelle kan hjelpebehovet strekke seg over månader og år.

Oppfølging

Føresette har rett på god informasjon om diagnosen barnet får. Den som stiller diagnosen er ansvarleg for å gi tilstrekkeleg informasjon om diagnosen både til barnet, tilpassa alder, og til dei pårørande.

Etter avtale med føresette er det også vanleg at den som stiller diagnosen i samarbeid med dei føresette gir informasjon om diagnose og eventuelt behov for oppfølging og behandling til fastlegen til barnet, lokal BUP, PPT, barnehage/skole og andre fagpersonar som skal vere med å sørge for god tilrettelegging rundt barnet i nærmiljøet.

Når barnet er godt nok varetatt i nærmiljøet skal spesialisthelsetenesta avslutte behandling og oppfølging, og vidare oppfølging skjer hos fastlegen.

Avslutninga skal alltid skje skriftleg med ei samanfattande epikrise som blir send til føresette og tilvisar (vanlegvis fastlege). Dersom det oppstår nye problemstillingar som krev hjelp frå spesialisthelsetenesta blir barnet tilvist på vanleg måte.

Sist faglig oppdatert 22.01.2024

Kontakt

  • Kontakt Førde BUP

    Oppmøtestad

    Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.

    Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.

    Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.

    En stor bygning med en plen foran

    Førde sentralsjukehus

    Svanehaugvegen 2

    6812 Førde

    Transport

    Buss

    Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

    Flybuss

    Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

     

    Praktisk informasjon

    Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

    ​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

    På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

    Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

    Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

    ​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

    Les meir om eigendelar på helsenorge.no

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

    ​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

    Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

    Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

    ​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

    Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
    I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

    Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

    Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

    ​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

    Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

    Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

    Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

    Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

    Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

    Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
    Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

     

    ​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

    Pasienthotellet har 36 senger fordelt på 10 enkeltrom og 13 dobbeltrom.

    ​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

    Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

    Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

    Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

    Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

    Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

    Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
    3. Les nøye gjennom vilkåra.
    4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
     

    • Akuttmedisin:
      Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
    • Barneavdeling:
      Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
    • Kirurgisk:
      Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
    • Kreft:
      Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
    • Kvinneklinikken:
      Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
    • Medisinsk:
      Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
    • Nevrologisk:
      Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
    • Ortopedisk:
      13.30-16.00 og 17.30-19.30.
  • Kontakt Sogndal BUP
    Indre Sogn psykiatrisenter Rutlin ein fin haustdag

    Indre Sogn psykiatrisenter

    Dalavegen 29

    6856 Sogndal

    Transport

    Buss

    Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

    ​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

    Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
    I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

    Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

    Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

    ​Visittider sengepostane: Etter avtale.

  • Kontakt Nordfjord BUP

    Oppmøtestad

    Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

    Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

    Transport

    Buss

    Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.