Når du kjem til BUP første gang startar vi alltid med ei utgreiing. Den er vanlegvis ferdig innan seks veker frå oppstart, eller seinast innen tolv veker frå oppstart. Utgreiinga består av ulike kartleggingar med barnet eller ungdomen og foreldre/føresette. Det blir som regel samla informasjon ved bruk av klinisk og diagnostisk intervju, observasjon og spørjeskjema. Det er viktig at opplysningar kjem fram tidleg om utvikling, oppvekst og familieliv, samt korleis barnet eller ungdomen fungerer i barnehage eller skule.
For å avklare graden av alvor i ein eventuell depressiv tilstand, vil ein på BUP vere oppteken av å kartlegge endringar i matlyst, søvnmønster og energinivå hos barnet eller ungdomen. Typiske spørsmål som vil bli stilt handlar om regulering av kjensler, overdriven skuldkjensle, oppleving av å vere verdilaus, konsentrasjonsvanskar og vanskar med å ta avgjersle. Ved depresjon vil angstsymptom ofte opptre samtidig og dermed er det vanleg at det gjerast vurdering av begge tilstandane.
Det vil også bli kartlagt om barnet eller ungdomen har vore utsett for skremmande opplevingar som framleis plagar dei. Det blir også kartlagt kva for sterke sider barnet eller ungdomen har, eller som finst i familien og nettverket rundt.
Det er vanleg å kartlegge sjølvmordsrisiko hos eldre barn og ungdomar. BUP følgjer då tilrådingar frå Nasjonale retningslinjer for forebygging av selvmord i psykisk helsevern (pdf).
Det vil bli vurdert om testing skal gjennomførast. Det vanlegaste er å gjere evnetesting. Nokre gongar blir det gjort andre testar for å undersøke vanskar med konsentrasjon og merksemd, språk, minne, psykomotorisk utvikling, finmotorikk med meir. Behandling blir sett i gong så snart tilstanden er avklart.