Diagnose

Blærekreft

Blærekreft er ein eller fleire svulstar som veks ut frå urinblæras indre overflate. Blærekreft er den fjerde vanlegaste kreftforma blant norske menn. Tal på tilfelle av blærekreft er aukande blant kvinner. Dei som røyker er spesielt utsett. Blærekreft behandlast hovedsakleg med operasjon.

Blærekreft er en eller flere svulster som vokser ut fra urinblærens indre overflate. Røyking er med høy sannsynlighet den viktigste risikofaktoren for å få blærekreft.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organisering av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstid. 


Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.



Utgreiing

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Kva undersøkingar som blir gjort variera, men mange blir undersøkt med eit tynt røyr, eit skop, som blir ført inn gjennom urinrøyret og opp i urinblæra kor det også blir tatt ei lita vevsprøve. Vi tar også ofte blodprøvar og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga av deg.

Når resultata frå undersøkingane og prøvane er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi avgjer diagnose. Dersom du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.


Dei vanlegaste undersøkingsmetodane ved mistanke om blærekreft er:





​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​





Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi nå kva for behandling som er best for deg. Avgjerda om din behandling tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Du har rett til å vere med å bestemme og vi avgjer saman med deg. Dette kallast samval. Om det finnast fleir moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg.
 
Her er tre spørsmål du kan stille oss:
  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokon av desse?

 

For pasientar med blærekreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling aleine eller i kombinasjon.
 
Den kirurgiske behandlinga av blærekreft kan delast i to grupper:
  • Ved overflatisk kreft prøver vi å bevare blæra og kunn fjerne svulsten (TURB). 
  • Der kreftsvulsten har vekse inn i blæremuskulatur eller djupare (muskelinfiltrerande svulstar) vil vi som oftast måtte fjerne blæra (cystektomi).
Overflatisk blærekreftsvulstar 
Kan kurerast ved operasjon gjennom urinrøyret (TURB). Blærefunksjonen vil vere normal etterpå. Desse svulstane har ein tendens til å kome tilbake. Man må derfor kontrollerast i mange år med cystoskopi og eventuelt celleundersøking av urinen. Kontrollane bli vanlegvis gjort poliklinisk med lokalbedøving.
 

Dei aller fleste pasientar med overflatiske blærekreftsvulstar er ferdig behandla etter TURB.
 
For å redusera faren for nye svulstar, blir urinblæra skylt med cellegift (Mitomycin) eller immunologiske medisinar (BCG) som redusera hyppigheten av tilbakefall.
 

Pasientar med muskelinfiltrerande blærekreft blir som oftast behandla med fjerning av blæra (cystektomi).  Operasjonen kan gjerast med open teknikk eller som robotassistert operasjon. Enkelte pasientar vi få cellegift i forkant av operasjon. Dette vurderast av urolog, kreftlege og røntgenlege i fellesskap.

Anna behandling

Strålebehandling aleine har ikkje stor plass i behandling av blærekreft, men har så avgjort ein plass i kombinasjonsbehandlinga av utbredt (avansert) blærekreft og i lindrande behandling. 

Lindrande behandling

Ved langt komen kreft kor sjukdom ikkje kan kurerast finnast det nå ein rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebuing og symptomlindring. Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.





 

 

Oppfølging

Behandling og oppfølging av pasientar behandla for blærekreft delast i to hovudgrupper:

  • Ikkje muskelinfiltrerande 
  • Muskelinfiltrerande
Det er forskjell i kontrollopplegg også innan hovudgruppene ut frå kreftens potensiale for progresjon og tilbakefall, samt behandlinga som er gitt.

  • 3  og 9 månadar etter behandling: kontroll med cystoskopi. 
  • Etter dette, årleg kontroll i 5 - 10 år med cystoskopi. Kontrollar ved høg alder, redusert allmenntilstand eller pasientar utan risikofaktorar (for eksempel røyking) kan vurderast avslutta etter 5 år. Ved tilbakefall startar kontrollane på nytt.

  • Dei fleste pasientane i denne gruppa behandlast med installasjonar i blæra av BCG eller Mitomycin  etter faste protokollar (kvar 3 månad i 1-3 år) for å redusere faren for tilbakefall. Medikamenta blir satt i blæra via eit kateter.
  • Pasientar som ikkje tolererer desse medikamenta følges med cystoskopi kvar 3 månad i 2 år, kvar 4 månad i 1-2 år og kvar 6 månad fram til 5 år. Deretter årleg undersøking.
  • Kvart 2 år: røntgenundersøking av øvre urinvegar.

  • 3 månadar: blodprøvar og røntgen-undersøking
  • Halvårleg kontrollar fram til 5 år etter operasjonen. Kontrollar med blodprøvar, røntgen og eventuelt cystoskopi ved blæresubstitutt.
  • Individuell oppfølging vurderast utover 5 år.

Kontroll hos urolog:
  • Cystoskopi: kvar 3 månad i 2 år , deretter kvar 6 månad i 3 år.
Kontroll kreftlege:
  • Kvar 6 månad i 3 år, deretter kvart år i 2 år.  Kontroller med CT-undersøking og blodprøvar.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere ein hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkte rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og starten av behandlinga. Måler er å kunne fungera og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet. 












Kontakt

Førde sentralsjukehus Kreftavdelinga

Kontakt Kreftavdelinga
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.